Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 24 byr på:

  • Fylkestreff for unge
  • Øving "varsling og samband"
  • Områdemøter Omsorg 2022
  • Hugs pålogging på Korsveien i løpet av sommaren
  • Startkurs webinar 21. juni
  • Protokoll frå Distriktsårsmøtet 2022
  • Gratulerer til Sogn og Fjordane Røde Kors med ni godkjente NGF-instruktørar
  • Instruktørkurs/pedagogikk i Hordaland
  • Familiedag på Kvarmsøy i Balestrand
  • Røde Kors i media: Gjorde alt feil og fekk hjelp av Røde Kors
  • Vekas frivillig: Anita Hjønnevåg
  • 11 nye aktivitetsønske, 1 nytt medlem i Diba

Fylkestreff for unge 9. til 11. september 

Velkomen til seinsommarens største høgdepunkt! 

Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane arrangerar ei kjekk og spennande helg på Nesholmen 9. til 11. september. Det er ope for alle frå 13 år og oppover. 

Fylkestreff er sjølvsagt fellesskap, opplevingar, moro og meistring. Det blir eit sosialt og spennande program med situasjonsøving med brannvesenet, sambandsopplæring òg førstehjelpsopplæring. Det blir katastrofesminking, capture the flag, bålpanne, vassaktivitet i kano og båt, bading, fotball og korleis lage spjelk. 

På kveldane er det bli-kjent-aktivitetar, NEONPARTY, kareoke, musikk, dans, film og brettspel. 
 

Påmelding, program og info finn ein her: Fylkestreff for unge - Røde Kors (rodekors.no) 

 

Om ein har spørsmål kan ein ta kontakt med Thor Erlend Mehammer på thor.mehammer@redcross.no eller 90682381 

 

På vegne av distriktsråd ung 

Thor Erlend Mehammer, tilretteleggar 

Øving "varsling og samband" 

20. og 21.september kl 18-21 blir det øving med tema varsling og samband. Øvinga er den same begge kveldane og det er lagt opp slik at de kan velge kva kveld de ynskjer å ta del, men de kan ta del begge kveldane om de ynskjer det.

Kven kan delta på øvinga? 

Lokalstyret ved leiar melder seg på øvinga til pal.andreas.dahl@redcross.no innan 15.september. Normalt vil lokalstyret trenge støtte frå hjelpekorpset under øvinga i høve bruken av varslingssystemet CIM og samband med VHF og Nødnett. Korpsleiinga bør difor engasjerast i planlegga av deltakinga, slik at nokon som kan desse systema er med lokalt. Utover medlemmer av lokalstyre og lokalråd kan aktivitetsleiarar og andre sentrale frivillige som vil ha nytte av å vite meir om varsling og samband delta.

Opplegg lokalt 

Vi tenker at de samlar dykk lokalt og loggar dykk på Teams kl 18.00 ein eller begge desse kveldande. Så blir de losa gjennom eit program og små øvingar saman med distriktsstyret. Hensikta er å sjekke ut eigen kapasitet og eigne moglegheiter på varsling og samband. Vi avsluttar med ei kort oppsummering og er ferdige til kl. 21.00.

Tanken er at øvinga blir informativ og konkret. Gjennom å oppleve varsling til eigen mobiltelefon, høyre og halde i ein “sambandsradio” vil det bli meir handfast kva desse to nøkkelfunksjonane kan gjere for oss i høve beredskap.  

Vel møtt til øving 20. og 21.september kl 18-21! 
 
Påmelding sendast innan 15.september og spørsmål kan rettast til pal.andreas.dahl@redcross.no 

Områdemøter Omsorg 2022 

Distriktsråd omsorg tykkjer det er svært viktig og nyttig å få møte dei lokale tillitsvalde i omsorg, og invitera difor til lokale områdemøter i Svelgen, Vadheim, Nordfjordeid, Førde og Sogndal. Her vil det vere høve til å bli betre kjent med kvarandre, dele erfaringar på tvers av lokalforeiningar og med distrikt, og få betre kjennskap til det som rørar seg på distriktsnivå.  

Det er ynskjeleg at tillitsvalde i lokalråd og ulike aktivitetsstyrer i omsorg i nærtliggande lokalforeiningar deltek på dei ulike områdemøta, slik at vi får møte flest mogleg i den flotte organisasjonen vår. Vi ynskjer òg lokalforeiningsleiar hjarteleg velkomen.  
 

Vi tar gjerne i mot innspel på tema! 

Ta kontakt med distriktsrådsleiar for omsorg Arne Dale på a.dale4@icloud.com eller 950 39 740 
 

Sjå meir her: Områdemøter 2022 - Omsorg - Sogn og Fjordane Røde Kors 

 

Områdemøter I 2022: 

  • Områdemøte i Vadheim 17. august 

  • Områdemøte på Eid 7. september 

  • Områdemøte i Førde 5. oktober 

  • Områdemøte i Sogndal 16. november 

 

Beste helsing 

Distriktsråd omsorg i Sogn og Fjordane Røde Kors 

Arne Dale, distriktsrådsleiar 

Hugs pålogging på Korsveien i løpet av sommaren 

Norges Røde Kors har Office 365-kontoar til alle frivillige. Etter 90 dagar utan pålogging eller aktivitet vil ein miste tilgangen sin. Då lyt ein logge på med bank-ID for å få tilgangen tilbake. Dersom ein loggar seg på minst ein gang i løpet av sommaren vil ein sikre tilgangen sin og ein vil sleppe bank-ID pålogging ein gang til.  

Meir informasjon finn ein her.  

For spørsmål knytt til pålogginga ta kontakt med Tom James (thomas.james@redcross.no

Startkurs webinar 21. juni 2022. 

Dei tre grunnkursa for nye frivillige - introduksjon til Røde Kors, grunnkurs førstehjelp og grunnkurs psykososial førstehjelp er no slått saman til eit startkurs. Med det går vi frå tolv til tre timar med obligatorisk opplæring for nye frivillige. 

Målet er at startkurset skal bidra til at frivillige kjem raskare og enklare ut i aktivitet. Startkurset skal motivere og engasjere nye frivillige og bidra til ein god start på reisa som frivillig. Samtidig skal det gi motivasjon og ønske om å lære meir om til dømes førstehjelp og psykososial førstehjelp. 

Start klokka 18.00. Varigheit tre timar inkludert 2 x 10 minutt pausar. Maks 12 deltakarar. 

Meld deg på her, eller ta kontakt med kurshalder direkte på jan.monsen@rodekors.org 

Protokoll frå Distriktsårmøtet  


Protokollen frå Distriktsårsmøtet 2022 er ferdig signet. 
Les protokollen her: 

2022 Protokoll frå distriktsårsmøte Sogn og Fjordane Røde Kros signert.pdf

For spørsmål ta kontakt med Irene Grøneng. 
 

Ni godkjende NGF-instruktørar.

Gratulerer til Sogn og Fjordane Røde Kors med ni godkjende NGF-instruktørar!
Dei kjem frå Askvoll, Stryn, Leikanger, Flora og Førde.

Med hovudinstruktør Hans Martin Hanssen frå NFR(Norsk Førstehjelpsråd)

Invitasjon til instruktørkurs i Hordaland

Hordaland Røde Kors inviterar til instruktørkurs på Hotel Ullensvang, Lofthus 7.-9. oktober 2022.

Kurset har som mål å lære deg å lære vekk til andre noko du allereie er faglig god i. 

Kurset høver like godt for frivillige frå alle delar av Røde Kors, uansett kva for aktivitet du er ein del av (hjelpekorps, ungdom, omsorg, beredskap eller andre).

Kurset startar fredag den 7. oktober kl. 1200 og avsluttast søndag den 9 oktober kl 1700. Vi jobbar utover kvelden både fredag og lørdag. Deltakarane bør bu på hotellet heile helga. Alle deltagere MÅ delta på hele kurset.

For påmelding eller spørsmål ta kontakt med Margrethe Skåden: margrethe.skaden@redcross.no

Familiedag på Kvamsøy i Balestrand

Balestrand Røde Kors samla nærmare 30 barn og vaksne frå sju ulike nasjonar då dei arrangerte lokal familiedag på Kvamsøy.

- Eg syns det er fantastisk! Det har vore ein veldig fin dag og eg hadde angra om eg ikkje hadde vore her. Ungane har kosa seg sånn! fortel Salma som hadde med seg sine tre barn til Kvamsøy denne ettermiddagen.

Les meir om familiedagen på våre nettsider: lokal-familiedag - Røde Kors (rodekors.no)

Gjorde alt feil og fekk hjelp av Røde Kors

Mange har lese saka om den nyfrelste friluftsliv-entusiasten, Andreas Wiig, som på kort tid braut alle fjellvettreglar og enda opp med å utløyse leiteaksjon i Luster-fjella. 

I saka, som mellom anna har vore publisert av Sogn Avis, Firda og Nordlys kan ein lese eit intervju med Bjørn Hesjevoll Winge frå Luster Røde Kors Hjelpekorps. Han seier mellom anna: 

- Dette er ein tur som er lang og krevjande. Han er ikkje den første som har overvurdert seg sjølv, eller undervurdert turen.
- GPS er eit kjempegodt hjelpemiddel, men du må lære å bruke det før du legg ut på tur. Test det ein godversdag i kjent terreng. 

Andreas Wiig lærte mykje og når han i sommar legg ut på ny tur skal han mellom anna: 
- Lære seg å bruke GPSen. 
- Tilpasse turen til nivet han er på. 
- Pakke lett, og ha med ein sekk som han klarer å bere. 
- Legge turen til ein stad med mobildekning.
- Sku telefonen i flymodus når den ikkje brukast og når den er utanfor dekning, for å spare strøm. 
- Ikkje gå aleine. 

Dette er lærdom som er viktig å dele vidare til alle som planlegg å legge ut på tur i fjellet i sommar. 

Røde Kors sitt bodskap før sommaren er i tillegg at alle bør friske opp førstehjelpskunnskapen. 

Les saka her: Luster, Friluftsliv | Andreas (36) la ut på tur gjennom Sogn. Det enda med fall, legevakt og leiteaksjon: – Eg gjorde alt feil (sognavis.no) (For abonnentar)

Friluftsliv, Breheimen | Andreas (36) la ut på tur gjennom Sogn. Det enda med fall, legevakt og leiteaksjon: – Eg gjorde alt feil (api.no) (For abonnentar)

Vekas frivillig: Anita Hjønnevåg 

- Eg har gjeve den eine ferieveka mi til «Ferie for alle». Det gler eg meg til! Fortel Anita Hjønnevåg, leiar i Balestrand Røde Kors.

På den måten vil Anita vere med å bidra til at 300 barn og vaksne får ein etterlengta ferie på Haugland i sommar. 

- Eg har lenge tenkt på det, men denne gangen passa det. Eg har lyst å gje av meg sjølv, og så veit eg at eg får dobbelt igjen! seier Anita.

Det er ikkje første gang Anita gjev av tida si til frivillig arbeid. Ho fekk eit spørsmål om å sitte som styremedlem i Balestrand Røde Kors i 2007, og Anita svarte ja med ein gang. Då dei ikkje klarte å finne leiar, så vart Anita også spurt.

- Eg var ikkje forbredt på det, men tøff i trynet og heilt fersk, så sa eg ja. Mot at nestleiaren kunne sitte eit år til, for å lære meg opp. Det var betinginga, fortel Anita.

Sidan har ho såtte som leiar i Balestrand Røde Kors i to periodar, og til saman har ho vore leiar i 11 år. Ho har også vore med i distriktsstyret, to år som vara og to år som styremedlem, og no er ho inne som vara.

- Du sakna det når du ikkje er med. Ein sakna fellesskapet, og det med å gje glede til andre. Det å sjå andre glad for at du gjer noko, det er så kjekt! Du får like mykje sjølv, sjølv om det innimellom kan vere litt travelt. Det betyr veldig masse, fortel Anita.

Anita trekk fram lokale familiedagar som noko som gjev ho glede, og ho hugsar spesielt den første familiedagen som vart arrangert på Kvamsøy i Balestrand.

- Den første familiedagen var ei sånn god oppleving og alle frivillige sat att med ei kjempegod kjensle. Det var over 50 som kom, både store og små, og det var fint ver. Vi fekk så god kontakt med deltakarane og det var verkeleg kjekt, fortel Anita.

Innsatsen til frivillige er essensiell for å få til slike arrangement. Arbeidet Anita og dei andre frivillige legg inn i Røde Kors bidreg til mykje positivt for bygda.

- Eg må berre sei, eg blir så stolt når eg ser dei frivillige, både i Hjelpekorpset og i Omsorg. Når eg ser der stå der i dei raude kleda eller i vestane, så får eg nesten tårer i augene, eg blir så stolt! seier Anita.

Nyleg har lokallaget innreia nytt lokale, og Anita håpar at dette skal bidra til at samhaldet i laget vert enno sterkare. Det er viktig for motivasjonen både til leiaren og resten av dei frivillige.

Anita opplev at det kan vere vanskeleg å rekruttere nye frivillige. På ein liten plass stiller folk opp på dugnad på både det eine og det andre. Men motivasjonen den har ho heldigvis ikkje mista.

- Eg likar dette, elles hadde eg ikkje gidda. Eg trivast med Røde Kors og verdiane, det er heilt meg! Det blir ein livsstil, fortel Anita.

I gamle dagar vart du automatisk medlem i Balestrand Røde Kors då du vart født, fordi Røde Kors dreiv føde- og sjukestova i Balestrand. Slik er det ikkje lenger, men Anita håpar at fleire skal melde seg inn og støtte det viktige arbeidet som vert gjort.

- Røde Kors har stått sterkt i Balestrand i veldig mange år. Eg håpar verkeleg at folk skal ha lyst til å vere frivillige og medlemmar i Balestrand Røde Kors. Vi treng alltid medlemmar og ikkje minst frivillige! fortel Anita.  

Balestrand Røde Kors nærmar seg 100-års jubileum, og det skal markerast. Anita ser fram til feiringa i 2024 og håpar at markeringa skal gje litt merksemd til Balestrand Røde Kors.

- Hjertet mitt bankar veldig for Balestrand Røde Kors. Vi må ha Røde Kors i Balestrand! Det er viktig ressurs for kommunen, men også for bygda, seier Anita.  

 
Siste veka har vi fått 11 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba. Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Høyanger
  • Jølster
  • Fjaler
  • Førde
  • Stryn
Siste veka har denne lokalforeininga fått 1 nytt medlem.
  • Stryn

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:

 
Fylkestreff: 9.-11. september
Kveik: 21.-23. oktober

Sjå heile kalendaren her.

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Bli frivillig på "Ferie for alle"!
John frå Gaupne var ein av fleire deltakarar som fekk sitte på med Hjelpekorpset sine scooterar denne dagen. 
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Lydia lærer å gå på ski på vinterleiren "Ferie for alle" i Stryn. 
Verdas frivilligdag 5. desember.
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!