Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 32 byr på:

  • Røde Kors på Arendalsveka
  • Ny generalsekretær frå 1. november
  • Førstehjelpsdagen 10.september 2022 
  • Påminning: Fylkestreff for unge
  • Påminning: Påmelding til Kveik
  • Dette kan du sjå fram til neste semester
  • Vekas frivillig: Else Drageset
  • 3 nye aktivitetsønske, 5 nye medlemmar i Diba

Røde Kors på Arendalsveka

Røde Kors held ei rekke arrangement under Arendalsveka. Arrangementa vert strauma på Facebook.

Sjå programmet her: 
Røde Kors på Arendalsuka 2022 - Røde Kors (rodekors.no)

Landsstyret har tilsatt Anne Bergh som ny generalsekretær

Bergh har ein solid bakgrunn som leiar har og mange år med erfaring innan internasjonalt arbeid, folkehelse, humanitær rett, organisasjonsutvikling og strategiarbeid, inkludert ti år i Røde Kors nasjonalt og internasjonalt og tretten år ved Folkehelseinstituttet i Oslo.

Anne Bergh går inn i stillinga 1. november. 

Les meir om tilsetjinga og Anne Bergh her: Anne Bergh ansatt som ny generalsekretær i Røde Kors (sharepoint.com)
 

Førstehjelpsdagen 10.september 2022 

Vi minnar om førstehjelpsdagen 10. september.

Tips til førstehjelpsdagen i lenka under. 

https://norgesrdekors.sharepoint.com/sites/Nyheter/SitePages/F%C3%B8rstehjelpsdagen-10.-september.aspx 

For spørsmål kontakt Margrethe Skåden.

Påminning: Fylkestreff for unge 


Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane arrangerar ei kjekk og spennande helg på Nesholmen 9. til 11. september.

Del gjerne denne sida med ungdom i målgruppa. Fylkestreff er for alle frå 13 år og oppover. Ein treng ikkje vere medlem av Røde Kors for å delta. 

Fylkestreff for unge - Røde Kors (rodekors.no)


Påmelding her: Påmelding til fylkestreff 9. til 11. september på Nesholmen 2022 (office.com)

Kontakt Thor Erlend Mehammer for svar på spørsmål
 

Påminning: Påmelding til Kveik


Det nærmar seg haust og dermed nærmar det seg Kveik. Meld deg på no for å sikre deg plass på Røde Kors si inspirasjons- og læringshelg på Skei 21.-23. oktober.

Kveik 2022 – påmelding (Side 1 av 6) (office.com)

Gå inn her for å sjå info og program: Kveik - konferansen for frivillige i Røde Kors - Røde Kors (rodekors.no)

For spørsmål send e-post til Rune Rajendram eller dk.sognogfjordane@redcross.no

E-læringskurs og webinar denne hausten

Onsdag 17. august – Kursholderkurs Beskyttelse - påmelding i kurskatalogen – kurskode 63049 

Onsdag 24. og 31. august – Øvingsplanlegging – påmelding i kurskatalogen – kurskode 63494 

10.-11. September – fagsamling – læring i Røde Kors – fagsamling for hovudkurshaldarar, opplæringsutvalg, mentorar og ressursgrupper – påmelding fagsamling – læring i Røde Kors (forms) 

28.-30. oktober – instruktørsamling - arrangert av ressursgruppe førstehjelp (RGF) 

Vi fortsett med onsdagswebinar fast kvar onsdag. 

Onsdagswebinar er ein arena for erfaringsutveksling og gjensidig læring for kursholdarar og andre som tilrettelegg for læring i Røde Kors. Fokus er på felles verktøy og utrulling av kurs. Webinara settast opp til faste tider og lenke til påmelding vil komme i Ukenytt, i Kursholderforum (teams) og på Workplace. Vi fortsett med klokkeslett 13:30-15:00 på partallsveker og 19:30-21:00 på oddetallsveker. 

Her finner du planen for haustens onsdagswebinarer (sharepoint.com) 

For spørsmål kontakt Margrethe Skåden.

Vekas frivillig: Else Drageset

- Første gang eg vart kalla ut hadde det gått eit ras i Dvergsdalsdalen og vi var tre damer som reiste opp og skulle halde eit hus varmt, lage mat og koke kaffi. Å sjå alle folka som kom til frå alle kantar for å hjelpe, det gjorde eit enormt inntrykk, fortel Else Drageset frå Jølster Røde Kors.

Else er leiar i Jølster Røde Kors Omsorg og har vore engasjert i Røde Kors sidan midten av 80-talet. Dei siste 6-7 åra har ho vore leiar for Omsorg i Jølster, og tidlegare har ho vore lokallagsleiar.

- Eg er oppteken av at omsorgsgruppa også skal vere med i beredskapen. Hjelpekorpset gjer ein utruleg god jobb og eg beundrar dei, men eg har oppdaga at vi i omsorg trengs vi også. Både dei som leitar og dei som er utsett for noko treng å komme til ein plass å bli tatt i mot med omsorg, prat og mat.

Dette fekk Else igjen erfare i 2019, då det gjekk ras i Jølster. Else var ein av fleire som tok ansvar for kjøkkendrift og for omsorg av dei evakuerte.

- Vi var så innesperra at vi var ikkje så mange rødekorsarar å plukke av, men heldigvis så stilte bygda opp. Røde Kors Omsorg tok ansvar på kjøkkenet, men vi var heilt avhengig av andre frivillige som hjalp til. Både eldre og yngre kom til og ville hjelpe. Eg er glad vi har eit godt samarbeid, seier Else.

Else legg til at det er godt å ha erfaringar og kurs når ein kjem opp i ein slik situasjon. Kunnskapen ligg der i bakhovudet og dukkar automatisk opp når det skjer noko som gjer at ein får trong for den. Og for dei som er ramma er det viktig å møte ein trygg og god famn.

- Det kan vere kaos og kav, men når dei kjem på kjøkkenet og gjer oss klem og seier: Når eg først skulle vere så uheldig er eg glad det var her, fortel Else.

Gjennom mange år i Røde Kors har Else fått mange erfaringar og ho har vore til støtte og hjelp for mange, både som besøksven og når det arrangerast kafé og treff for eldre.

- Det godt å få gjort noko for bygda og dei eldre. Det er kjekt å vere med og det er godt med det samhaldet som er både på distriktet og i lokalmiljøet, seier Else.

Gjennom samlingar i Røde Kors og som frivillig på ulike arrangement som til dømes "Ferie for alle" har Else blitt kjent med mange likesinna.

- Eg har fått masse vener rundt omkring i gamle Sogn og Fjordane. Du får gode vener som det alltid er kjekt å treffe igjen, og så kan ein stoppe å ta ein kaffi når ein køyre forbi, fortel Else.

Dei frivillige på ferieleirane utviklar eit godt samhald, sjølv om det er ei gruppe av både eldre og yngre og med ulike bakgrunnar.

- Dei unge er gode på noko og vi eldre er gode på noko anna. Du får gjere det du er best på og det er bruk for alle, seier Else.

Dei frivillige samlast om ei felles oppgåve alle med intensjon om å skape ei god ferieoppleving for deltakarane. Og dei frivillige sit att med mange gode opplevingar og minner sjølv.

- Det er så mange små augneblink som ein opplev, som til dømes når ein unge kjem opp på hest for første gang eller når nokon får ein liten fisk og ein ser smilet og gleda. Ein ser korleis familiane kosar seg i lag og ein kjenner ein at ein får gjort noko for familiane, fortel Else.

67 familiar har denne sommaren vore på ferieleir på Haugland takka vere nærmare 60 frivillige sin innsats.

- Eg syns alt det Røde Kors gjer er heilt supert og flott og eg er litt stolt av å vere ein del av det, avsluttar Else.  
Siste veka har vi fått 3 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba. Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Eid
  • Flora
Siste veka har desse lokalforeiningane fått til saman 5 nye medlemmar. Gratulerer!
  • Årdal
  • Luster
  • Førde

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:

 
Fylkestreff: 9.-11. september
Kveik: 21.-23. oktober

Sjå heile kalendaren her.


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev for hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
Bli frivillig på "Ferie for alle"!
John frå Gaupne var ein av fleire deltakarar som fekk sitte på med Hjelpekorpset sine scooterar denne dagen. 
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!