Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 8 - 2022

I dette forsinka siste nummeret før sommaren kan du m.a. lese om WTOs ministermøte, ny leiar for verdas bønder, sterk kritikk av dansk minkvedtak og klimatiltak og EUs farm to fork og kutt i plantevernmiddel. Og klimanøytral australsk biff.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God sommar!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag
Internasjonalt landbruksnytt                   
Nr 08-2022 – veke 21-26 2022
30.06.22
 
WTO-ministermøte utan arbeidsprogram for landbruk
Verdas Handelsorganisasjon (WTO) avslutta sitt ministermøte i Genève 17.juni to dagar på overtid utan ei avtale om arbeidsprogram for landbruksforhandlingane. På starten av møtet 12.juni vart det lagt fram tre papir på landbruksområdet:  Eitt av dei foreslo eit arbeidsprogram for landbruksforhandlingane fram mot neste ministermøte, og ein ambisjon om substansielle kutt i handelsforstyrrande støtte og toll. Dette papiret vart ikkje vedteke. Det andre papiret dreidde seg om matsikkerheit og handel og slo fast at handel saman med innanlands produksjon er viktig for matsikkerheit. Tiltak for å sikre matsikkerheit må vere opne, proporsjonale, midlertidige og i tråd med WTO-regelverket. Det tredje papiret på landbruk slo fast at medlemslanda ikkje skulle bruke eksportrestriksjonar ved sal til Verdas Matvareprogram, men at ein kan bruke det for å sikre nasjonal matsikkerheit. Det vart også gjort vedtak om m.a. oppdatering av regelverket for sanitære og fytosanitære reglar (SPS), fiskerisubsidiar, patentar knytt til koronavaksiner (TRIPS) og elektronisk handel. 1.nestleiar Egil Chr Hoen i Norges Bondelag deltok i den norske WTO-delegasjonen. Neste ministermøte er planlagt innan utgangen av 2023. Sjå meir om møtet på WTOs heimesider
 
Ny fransk president for verdas bønder
Arnold Peuch d`Alissac frå det franske bondelaget FNSEA er vald til ny leiar i World Farmers`Organisation (WFO). Han stilte som kandidat mot Katie Milne frå New Zealand på WFOs generalforsamling i Budapest 7.-9.juni. Som europeisk styrerepresentant vart Kati Partanen frå Finland valt. Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemmer av WFO. På generalforsamlinga vart det også vedteke politiske papir om samvirke, innovasjon og ungdom, samt ei oppdatering av det politiske dokumentet om kvinner i landbruket. Meir om møtet kan du lese her
 
Sterk kritikk frå dansk mink-kommisjon
Den danske statsministeren Mette Fredriksen må tole sterk kritikk frå den danske mink-kommisjonen. Kommisjonen meiner Fredriksens uttaler på ein pressekonferanse 4.november 2020 var grovt villeiande. Men dei vurderer ikkje om ho har handla grovt uaktsomt. Fredriksen har tidlegare avvist at det kan bli riksrettsak mot henne, sidan ho ikkje visste at vedtaket om å slakte ned all mink ikkje hadde lovheimel. Det er ikkje opp til Kommisjonen å kome med rettslege vurderingar, det skal Folketinget gjere. Landbruksministeren  får enno hardare kritikk. Han måtte gå av på grunn av saka. Leiaren i det danske bondelaget Søren Søndergaard seier at rapporten viser at mange menneske har svikta sitt ansvar, og at dette aldri må skje igjen (Landbrugsavisen/DR).

Dansk klimamerke og CO2-avgift
Danmark vil gå i forkant av EU og innføre eit klimamerke på mat. Ordninga skal vere frivillig og statskontrollert. Det skal vere fyrste av sitt slag i verda. Det vil bli sett av 9 mill danske kroner for å utforme merket i løpet eit år. Danske Folketinget vil også innføre ei C02-avgift på 750 kr/tonn innan 2030. I den grøne skattepakken som Folketinget vedtok ligg det også I tillegg redusert elavgiften og eit nytt fond som m.a  skal investere i ny skog, utbygging av havvind og ny, klimavennleg teknologi. Fondet skal også finansiere utbygging av ladestasjoner til elbiler og fleire andre tiltak. Førebels er landbruket utanfor systemet (NTB/danske landbruksdepartementet).
 
Miljøministrane i EU samde om «Fit for 55»
29.juni vart miljøministrane i EU samde om «Fit for 55», EUs plan for å kutte klimautsleppa med 55% innan 2030 (sml med 1990). Ministrane samle i miljørådet skal no forhandle med Parlamentet om ein endeleg pakke. For kvotepliktig sektor (industrien generelt) vart miljørådet samde om halde på målet om 61% reduksjon innan 2030, som foreslått av Kommisjonen. Utfasing av frikvotar for produkt som får karbon-toll blir trekt ut i tid og karbon-tollen skal utgreiast vidare. Målet om å ta opp 310 mill tonn CO2-ekvivalentar på LULUCF-sektoren (arealbruksendring og skog) i 2030 står fast. Dette betyr 15% kutt i utslepp frå dagens nivå. Det blir framleis konkrete krav for kvart medlem. Medlemsland som har problem med å møte krava på grunn av årsaker utanfor deira kontroll (t.d. naturkatastrofar) får fleksibilitet, men samla sett må EU nå målet i 2030. Innan seks månader etter fyrste vurderinga av oppfølging av Paris-avtala (i 2023) skal Kommisjonen kome med ein rapport om korleis dei skal inkludere utslepp frå andre kjelder enn CO2, og eit mål for arealsektoren for tida etter 2020. EU-bøndene og -samvirka i Copa-Cogeca er kritiske til å ta med andre utslepp enn CO2 og meiner dette hindrar moglegheiter for å sjå jordbruk, skog og areal som eitt (såkalla AFOLU-sektoren). For område utanfor kvotepliktig sektor (som jordbruket) blir målet om 40% reduksjon oppretthalde (sml med 2005) (AgraFacts/Copa-Cogeca).

EU-ministrar med tiltak mot avskoging og skogdegradering
Dei same miljøministrane i EU vart også denne veka samde om tiltak mot avskoging og degradering av skogen. Ministrane vart samde om reglar for aktsemd for dei som handlar med produkt frå regnskogen, som palmeolje, storfekjøt, trevirke, kaffi, kakao og soya. Reglane skal forenklast og klargjerast og miljøambisjonane skal oppretthaldast i dette arbeidet. EU handla med 1/3 av landbruksprodukta knytt til avskoging mellom 1990 og 2008. Produkta vil bli plassert i risikokategori låg, medium eller høg. EUs bonde- og samvirkesamanslutning, Copa-Cogeca er positive til arbeidet med avskogingstiltak, men åtvarar mot tiltak som kan skade konkurransekrafta til EU-bøndene, til dømes gjennom å bryte opp verdikjeder og påverke matsikkerheit. Dei er opptekne av definisjonen av t.d. degradering av skog og berekraftig innhausting, og ta omsyn til dei spesielle særtrekka til storfesektoren i EU (AgraFacts/Copa-Cogeca).

EU-kommisjonen lanserer plan for kutt i plantevernmiddelbruk
EU-kommisjonen har for fyrste gong lansert eit bindande reduksjonsmål på plantevernmiddelbruk. Bruken skal ned med 50% innan 2030. Krav til kvart medlemsland vil ta omsyn til historisk framgang og nasjonal bruk av plantevernmiddel. Forslaget låg i Farm-to-fork som vart lansert våren 2020, men vil no bli gjort bindande. Bonde- og samvirkeorganisasjonen Copa-Cogeca er skuffa over at Kommisjonen ikkje kjem med forslag til korleis ein kan nå målet og finansiere tiltaka. Dei meiner det manglar gode alternativ, og peiker på mange studiar som viser til fare for mindre produksjon som følgje av vedtaket (AgraFacts/Copa-Cogeca).
 
G7-landa lovar tiltak mot svolt
Leiarane for dei industrialiserte G7-landa med Tyskland i spissen kom med ein uttale om global matsikkerheit då dei møttest 26.-28-juni. I uttalen heiter det at dei ikkje vil spare på noko når det gjeld tiltak for å auke globalmatsikkerheit og verne om dei mest sårbare. I 2022 vil 323 menneske bli akutt matusikre eller i fare for å bli det, noko som er ein rekord. G7 peikar også på Russlands rolle i dette. G7 vil danne ein global allianse for matsikkerheit. G7-landa vil bidra med ekstra 4,5 mrd US dollar for å verne dei mest sårbare gruppene globalt mot svolt og underernæring. Total beløpet for året blir då 14 mrd US dollar, ifølgje AgraFacts. Dei vil også prøve å etablere alternative ruter for å få ut kornet frå Ukraina.

Nederlandske bønder protesterer mot nitrogen-tiltak
40 000 nederlandske bønder trakk denne veka til gatene i protest mot nye strenge tiltak mot nitrogen- og ammoniakk-utslepp. Politikarane vil ha 50% kutt i utsleppa. – Bøndene føler seg makteslause, seier leiar Sjaak van der Tak. Han meiner det er galskap å bruke så mykje av skattebetalarane sine pengar på tiltaka. Han fryktar bøndene må kutte i talet på dyr eller slutte heilt å produsere (AgraFacts).

EU-New Zealand i ferd med å lage handelsavtale
EU og New Zealand vil sannsynlegvis ferdigstille ei handelsavtale denne veka. Det er venta at EU gir New Zealand ei kvote på 15 000 tonn over sju år for smør med 20% toll innanfor kvota. (0,71% av forbruket i EU). På ost er det venta ei kvote på 20 000 tonn over 7 år med 50-20% toll avhengig av produkt. Handelen med blåost og foredla ost skal liberaliserast over 7 år. For mjølkepulver blir det ei kvote på 13 500 to over 7 år, med 50% toll på heilmjølkspulver og 20% for skummamjølkpulver. På lammekjøt er det venta ei kvote på 38 000 tonn over 7 år, 8000 tonn storfe. Det er venta at det blir forhandlingar med Australia om ei avtale over sommaren, ifølgje Agra-Facts.

Karbon-nøytral biff i Australia
Den australske daglegvarekjeda Coles har lansert ein klimanøytral burger. Det same har Australia og Storbritannia gjort tidlegare. For å bli rekna som karbonnøytral må produsenten rekne ut kor mykje klimagassutslepp som kjem frå burgaren. Ein reduserer så utsleppa så mykje som mogleg gjennom teknologi og så blir dei resterande utsleppa ”nulla ut” ved kjøp av klimakvotar og burgaren kan bli sertifisert som klimanøytral. For storfe er t.d. bruk av fornybar energi, dyrevelferd, beiting og opptak på garden i tre og vegetasjon teke med i vurderinga, ifølgje det australske bondelaget.
 
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp