Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 27 byr på:

  • God sommar!
  • Frivilligservice held opent i sommar
  • Førstehjelpsdagen 10.september 2022 
  • Oversikt over sensorar innan førstehjelp
  • Påminning: Fylkestreff for unge
  • Påminning: Påmelding til Kveik
  • Dette kan du sjå fram til neste semester
  • Hugs pålogging på kontoen din i løpet av sommaren
  • Vekas frivillig: Abdullahi Osman Mohamud
  • 2 nye aktivitetsønske, 2 nye medlemmar i Diba

God sommar!


Dette er siste Agenda før ferien.
Vi startar opp igjen fredag 12. august, i veke 32.

Ikkje alle tek ferie. Les om sommarberedskapen her: Forventer massiv sommerutfart etter pandemien - Røde Kors (rodekors.no)

God sommar til alle, både dei som har ferie og dei som bidreg til å halde lokalsamfunna trygge for lokalbefolkning og for turistar. 
 

Frivilligservice held opent i sommar

Frivilligservice er klare for å hjelpe deg med pålogging, tilgangar og andre spørsmål.

Frå 27. juni til 29. juli er tenesta tilgjengeleg på telefon og e-post kl. 12-15.

Ring på: 22 05 40 00 (tastevalg 3) eller ta kontakt på e-post: frivilligservice@redcross.no

Opningstidene er publisert i Korsveien. Trykk her.

Førstehjelpsdagen 10.september 2022 

Kva med å starte planlegginga rett etter ferien? Tips til førstehjelpsdagen i lenka under. 

https://norgesrdekors.sharepoint.com/sites/Nyheter/SitePages/F%C3%B8rstehjelpsdagen-10.-september.aspx 

For spørsmål kontakt Margrethe Skåden.

Oversikt over sensorar innan førstehjelp


Det har gått ut ein e-post til leiarane i Hjelpekorpsa om å sende inn kven som er sensorar i dei ulike korpsa. Dette er for å få ei oppdatert liste over sensorane i distriktet. 
 
Spørsmål? Kontakt Cathrine Heggø cathrine.kristiansen.heggo@redcross.no
 

Påminning: Fylkestreff for unge 


Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane arrangerar ei kjekk og spennande helg på Nesholmen 9. til 11. september.

Del gjerne denne sida med ungdom i målgruppa. Fylkestreff er for alle frå13 år og oppover. Ein treng ikkje vere medlem av Røde Kors for å delta. 

Fylkestreff for unge - Røde Kors (rodekors.no)


Påmelding her: Påmelding til fylkestreff 9. til 11. september på Nesholmen 2022 (office.com)

Kontakt Thor Erlend Mehammer for svar på spørsmål (ferie v. 28-32). 
 

Påminning: Påmelding til Kveik


Kva med å melde deg på Kveik før ferien? Sett av helga 21.-23. pktober og meld deg på her: 

Kveik 2022 – påmelding (Side 1 av 6) (office.com)

Gå inn her for å sjå info og program: Kveik - konferansen for frivillige i Røde Kors - Røde Kors (rodekors.no)

For spørsmål send e-post til Rune Rajendram eller dk.sognogfjordane@redcross.no

Dette kan du sjå fram til neste semester

 

Eit e-læringskurs om personvern – dette er relevant for deg som har ansvar for personopplysningar om deltakarar eller frivillige. Kurset vil vere klart til å ta i bruk like etter sommarferien. 

Produksjon av det nye Mitt Hjelpekorps er godt i gang og skal erstatte Dette er Røde Kors Hjelpekorps. 

Røde Kors Ungdom utvikler et organisasjons, - og ledelseskurs som vil vere klart i løpet av haustsemesteret. 

Vitnestøtte utviklar eit nytt kurs og vil nytte haustsemesteret på å rekruttere kurshaldarar til å halde det nye kurset for vitnestøtter ved lokale domstolar. Dette vert eit spennande og lærerikt kurs! Har du erfaring fra domstolen, eller andre områder innanfor rettsvesenet og kunne tenke deg å lære mer om det nye kurset? Og kanskje du kunne bli en av dei nye kursholdarane? Ta kontakt! Kristoffer.seiersten@redcross.no 
 

Onsdag 17. august – Kursholderkurs Beskyttelse - påmelding i kurskatalogen – kurskode 63049 

Onsdag 24. og 31. august – Øvingsplanlegging – påmelding i kurskatalogen – kurskode 63494 

10.-11. September – fagsamling – læring i Røde Kors – fagsamling for hovudkurshaldarar, opplæringsutvalg, mentorar og ressursgrupper – påmelding fagsamling – læring i Røde Kors (forms) 

28.-30. oktober – instruktørsamling - arrangert av ressursgruppe førstehjelp (RGF) 

Vi fortsett med onsdagswebinar fast kvar onsdag. 

Onsdagswebinarene er ein arena for erfaringsutveksling og gjensidig læring for kursholdarar og andre som tilrettelegg for læring i Røde Kors. Fokus er på felles verktøy og utrulling av kurs. Webinara settast opp til faste tider og lenke til påmelding vil komme i Ukenytt, i Kursholderforum (teams) og på Workplace. Vi fortsett med klokkeslett 13:30-15:00 på partallsveker og 19:30-21:00 på oddetallsveker. 

Her finner du planen for haustens onsdagswebinarer (sharepoint.com) 

For spørsmål kontakt Margrethe Skåden.

Hugs pålogging på Korsveien i løpet av sommaren 

Norges Røde Kors har Office 365-kontoar til alle frivillige. Etter 90 dagar utan pålogging eller aktivitet vil ein miste tilgangen sin. Då lyt ein logge på med bank-ID for å få tilgangen tilbake. Dersom ein loggar seg på minst ein gang i løpet av sommaren vil ein sikre tilgangen sin og ein vil sleppe bank-ID pålogging ein gang til.  

Det held at du loggar inn på korsveien.no, eller tek i bruk Outlook, Teams, eller et annet Office 365-verktøy med @rodekors.org-brukeren din.

Unngå tap av personlige data 

Frivillige som mistar sin lisens etter 90 dagar utan aktivitet har 30 dagar på å reaktivere den før eventuelle personlige data slettast. Personlege data vil typisk vere innhald i personleg postboks, innhald ein har laga i Sway, og eventuelle dokument i OneDrive. Kontakt Frivilligservice for å få reaktivert kontoen. 

Meir informasjon finn ein her.  

For spørsmål knytt til pålogginga ta kontakt med Tom James (thomas.james@redcross.no

Vekas frivillig: Abdullahi Osman Mohamud


- Eg tykkjer at Røde Kors tilbyr veldig gode tilbod til menneske og difor er eg glad for å vere med. "Ferie for alle" er eit veldig godt tilbod til dei som treng det, seier Abdullahi Osman Mohamud.

Abdullahi frå Svelgen-Bremanger Røde Kors er frivillig på "Ferie for alle" for 5. gang. Han har vore frivillig både på sommarleir og vinterleir.

- Det kjennast veldig godt å bidra og eg får energi av å vere her, seier Abdullahi.

Abdullahi kan heile fem språk, og det kjem til nytte på ferieleirane, då deltakarane kjem frå ulike land og snakkar ulike språk. Abdullahi hjelp mange på leiren med å forstå og å bli forstått, då han kan både norsk, somali, arabisk, engelsk og italiensk.

Det er ikkje berre på leiren at Abdullahi hjelper andre. Abdullahi jobbar til dagleg som språklærar for flyktningar og asylsøkarar i Florø. Ved sidan av å vere medlem og frivillig i Røde Kors har han også oppretta ein eigen frivillig organisasjon, der han hjelp folk både i Noreg og i heimlandet Somalia. Mellom anna har han bidrege til å opne ein helsestasjon for gravide, fødande og barn i heimlandet, landet omtalt som det verste landet å bli mor.

Abdullahi hadde kun vore i Noreg i to år då han var frivillig på "Ferie for alle" for første gang.

- Det har hjelpt meg mykje å vere frivillig i Røde Kors. Det var lettare for meg å få jobb fordi eg hadde vore frivillig på "Ferie for alle", fortel Abdullahi.

Då Abdullahi skulle søke jobb hadde han leirsjefen frå "Ferie for alle" som referanse. Den gode omtala frå referansen hjalp han å få den jobben som han har i dag.
Å vere frivillig på "Ferie for alle" er ein måte å få godt nettverk og nye vener. Og alle har ein ting til felles, den blå vesten med det raude korset på brystet.

- Alt er velorganisert og vi får kurs slik at vi lærer Røde Kors-etikk og Røde Kors-prinsipp. Slik at når vi jobbar, så er det på ein måte Røde Kors som jobbar. Vi er Røde Kors! seier Abdullahi.
Siste veka har vi fått 2 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba. Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Årdal
  • Sogndal
Siste veka har desse lokalforeiningane fått til saman 5 nye medlemmar. Gratulerer!
  • Sogndal
  • Vågsøy
  • Fjaler

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:

 
Fylkestreff: 9.-11. september
Kveik: 21.-23. oktober

Sjå heile kalendaren her.


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev for hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
Bli frivillig på "Ferie for alle"!
John frå Gaupne var ein av fleire deltakarar som fekk sitte på med Hjelpekorpset sine scooterar denne dagen. 
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!