Copy
Ungdomslagsnytt inneheld nyttig og viktig informasjon til lokallaga i Noregs Ungdomslag. Nyheitsbrevet er Noregs Ungdomslag sin primære informasjonskanal til lokallaga, og blir sendt til alle styremedlemmar i lokal- og fylkeslag, 8-10 gongar i året. E-postadressene er henta frå medlemssystemet Hypersys.

Påmelding Kven veit? 2015

Bli med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2015 er temaet Levande lokalkultur.  Påmeldingfrist er 10. jaunar. På heimesidene våre finn du påmeldingsskjema og meir om reglane for tevlinga. Så la no ikkje julesmult og lut øydelegge hjernekondisen fram til 1. runde, men kvess tevlingsklør og meld laget på. Gå til heimesida.

 

Faner i den frilynde ungdomsrørsla

Asbjørn Thomassen arbeidde i mange år med samle dokumentasjon om fanene til laga i den frilynde ungdomsrørsla. Dette har no blitt til ei praktbok med presentasjon av over 460 faner og fagartiklar. Her er ungdomslagsfaner frå nesten kvar einaste kommune i heile landet. Fanene viser visjonen i ungdomslaga og på landsplan. Det kan vere store ord, ord som peikar framover. Også faner i ungdomslag om ikkje er med i Noregs Ungdomslag er tatt med i dette rause gjennomillustrerte verket. Profesjonelle kunstnarar som Nikolai Astrup, Ole Ekornes d.e. og d.y., Bergslien-brørne og Louis Kvalstad er i godt selskap med dyktige husflidutøvarar og lokalt og regionalt kjente kunstnarar. Boka byr på ei kulturhistorie få eller ingen andre rørsler kan vise maken til. Det er også eigne kapittel om fanetradisjonen, utvikling av bildespråket, kva fanene fortel, fanekunstnarar, faneord, lagsnamn, lagsregister og solide kjeldetilvisingar. Heilt klart noko å både gi bort og ønskje seg til jul. (NB! Posten kan diverre ikkje etter 16. desember garantere for at pakkar kjem fram til julekvelden)
Boka kostar kr 450.- (porto kjem i tillegg) 
og kan tingast her.

 
logo folkedansfestivalen

Kurs i folkedans- og barneinstruksjon

10. og 11. januar blir det instruktørkurs i folkedans på Sørmarka. Kurset er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og SAFFA.
Det blir halde to kurs, eitt for instruksjon av vaksne, og eitt for barneinstruksjon.

Les meir
NU logo
Har laget motteke pengegåver i 2014?

Privatpersonar som gir gåver til frivillige organisajonar kan få skattefrådrag for gåvebeløpet. Dette krev at laget melder inn til moderorganisasjonen kven som har gitt gåve, og kor mykje vedkomande har gitt.

Har laget ditt fått slike gåver  2014?
Då må de melde frå om dette til NU innan
10. januar 2015 på 

post@ungdomslag.no

Frifondmidlar 2014
/ momskompensasjon
 

Frifondmidlane for 2014 er no tildelt lokallaga. Tilsaman kr 1 734 773 er fordelt på 135 lag, og på våre heimesider finn du eit oversyn over dei laga som har søkt om og fått tildelt midlar. Les meir

Momskompensasjon blir i desse dager utbetalt til fylkeslag og lokallag. Tilsaman vert
kr 2 999 423 tilbakebetalt.

Både tilsagnsbrev for frifond og momskompensasjon blir snarleg sendt ut.

Lokallag-besøk

Vi legg ut på tur og til neste år. 
Følgjande fylke skal besøkast i 2015:

• Aust-Agder

• Buskerud

• Nord-Trøndelag

• Rogaland

• Sogn og Fjordane

Denne eposten går til styremedlemmar som er registrert med epost i Hypersys. Sjekk gjerne om adresseopplysningane i Hypersys er korrekt: ungdomslag.hypersys.no. 
Copyright © |2014| |Noregs Ungdomslag| 
www.ungdomslag.no