Copy
Logo

Om du kjenner nokon som burde lese nyheitsbrevet, men som kanskje ikkje nyttar e-post i det daglige, så skriv det gjerne ut og lever det til dei.

Reguleringsarbeid og planar for massehandtering

I prosjektet Stad skipstunnel arbeider ein på fleire frontar. Kystverket, Stad kommune og Multiconsult arbeider med detaljreguleringar av tunnelopningane og områda rundt. Samtidig pågår det eit omfattande reguleringsarbeid i kommunane for å kunne utnytte steinmassane frå tunnelen best mogleg. Parallelt arbeider Kystverket med konkurransegrunnlaget for totalentreprisa.

Korleis skal områda rundt portalopningane sjå ut, og kva slags moglegheiter (hamner, friluftområder, næringsanlegg…) kan tunnelutbygginga gi i nærområda? Kystverket, Stad kommune og Multiconsult arbeider med landskapsplan og detaljregulering for tunnelportalane og næringsområde på Kjøde og i Lesto (Moldefjorden). Dette vil det bli orientert meir om i eit eige informasjonsmøte, sjå lenger ned.

Det er ei betydeleg mengde steinmasse som skal takast ut av tunnelen, opp mot seks millionar kubikkmeter sprengt fjell. Massane kan gi moglegheiter for regional næringsutvikling og bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i ein litt pressa region, samstundes som det kan auke samfunnsnytta til heile prosjektet. Dei tre kommunane i nærleiken av skipstunnelen (Vanylven, Stad og Kinn) er tydelege på at dei ønsker steinmassar til lokale næringsprosjekt (hamne- og moloutbygging, utviding av eksisterande næringsområde og utfylling til nye næringsområde), men dei treng meir tid for å planlegge og prosjektere tiltaka.

Tida kommunane bruker for å regulere og prioritere massetiltaka kan Kystverket samtidig bruke til å jobbe fram eit grundigare og betre kvalitetssikra konkurransegrunnlag for totalentreprisen. Ein håpar å kunne lyse ut konkurransen mot slutten av 2022, men på grunn av kompleksiteten i prosjektet, mellom anna med detaljplanlegging for massehandtering, kan det bli ei forskyving til starten av 2023.

Blåmyra skal levere design til skipstunnel-prosjektet

Etter ei anbodsrunde er Blåmyra vald ut som leverandør av grafiske tenester for prosjekt Stad skipstunnel. Blåmyra held til i Selje i Stad kommune.

– Blåmyra står fram som ein solid leverandør, som både har nyttig erfaring frå store regionale utviklingsprosjekt og samtidig har folk med lang fartstid frå byråverksemd i meir urbane strok, seier kommunikasjonsansvarleg i Stad skipstunnel Sveinung Nedregotten. Han er nøgd med å kunne velje ein lokal leverandør.

– Blåmyra var eit av fleire lokale designbyrå som peika seg positivt ut. Vi er opptekne av tunnelprosjektet skal skape synergiar i regionen, og er glade for å kunne velje ein lokal aktør, seier Nedregotten.

Blåmyra skal arbeide vidare med profilen til prosjektet og levere grafiske tjenester som kan vere med på å marknadsføre skipstunnelen.

Nyttig tur til Stadlandet – med kaffeprat på Kjøde

I starten av mai var prosjektgruppa for Stad skipstunnel på reise til Stad for å treffe interessentar for skipstunnelen.

– Det var ein nyttig og lærerik tur, både for å bli betre kjent internt i prosjektgruppa, men ikkje minst ved at vi kom "tettare på tunnelen", og fekk sjå kva den betyr for folk, næringsaktørar og lokale myndigheiter, seier prosjektleiar Terje Skjeppestad.

Uansett kvar prosjektgruppa kom, var det meiningar om den komande skipstunnelen.
– Mange er positive, og tenker på ringverknadane den kan ha for kommune og næringsliv, men det er også nokon som er negative. Dette tek vi på alvor, seier prosjektleiar Skjeppestad.

Traff innbyggjarane
Når vi er i området så prøver vi å invitere til ein "kaffeprat" med folka som bur i nærområdet slik at dei kan stille spørsmål og eventuelt få lufta sine meiningar om prosjektet. Slik også denne gongen, der vi møttest til kaffe på gamle Kjødeskule. Rundt førti innbyggarar møtte opp, dei fleste frå Kjøde, men der var også nokre fra Moldefjorden. Mange av spørsmåla handla om korleis tunnelopningane skal sjå ut og kva moglegheiter tunnelen gir i nærområdet rundt, i tillegg til spørsmål rundt støy, støv og potensiell flytting i anleggsperioden.

Les meir om NAIS
Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.