Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 12 - 2021

I denne siste utgåva før sommaren kan du m.a. lese om EUs nye landbrukspolitikk, lekkasjar om EU-klimapakken som kjem neste veke, og Sverige som ikkje lenger har ein eigen landsbygdsminister. Burhønsforbod og EUs skogstrategi kan du også lese om.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God sommar!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Ny landbrukspolitikk i EU
3 år etter at Kommisjonen lanserte sitt forslag er EU-landa endeleg samde om ein ny felles landbrukspolitikk (CAP). Politikken for perioden frå 2014-2020 vart vidareført medan ein diskuterte ny politikk. Klima- og miljøspørsmål og fordeling mellom små og store bruk har stått i sentrum for diskusjonane. Ein enda no opp på at 25% av midla knytt til direktestøtte (såkalla pilar 1) skal settast av til frivillige tiltak for betre miljø/klima og dyrevelferd gjennom såkalla ecoschemes. Her ligg det inne både støtte til økologisk produksjon, agroøkologiske tiltak og meir miljøvenlege planteverntiltak. 35% av bygdeutviklingsmidla (pilar 2) blir sett av til liknande tiltak. Minst 3% av dyrkamarka skal settast av til biodiversitet. Myr og torvområde skal vernast. 10% av støtta skal omfordelast til små bruk. Minst 3% av støtta skal gå til unge bønder, og sosial- og arbeidarrettar må respekterast for å motta støtte. Det blir også sett av minst 450 mill euro årleg for eit reservefond som skal finansiere marknadstiltak ved kriser. Den nye politikken skal gjelde for perioden 2023-2027. Medlemslanda gjennom Rådet har no vedteke politikken, parlamentet skal formelt godkjenne den i næraste framtid. Før politikken kan ta til å gjelde må medlemslanda sende inn og få godkjent korleis dei vil gjennomføre politikken. Dette skal skje innan utgangen av 2021. Kommisjonen vil så ha 6 månader for å gjennomgå og godkjenne planane. Den nye politikken vil gjelde frå 2023. Du kan lese meir detaljar EU-kommisjonen sine nettsider og på Rådet sine heimesider.

EU-kommisjonen vil auke tiltak for CO2-opptak i ny klimaplan
14.juli skal EU-kommisjonen legge fram sin klimaplan «fit for 55». Den vil vise korleis EU skal nå målet om 55% reduksjon i klimautsleppa innan 2030. Lekkasjar tyder på at Kommisjonen vil auke tiltaka for å binde opp meir CO2 gjennom arealbruk. I dag blir arealbruk og skog, kalla LULUCF, handsama separat frå kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Jordbruket er del av den såkalla ikkje-kvotepliktige sektoren saman med m.a. bygg og transport. No vurderer Kommisjonen å flytte dei andre sektorane over til kvotepliktig sektor og samle LULUCF og heile jordbruket. Kommisjonen ynskjer at LULUCF-sektoren skal binde 310 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Medlemslanda skal levere reduksjonsplanar og Kommisjonen skal lage forslag til nasjonale bidrag innan 2025, ifølgje lekkasjen. Endringane for LULUCF-sektoren vil fyrst slå inn for fullt i 2026. Den Kyoto-inspirerte målemetoden vil utgå og fleksibilitet til andre såkalla effort sharing-sekorar (byrdefordelingssektorar) vil bli endra. Frå 2031 vil ikkje-CO2-utslepp frå landbruket bli inkludert, slik at ein for fyrste gong dekker heile landarealsektoren med eitt klimainstrument. Noreg har tilslutta seg EUs klimapolitikk og vil difor også bli påverka av desse endringane (AgraFacts/LRF Brysselnytt).

Sterke reaksjonar på lekka skogstrategi for EU
Skogindustrien i mange land reagerer sterkt på lekkasjar om EUs skogstrategi som skal leggast fram neste veke. Den svenske skogindustrien meiner forslaget går altfor langt i å regulere kva produkt skogindustrien skal levere og korleis skogsdrifta skal gjennomførast, noko EU til no stort sett ikkje har blanda seg borti. EU vil til dømes ha langtlevde skogprodukt og plukkhogst i staden for flatehogst. EU vil også stoppe avverking i gamle skogar, noko som ifølgje svenske Dagens Nyheter vil ramme nesten 40% av avverking i Nord-Sverige. Den svenske bonde- og samvirkeorganisasjonen LRF meiner strategien vil koste enorme summar. Også Norges Skogeierforbund reagerer på forslaget

Burhønsforbod frå 2027
EU-kommisjonen vil kome med lovforslag om å forby bruk av bur i husdyrproduksjonen. Forslaget skal leggast fram seinast i 2023 og skal etter planen gi ei utfasing av bruk av bur i 2027. Saka har utgangspunkt i eit medborgarinitiativ starta i 2018 kalla «End the Cage Age». Med ein million underskrifter frå minst sju medlemsland kan ein foreslå lovendringar eller nye lover. EU-kommisjonen foreslår utfasing av bur for m.a. høner, gris og kaninar. Importerte produkt skal også ha blitt produsert utan bruk av bur, foreslår Kommisjonen. Bøndene skal få økonomisk støtte til omlegging, m.a. gjennom såkalla ecoschemes i den nyleg framforhandla felles landbrukspolitikken (CAP). EU-bøndene og -samvirka i Copa-Cogeca legg vekt på behovet for vitskapleg grunngjeving og konsekvensanalyse før endeleg vedtak kan bli gjort, ifølgje LRF Brysselnytt. Les meir om vedtaket her Du kan også lese om reaksjonar frå Bondelaget og andre norske aktørar hjå NRK

Sverige fjernar landsbygdsministerpost
Den nye regjeringa til den svenske statsministeren Löfven vil ikkje ha ein eigen landsbygdsminister. Næringsminister Ibrahim Baylan vil ta over landbruks- og bygdesaker frå utgåande minister Jennie Nilsson, som hadde . Den svenske bonde- og samvirkeorganisasjonen LRF er svært misnøgd med avgjerda, og meiner regjeringa tar for lett på landsbygdsspørsmål. Dei peikar særleg på to viktige EU-prosessar framover: Tilpassing til den nye landbrukspolitikken til svenske forhold og ny skogstrategi, der LRF fryktar at svenske skogeigarar ikkje lenger får bestemme over eigen skog. Fleire store skogland har skrive under protest mot EUs miljødirektorat, og LRF ber no den nye næringsministeren gjere det same.

Økologisk EU-plan støtta av rådskomite
EU-kommisjonen får i hovudsak støtte for sin plan for å nå målet om 25% økologisk produksjon innan 2030 i landbrukskomiteen i Rådet (medlemslanda sitt organ). Spesialkomiteen støtta stort sett planen, men mange meinte tiltaka må vere frivillige. Mange meiner også at 25%-målet må gjelde EU samla og ikkje enkeltland. Dei ynskjer også samtaler med handelspartnerar for å samkøyre krav til økologisk produksjon. EU-kommisjonen la i mars fram ein plan for korleis dei skal nå målet om 25% økologisk produksjon innan 2030. Kommisjonen foreslo 23 tiltaka fordelt på tre område: Fremje forbruk, auke produksjonen og enno meir berekraftig produksjon. Bøndene og samvirka i Copa-Cogeca såg positivt på marknadsrettinga av planen. Dei peika på at det var viktig å ha moglegheit for å ta ut gevinst og kunne reinvestere, og at kor stor del av prisen som går til bonden er avgjerande for å kunne lukkast. Dei peika også på at økologiske bønder må ha tilgang på effektive produkt for å verne vekstar mot m.a. ugras og skadedyr (AgraFacts/LRF Brysselnytt). Medlemslanda i Rådet skal ta endeleg stilling til planen seinare denne månaden.

Bøndene reagerer mot antibiotika-forslag i EU-parlamentet
EU-bøndene i Copa-Cogeca reagerer kraftig mot eit forslag frå parlamentsmedlem Martin Häusling (Dei Grøne) om bruk av antiobiotika. Häusling går imot Kommisjonens forslag om regulering av veterinærmedisin, og vil ha sterkare vern om bruk av antibiotika som berre kan brukast til menneske, ikkje dyr. Copa-Cogeca og plattformen EPRUMA (inkl organisasjonen for veterinærar i EU) meiner forslaget frå Dei Grøne er basert på utdatert data og at forslaget kan true både dyrehelse, folkehelsa, mattryggleiken og mattrygginga. Dei avviser påstandar frå Dei Grøne om at medisin er brukt for å kompensere for dårleg hygiene, dårleg husdyrstell og dårleg drift (AgraFacts 57-21).

Frivillige retningslinjer for berekraftig matkjede lansert
Kommisjonen lanserte denne veka saman med industriaktørar etiske retningslinjer for ein ansvarleg og berekraftig matsektor. Dette er del av jord til bord-strategien. Strategien, der også bøndene og samvirka i Copa-Cogeca deltek, inneber sju mål for å betre sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Både betre kosthald, redusert matsvinn, ein klimanøytral matsektor innan 2050 og berekraftige innkjøp inngår i måla. 65 matvarekjedar, matbedrifter og organisasjonar har til no skrive under avtala. Retningslinjene skal presenterast på FNs matsystemtoppmøte i september (AgraFacts 57-21). Sjå meir om retningslinjene her

Pølsekrig mellom EU og Storbritannia avverga
Pølsekrigen mellom EU og Storbritannia er avverga etter at EU gjekk med på å utvide overgangsperioden for eksport av avkjølt kjøt frå Storbritannia til Nord-Irland med 3 månader. EU legg vekt på at dette berre er ei midlertidig løysing med strenge vilkår som m.a inneber helsesertifikat og merking med «berre Nord-Irland», ifølgje det britiske bondelaget. Spesielle reglar vart innført for handel mellom Storbritannia og Nord-Irland etter at Storbritannia gjekk ut av EU.  

Storbritannia-Noreg-avtale signert
Denne veka vart handelsavtala mellom Noreg og Storbritannia offisielt underteikna i London. Du kan lese meir om dette på regjeringa sine heimesider For dei som er nysgjerrige på kva som skjedde bak lukka dører kan dei lese denne NTB-saka gjengitt i Nationen

Og vil du lære meir om EUs mjølkeproduksjon med vekt på Austerrike, Finland og Sverige, kan du lese rapport frå landbruksråd Magnar Sundfør her

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp