Tema for NIFS-møtet er "Trygg digital kvardag i krisetider".
NSM og NorSIS vil fortelje om moglegheiter og utfordringar med auka bruk av digitale verktøy i arbeids- og skolekvardagen. Digitaliseringsdirektoratet vil fortelje korleis felleskomponentforvaltninga møter behovet for nye løysingar på tvers av forvaltninga.
Invitasjon er sendt til NIFS-medlemmane på e-post.
NIFS-møta er opne for alle offentleg tilsette. Ønsker di verksemd å bli med i NIFS, eller har andre spørsmål om NIFS, send ein e-post til infosikkerhet@digdir.no.
NIFS-møtet om øvingar er førebels flytta til hausten.
Nyttige lenker for å bevare ein trygg digital kvardag
Samarbeid mellom Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), Næringslivets sikkerhetsråd (NSR), Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) og
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKom):
Vi ønsker velkomen til vår nye kollega Elisabeth Aspaas Runsjø som hadde sin fyrste dag i seksjon for informasjonssikkerheit måndag 2. mars. Ho blei tidleg kjent med digitaliseringsaspektet i direktoratet, da ho allereie i si andre arbeidsveke vart sendt på digitalt heimekontor som følgje av korona-pandemien.
Elisabeth er nyutdanna jurist etter innlevert master i rettsvitskap hausten 2019. Gjennom studiet har ho hatt stor interesse for offentleg rett og informasjonssikkerheit og kan skilte med ei fagleg spesialisering innanfor personvern, sikkerheit og digital forvaltning. I masteroppgåva si undersøkte ho kva krav til informasjonssikkerheit den nye personvernforordninga stiller ved behandling av personopplysningar, med eit særleg blikk på risikovurderingar ved bruk av skytenester.
Vi er svært glade for at Elisabeth søkte seg til oss i Digitaliseringsdirektoratet og ser fram til å arbeide saman med ho.