Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 10 - 2020

Denne gongen kan du m.a. lese om EU-planar for dyrevelferdsmerking, EU-landbruket og globale miljømål, EUs miljøsjef om korona og landbruk, og kva færre og større globale meieriselskap betyr for bonden.
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgjevar i Norges Bondelag

EU-initiativ for dyrevelferdsmerking
Egg, mjølk og ferskt kjøt kan få dyrevelferdsmerking, ifølgje svenske ATL. EUs plattform for dyrevelferd skal opprette ei gruppe som skal sjå på føresetningane for dyrevelferdsmerking av egg, mjølk, ferskt kjøt og foredla fisk. Initiativet kjem frå EU-kommisjon og er del av oppfølgjinga av den nyleg framlagde jord til bord-strategien. Det finst allereie frivillig dyrevelferdsmerking i Nederland og Danmark på kjøt. Plattformen som skal utarbeide merkinga samlar offentlege styresmakter, bransjeorganisasjonar, dyrevelferdsorganisasjonar og frittståande ekspertar.
 
EU-komite for kontroll av dyrevelferd i transport
EU-parlamentet stemte 19.juni for å opprette ein komité som skal gjennomgå påstandar om brot på dyrevelferd under transport. Komiteen vil ha 30 medlemmer frå Parlamentet. Dei vil sjå på moglege brot på dyrevelferdsreglane både innanfor og utanfor EU. Komiteen vil vurdere korleis reglane for dyrevelferd under transport blir følgt opp av medlemslanda. Plasskrav, tilgang på fôr og liggeplass, temperatur og ventilasjon vil bli gjennomgått. Rapport skal leverast om eitt år, ifølgje AgraFacts.
 
EUs landbrukssektor langt igjen til FNs miljømål
Eurostat la 22.juni fram ein rapport som konkluderer med at EU har hatt framgang siste fem åra på så å seie alle av FNs berekraftsmål. Størst er framgangen på fred, rettferd og sterke institusjonar, medan reduksjon i sosial ulikskap går sakte. Ifølgje rapporten er EU-landbruket blitt meir robust og berekraftig, men fleire negative miljøeffektar er forsterka. Arbeidsproduktiviteten er betra og offentleg investering i forsking og utvikling har auka. Økologisk produksjon har gått opp og risiko knytt til bruk av plantevernmiddel gått ned. Men fuglebestanden går ned i jordbruksområda og ammoniakk-utsleppa går opp. Matsikkerheiten er bra, ifølgje rapporten. Samla sett er det ingen eller liten framgang siste fem åra på EUs innsats for å nå miljødelen av EUs berekraftsmål. Framgangen på klima, energi og sirkulær økonomi har falle siste fem åra, ifølgje rapporten (AgraFacts 48-20). Men samtidig har leiaren for FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) nyleg skrytt av EUs Green Deal og seier den er eit viktig steg i retning meir berekraft.
 
EUs miljøsjef koplar industrilandbruket og korona
Ei av dei bakanforliggande årsakene til koronakrisa ligg i industrilandbruket. Det sa visepresident Frans Timmermans i EU-kommisjonen nyleg i møte med ei lita gruppe EU-parlamentsmedlemmer. Timmermans er hovudansvarleg for EUs miljøpolitikk. Han meiner skader påført naturen, der moderne jordbruk spelar ei viktig rolle, er ein av årsakene bak koronapandemien. Han sa også at EU må produsere meir mat i nærområdet, og at merking av matvarer vil hjelpe forbrukaren til å handle lokalt. Han meiner forbrukaren må overtalast til å betale meir for sunn mat. Timmermans ser for seg ei framtid der kjøtproduksjon ikkje er avhengig av dyrehald og fôr frå andre deler av verda ikkje kan bli sett på som berekraftig. Mange av tilhøyrande var ifølgje AgraFacts lite imponert.
 
Koalisjon for regional mattrygging
Landbruksministrane i Austerrike, Tyskland og Kroatia understrekar kor viktig regional produksjon av mat er for EUs mattrygging, sett i lys av koronakrisa. Koalisjonen inviterte til videomøte 23.juni der også EUs landbrukskommissær og leiaren for landbrukskomiteen i Parlamentet deltok, saman med fleire hundre andre. – Tida for regional matproduksjon er komen, sa landbruksministeren i Austerrike, Elisabeth Köstinger under møtet. Ho meinte mange forbrukarar har blitt merksame på behovet for sjølvforsyning under krisa, og at EU må bli mindre avhengig av import frå land utanfrå EU. Ho åtvara mot butikkhyller fylt med billig import. Den tyske landbruksministeren Julia Klökner sa koronakrisa har vist kor viktig trygg lokal produksjon er, og at regionane i EU må få stor plass i EUs mattryggingspolitikk. Den kroatiske ministeren påpeika også at korte verdikjeder er løysinga for å unngå lang transport av mat som bidreg til utslepp av drivhusgassar (AgraFacts 48-20).
 
Tøft år for EUs kveite- og rapsprodusentar
EU-bøndene ventar låge avlingar for kveite og raps og fall i inntektene. For korn samla er det venta avlingar omtrent på snittet for dei siste fem åra, med rundt 305 millionar tonn. Men for kveite er det venta eit produksjons fall på 11,5% grunna nedgang i areal på 3,5% og låge avlingar, ifølgje bondeorganisasjonen Copa-Cogeca. Haustsåinga var prega av sterkt regnfall. Venta inntektsnedgang skuldast i hovudsak ugunstige forhold under utplanting, tørke og insekt-invasjon. Produksjonen av oljevekstar er venta å falle under 30 millionar tonn i EU. Rapsarealet gjekk ned 4-5%. Årsakene var tørke i enkelte land og stort regnfall ved såing i haust, samt sjukdom på plantane.
 
Grilla i WTO om korona-tiltak
Både Australia, USA, EU, Canada, New Zealand og India var mellom landa som nyleg vart grilla i WTO for å ha innført ulike typar støtte i samband med koronakrisa. Dette skjedde i landbrukskomiteen i WTO, ifølgje Washington Trade Daily. WTO-medlemmer stilte spørsmålsteikn ved om tiltaka var lovlege. Australia vart skulda for å bruke ulovleg eksportstøtte på flytransport for landbruksprodukt. USA, EU og Canada vart skulda for å bruke ulovleg støtte til bøndene, medan India vart skulda for ulovleg støtte til forbrukarane. Australia spurte USA når dei ville melde inn for WTO den 19 mrd dollar store krisepakken til bøndene, og lurte på korleis dei 16 mrd dollarane i direkte støtte ville bli klassifisert. Også EU var kritisk til USAs krisepakke. USA meiner svara allereie ligg i forklaringa av pakken på nett. USA er som kjent kritisk til WTO. Denne veka fekk Representanthuset i USA stoppa eit forslag om å melde USA ut av WTO. Denne veka slapp også WTO tal for handelen som viste ein nedgang på 18,5% siste året. Historisk, men kunne vore verre, seier WTOs generaldirektør.
 
Trump truar med EU-toll
USA truar no med å innføre toll tilsvarande 3,1 mrd dollar. Bakgrunnen er dommen i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) der EU vart dømt for ulovleg subsidiering av flyprodusenten Airbus. Fransk ost, britisk gin, tysk øl og oliven kan bli ramma. Forslaget bli no lagt ut for høyring før endeleg liste blir vedteken. USA er skulda for liknande støtte til flyprodusenten Boeing. EU ventar på klarsignal frå WTO for å innføre straffetoll i denne saka, men har samtidig sagt dei ynskjer å forhandle fram ei løysing med USA (Washington Trade Daily).
 
Roundup-produsent betalar 10 mrd dollar
Roundup-produsent Bayer har gått med på å betale i overkant av 10 mrd dollar for å få lagt i ro titusenvis av søksmål om kreft frå bruk av ugrasmiddelet som inneheld glyfosat. Summen dekker rundt 96 000 saker og er mellom dei største forlika som er inngått i amerikanske sivile søksmål, ifølgje New York Times. Framleis er det 30 000 saksøkarar som ikkje har godteke forliket. Bayer hevdar framleis at det er trygt å bruke Roundup og aksepterer ikkje ansvar for krefttilfella. Bayer kritiserer også Austerrikes varsla forbod mot glyfosat, og meiner det hindrar fri flyt i EU, ifølgje AgraFacts.
 
Få, store meieri pressar små bønder og skapar overproduksjon
Færre og større selskap har teke kontroll over den globale meieriproduksjonen. Dette går ut over både lokalsamfunn og miljøet, ifølgje ein ny rapport frå Institute for Agriculture and Trade Policy (IATP). I rapporten Milking the planet framgår det at dei 13 største multinasjonale meieribedriftene auka mjølkeproduksjonen med 8% frå 2015 til 2017, noko som ga 11% auke i drivhusgassutsleppa. Ifølgje rapporten var store deler av denne auken ikkje på grunn av fleire kyr, men at større deler av produksjonen hamna på færre hender. Færre og mektigare kjøparar, kombinert med mindre etterspurnad og nedbygging av marknadsregulering har pressa prisane ned under kostpris, ifølgje rapporten. Fleire bønder utvidar produksjonen, noko som fører til overproduksjon, låge prisar og meir avhengigheit av eksportmarknader. USA har mist 93% av sine mjølkebønder sidan 1970, EU har mist 4 av 5 mjølkebønder mellom 1981 og 2013. For 20 år sidan kom mesteparten av mjølka i USA frå bruk med færre enn 150 kyr, no kjem mesteparten av mjølka frå bruk med 900 kyr eller meir, ifølgje rapporten. Etter at EU gjekk vekk frå mjølkekvotar i 2015 fall prisen med ein tredjedel (Food and Power).
 

 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2020 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp