Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 15 - 2021

Denne gongen kan du m.a. lese om metaninitativ frå EU og USA, finsk krangel om karbonnøytralitet og Cargill som vil betale bøndene for å drive karbonvenleg jordbruk. 

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Metaninitiativ frå EU og USA
EU og USA har inngått ein allianse for å redusere utsleppa av klimagassen metan. 95% av dei menneskeskapte metan-utsleppa kjem frå jordbruk, energi og avfall. USAs president Joe Biden har invitert 17 store økonomiar, deriblant Argentina, til å blir med på eit møte i samband med FN-toppmøtet om klima i november. Der håpar han å få ei avtale om å redusere metanutsleppa frå jordbruk, energi og avfall med 30% innan 2030 (samanlikna med 2020) (LRF Brysselnytt/Politico).

Ingenting om jordbruk i EU-tale
Landbruk var ikkje tema tema då EU-kommissær Ursula von der Leyen heldt sin årlege «State of the Union»-tale denne veka. Fleire i landbruksmiljøet er misnøgde med dette, som dei også var i fjor. Dei Grøne i Parlamentet nytta høvet til at ho sa for lite om klima, og at den nyleg vedtekne landbrukspolitikken (CAP) ikkje var ambisiøs nok på klima. Von de Leyen sa likevel litt om klima og den nyleg presenterte lovpakken Fit for 55. Ho sa EU vil setje ein pris på utslepp, men at det må vere ei rettferdig fordeling for å klare omstillinga. Ho sa også at IPCC-rapporten frå tidlegare i haust viser at EU må gjere meir. Korona fekk ein sentral plass i talen. Von der Leyen skrytte av at 70% av EU-folket er vaksinert (LRF Brysselnytt/Politico/AgraFacts).

Finsk regjering overlever konflikt om karbonnøytralitet
Eit kompromiss mellom Senterpartiet og Dei Grøne redda den finske regjeringa frå å måtte gå av. Konflikten dreidde seg om korleis Finland skal finansiere målet om å bli karbonnøytrale i 2035. Auka bensinprisar og landbrukets bidrag var mellom sakene partia hadde problem med å bli samde om. Statsministeren gjekk frå rommet og ba dei to partia bli samde seg imellom. Dei to partia vart samde om å redusere utsleppa med 14-15 megatonn CO2 ved hjelp av investeringar i berekraftig energi, forsking og innovasjon. Men klimaprogram for arealbruksektoren vart utsett og bensinprisane vil ikkje gå opp. Rolla til ekspertar og uavhengige vitskapsfolk skal styrkast, noko Dei Grøne var glade for, ifølgje Euractiv.

Svensk minister ansvarleg for jordbruk går av
Den svenske næringsministeren, Ibrahim Baylan, går av. Det var svært upopulært i landbruket då dei tidlegare i år miste jordbruksministerposten etter at den vart lagt under næringsdepartementet. No vil næringsministeren gå av. Han har lyst å gjere noko anna etter mange år i politikken, og stiller ikkje til gjenval. Han vil formelt gå av på Sosialdemokratane sin partikongress i november, då også statsminister Löfven går av. Ein ny minister vil bli oppnemnd av den nye partileiaren, som sannsynlegvis blir Magdalena Andersson, ifølgje SVT.

EU åtvarer om djupe konflikter i WTO
EUs handelskommissær Valdis Dombrovskis åtvare om djupe konfliktar mellom WTO-land då han møtte direktøren i Verdas Handelsorganisasjon (WTO), Ngozi Okonjo-Iwela denne veka. Dombrovski meiner WTO er på eit lågpunkt no, med manglande forhandlingsmakt, tvisteløysingsorganet i fryseboksen og ei splitta medlemsmasse. USA har lenge blokkert oppnemning av nye dommarar til appelldomstolen for tvisteløysingsorganet, som no er ute av funksjon. I februar kom EU med fleire reformforslag. No vil dei ha med seg fleire likesinna land til å presse på for å få igjennom ei reform. WTOs generaldirektør takka i etterkant av møtet EU for «ei veldig konstruktiv tilnærming», ifølgje Euractiv.

- WTO-framgang på landbruk avhengig av medlemmene
- Medlemmene sjølve må ynskje framgang og forhandling og må vere i førarsetet. Det sa leiar for landbruksforhandlingane i WTO, Gloria Abraham Peralta frå Costa Rica på eit uformelt møte i landbrukets forhandlingskomite nyleg. Peralta la fram ein tekst i sommar som ho meiner kan hjelpe forhandlarane å skifte gir fram mot ministermøtet i november. 7 område blir nemnt i teksten, mellom anna internstøtte (norsk prisstøtte inngår her), marknadstilgang, eksportrestriksjonar og openheit. På internstøtte meinte Peralta det var for tidleg å bli samde om konkrete kutt på ministermøtet. For marknadstilgang meiner Peralta ein kan bli samde om meir openheit og eit arbeidsprogram for tida etter ministermøtet. Det er planlagt nytt forhandlingsmøte 20.september, ifølgje WTO.

Storbritannia utset veterinærkontrollar til EU
Storbritannia har bestemt seg for å utsette nokre element ved kontrollen på EU-grensa, særleg knytt til sanitære og fytosanitære (SPS)-varer. Til dømes vil krav om å førehandsmelde matimport bli utsett frå oktober til januar. Nye krav til helsesertifikat for eksport vil blir utsett frå oktober til juli neste år, det same vil sjekk av phytosanitære sertifikat og fysisk sjekk av SPS-varer. Krav om deklarasjon på import vil også bli utsett frå januar til juli neste år. Overgangsperioden for handel med Nord-Irland blir også utsett på ubestemt tid, ifølgje det britiske bondelaget.

Sveitsisk fôrprogram reduserer metanuslepp
Det sveitsiske selskapet Agolin har produsert fôr som viser seg å redusere metanutslepp, ifølgje finske Landsbygdens Folk. Dette blir vist gjennom to pilotprosjekt, eitt i Nederland og eitt i USA. 65 gardar og meir enn 15 000 kyr er testa. Metanutsleppa går ifølgje Agolin Ruminant ned med 10-20%. Sjølv små doseringar gjer utslag, ifølgje selskapet. Mineralfôret er alt i sal i Sveits. Bøndene der får tilgang til fôret utan tilleggskostnader. Til gjengjeld avstår bøndene frå sine eigne reduksjonsrettar for manglande utslepp til selskapet. Det foregår no uavhengig vurdering av fôret. Når dette er gjennomført vil det bli mogleg å omvandle senka utslepp til utsleppsrettar som ein kan kjøpe og selje. Overskotet frå utsleppshandelen skal selskapet bruke for å dekke meirkostnader for fôret og kostnader ved sertifisering.

Cargill vil betale amerikanske bønder for karbonvenleg jordbruk
Gigantselskapet Cargill vil byrje å betale bønder for å bruke metodar for å betrar jordhelsa og fangar karbon. Slike metodar, som dei kallar regenerativt landbruk, vil ifølgje Cargill hjelpe kundar som kjøper deira produkt å møte berekraftsmåla. Landbruket står for rundt 10% av klimautsleppa i USA. Cargill meiner det faktum at selskapet når heilt frå jordet til ferdigprodukt på kjøt og fôr gir dei ein fordel. Også andre selskap som Indigo Ag har byrja betale bøndene for å ta opp karbon, ifølgje Bloomberg.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp