Copy
Ã…rsrapportering 2015
View this email in your browser

Ã…rsrapportering 2015

Laga i Noregs Ungdomslag skal kvart Ã¥r innan 1.mars levere Ã¥rsrapport med stadfesta medlemslister for det foregÃ¥ande Ã¥ret. Dette skjer gjennom medlemssystemet Hypersys. 

Medlemstala i årsrapportane blir lagt til grunn for utmålinga av ein del av statstilskotet til Noregs Ungdomslag, og for utmåling av Frifondpotten som blir fordelt mellom lokallaga. Alle lag må ha levert årsrapport for å kunne få tildelt frifondmidlar og for å søkje om momskompensasjon gjennom Noregs Ungdomslag. Merk at laga enkelt og kan søkje momskompensasjon ved avlevering av årsrapport.

Eit tips til slutt: hugs Ã¥ ha medlemslista oppdatert og styret for 2015 ligg inne før de startar leveringa. Og ikkje gløym Ã¥ oppdatere opplysningane om styret etter Ã¥rsmøtet 2016.

Les meir og lever årsrapport for 2015
LANDSMØTET: KURS I SØKNADSSKRIVING
Treng du tips og råd til korleis du kan skrive ein god søknad? Det finst mange tilskotsordnignar som er opne for ungdomslaga, og sender vi frå oss gode søknader er sjansen større for å faktisk få innvilga desse. Dette blir eit praktisk kurs som du forhåpentlegvis får valuta for når du kjem heim til laget. Ope og for dei som ikkje deltek på Landsmøtet.
LANDSMØTET: SEMINAR OM SONGDANSEN I NU
Noregs Ungdomslag har stolte tradisjonar knytta til songdans og er i dag nær sagt den einaste aktøren som arbeider med denne danseformen. Den siste tida har det vore ein del diskusjonar rundt songdansen si framtid og Noregs Ungdomslag si rolle i samband med dette. Me vil med dette invitera inn til seminar og ordskifte om songdansen i Noreg og drøfta kva rolle Noregs Ungdomslag kan ta i eit slikt arbeid. Ope og for dei som ikkje deltek pÃ¥ Landsmøtet.
Les meir om seminarprogrammet under Landsmøtet 2016
SØK MUSIKKUTSTYRORDNINGEN
Musikkutstyrsordningen er den nasjonale tilskuddsordninga for teknisk utstyr, akustikk og lokaler. Den har mellom anna som formÃ¥l Ã¥ sikre tilgang til gode øvingslokaler over heile landet. 
Les meir om musikkutstyrordningen (søknadsfrist 1. mars)
VERTSKAP FOR SOMMARLEIREN 2017?
Vil de at sommarleiren skal vere i ditt område neste gong? NU treng arrangør til 2017, og ber fylkeslag/lokallag om å søke om å vere lokalt vertskap. Frist. 1. mars.
 2016 Noregs Ungdomslag,