Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 1 - 2022

I denne fyrste utgåva i 2022 kan du mellom anna lese om matmerking på høyring i EU, fugleinfluensa i Danmark, irske kyr som må bøte med livet for klimaet og verdas fyrste førarlause traktor.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God jul!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag
 
EU-høyring om merking
EU-kommisjonen har opna ei høyring om merking av matvarer. Høyringa vart opna 13.desember og går fram til 7.mars. Høyringa dekker merking om ernæring på framsida av pakken, merking av opprinning og dato, ifølgje AgraFacts. Dette er del av oppfølging av jord-til-bord-strategien. Ernæringsprofilar som skal hindre påstandar på mat som ikkje møter ernæringskvalitetar er også del av initiativet. Kommisjonen vil også ha innspel på merking av alkoholhaldige drikkar, noko som er del av EUs strategi mot kreft. Merking er del av EØS-avtala og kan difor også vere relevant for Noreg. Sjå høyringa på Kommisjonen sine sider
 
60 000 danske kalkunar slakta etter fugleinfluensa-utbrot
For andre gong i år er det utbrot av fugleinfluensa på ein kalkunfarm i Danmark. 60 000 kalkunar må avlivast på ein gard på Sjælland etter utbrot denne veka. Tidlegare på nyåret måtte 36 000 kalkunar avlivast på Lolland etter utbrot der, ifølgje Landbrugsavisen. Begge besetningane er eigde av tyske APM Danmark AS, som har ni danske kalkunfarmar og er størst i Danmark. I november vart ein tredje besetning frå same selskap ramma av fugleinfluensa. Også i 2020 og 2021 var det utbrot på APM Danmark sine gardar, til saman no sju utbrot på gardar i dette selskapet.
 
EU spår nedgang i svineproduksjon – oppgang i økomjølk
EU-kommisjonen ventar at svineproduksjonen og -eksporten vil falle dei neste 10 åra. Forbruket i EU er også venta å falle, ifølgje Landbrugsavisen. Kommisjonen slår fast at det er usikkerheit knyt til spådomane på grunn av afrikansk svinepest. EU-kommisjonen ventar at gjenoppbygging av den kinesiske svineproduksjonen vil gi mindre eksport frå EU. Total svine-eksport frå EU er venta å falle med nærare 2% fram mot 2031. Forbruket av svinekjøt ventar dei også vil gå ned i EU grunna omsyn til miljø, -samfunn og sunnheit. Nedgangen i forbruk er venta å vere 0,5% årleg, eller ned frå 32,5 kg/innbyggar til 31 kg/innbyggar i 2031. Samla produksjon er venta å gå ned med 0,8% årleg i EU fram mot 2031. Oksekjøtproduksjonen vil gå ned med 8%, men auka etterspurnad etter økologiske meieriprodukt vil derimot gi ei dobling i produksjonen dei neste 10 åra, spår Kommisjonen
 
Irsk klimaplan kan gi 1,3 mill færre kyr
Irlands klimaplan om å redusere klimagassutsleppa med 51% fram mot 2030 kan føre til 1,3 millionar færre kyr i landet. Landbruket i Irland står for 37% av drivhusgassutsleppa. Ambisjonen er i dag å redusere utsleppa frå landbruket med 30%. – Med fleire folk i verda som treng vår mjølk vil andre land med høgare CO2-avtrykk produsere mjølka i staden. Då eksporterer vi berre problemet og det hjelper jo ikkje klimaet, seier Aine O`Connell frå det irske bondelaget IFA. Ho meiner forslaget vil øydelegge økonomien for mange bønder. Revisjonsselskapet KPMG anslår at 30% kutt vil koste landbruket 30 mrd danske kroner og 56 000 arbeidsplassar, ifølgje danske Landbrugsavisen/Jyllandsposten.
 
Færre og større bruk i EU
Færre og større bruk er ein klar trend i heile EU, ifølgje svenske ATL. Dette framgår av førebelse tal frå Eurostat som skal publiserast fullstendig i andre halvår av 2022. Dette er del av EUs strukturundersøking som kjem kvart 10.år. Dei siste tala går frå 2010 til 2020. Ikkje alle landa har sendt inn fakta enno, men tala viser mellom anna at talet på bruk i Sverige har gått ned med 17% og 100 000 gardar har forsvunne i Frankrike i tiårsperioden, noko som tilsvarar 21%. Storleiken på gardane i Sverige har i snitt gått opp frå 43, 4 hektar til 51 hektar. Den svenske forskaren Helena Hansson ved SLU seier totalproduksjonen ikkje har blitt mindre. Ho meiner tala kan gi eit skeivt bilete sidan små eigedomar også blir rekna inn. Talet på større bruk i Sverige som sysselset minst ein person på heiltid er no rundt 20 000. Utviklinga mot færre og større bruk i Sverige har pågått tydeleg sidan 1990-talet, og er i stor grad driven av teknologiutviklinga, ifølgje Hansson. Forskarane meiner trenden påverkar meir livet på bygda enn matproduksjonen.
 
70% mindre produksjon i bulgarske drivhus
Høge gassprisar går hardt utover drivhusproduksjonen i Europa. I Bulgaria har produksjonen av grønsaker frå drivhus gått ned med nærare 70%. Ifølgje Euractiv har dette gitt mangel på tomatar og agurkar i den bulgarske marknaden. 10 000 arbeidarar er sagt opp og drivhusnæringa krev no statleg kompensasjon på 70% av utgiftene. Gassprisane steig i byrjinga av januar med 30%, noko som er mindre enn i Vest-Europa grunna langsiktige forsyningsavtaler med Russland og Azerbadjan. Men bøndene i det fattige landet har det allereie tøft økonomisk og krev statleg kompensasjon, som til dømes bønder i Hellas har fått.
 
WTO-mini-ministermøte i januar
Verdas Handelsorganisasjon (WTO) planlegg eit digitalt mini-ministermøte 21.januar, ifølgje Washington Trade Daily. Der skal dei diskutere kva WTO-medlemmene kan levere og framtidig arbeidsprogram. Møtet kjem i staden for det årlege World Economic Forum i Davos (Sveits), der WTO-medlemmene har tradisjon for å møtast. Omikron-utbrotet gjer at Forumet ikkje kan haldast fysisk som vanleg. Det planlagde ministermøtet i Verdas Handelsorganisasjon i månadsskiftet november/desember måtte som kjent avlysast grunn Omikron-utbrotet. Fiskerisubsidiar og unntak for patentreglar på korona-vaksiner er aktuelle tema for mini-ministermøtet.
 
Verdas fyrste førarlause traktor
Deer & Company har no lansert verdas fyrste førarlause traktor, ifølgje amerikanske Axios. Selskapet samanliknar dette med når traktoren tok over for hesten, og meiner traktoren kan hjelpe i ei tid med dårleg tilgang på arbeidskraft og aldrande bønder. I USA er gjennomsnittsalderen for bønder 55 år, og meir enn 80% av folk bur i urbane strøk. Deere har hatt automatiserte traktorar sidan 1999, men då har føraren måtte sitte i traktoren. No kan bonden sette traktoren på jordet og styre den frå telefonen eller datamaskina. Traktoren har GPS-styringsstem, inkludert kunstig intelligens og maskinlæringskapasitet, samt seks par med stereo-kamera. Posisjonen blir sjekka opp mot såkalla «geofences».
 
Kanadiske mjølkebønder tapar sak mot USA
I den fyrste panelsaka knytt til USA og Canada si frihandelsavtale, USMCA, får USA medhald i at Canada ikkje kan reservere mesteparten av importkvota for mjølk til kanadiske foredlarar. USA meiner Canada gir mesteparten av importkvotane til kanadiske foredlarar, som ikkje har insentiv til å importere. Dei meiner dette hindrar import av mjølk frå USA, ifølgje amerikanske AgDaily. Amerikanske mjølkebønder og foredlingsindustri har pressa på for å ta opp saka, og er glade for utfallet. Men Canada hevdar på si side at dei vann sidan panelet anerkjende det kanadiske marknadsreguleringssystemet og at fordeling av importkvotane kan brukast til å støtte opp under dette systemet, ifølgje Washington Trade Daily.
 
Biden rullar ut tiltak for betre konkurranse i kjøtindustrien
Biden lanserte måndag ein plan for å betre konkurransen i kjøtindustrien, ifølgje Progressive Farmer. Biden meiner dei største kjøtforedlarane får ein for stor del av prisen, medan bøndene er taparane. Før pandemien kosta storfekjøt 4 dollar per pound (ca 0,45 kg), no er prisen oppe i 5 dollar. Bøndene får berre 39 cent for kvar dollar av salsprisen på storfekjøt. – Dette viser ein marknad som er øydelagd av manglande konkurranse, seier Biden. Gjennom aksjonsplanen for meir rettferdig, konkurransedyktig og robust verdikjede for kjøt og kylling vil Biden m.a. gjere det enklare for bønder å klage på brot på antitrust-lovgjevinga og den såkalla Packers and Stockyards Act, som skal sikre rettferdig konkurranse og verne om forbrukaren. Biden vil ifølgje ABC News bruke 1 mrd dollar frå koronakrisepakken til å støtte små uavhengige kjøtforedlarar. I dag dominerer fire selskap 85% av storfemarknaden. Konsumentprisane i USA har gått opp 6,8% siste året, det høgaste på 39 år. Storfeprisane har gått opp 21%, ifølgje ABC News. National Farmers` Union er glade for forslaget. Dei har heilt frå oppstarten av bondelaget hatt styrking av bonden i verdikjeda som ei hjartesak.
 
USA med ny «Product of  USA» på kjøt
USA vil lansere ny og betre opprinningsmerking på kjøt. Dette er også del av å styrke verdikjeda for mat (sjå sak over). Merket «Product of USA» skal vise tydelegare kva som er produsert i USA. Med dagens merkereglar kan produkt vere merka med USA sjølv om dyret er oppala i eit anna land og berre vidareforedla i USA. Biden-administrasjonen har som ei førebuing starta ein grundig gjennomgang av dagens regelverk. Dette kan føre til reaksjonar frå WTO, som tidlegare har motteke klagar på USAs kjøtmerking, ifølgje Washington Trade Daily.
 
Merking frå GMO til «bioengineering» i USA
Frå 1.januar innfører USA ei ny merking av genmodifiserte produkt. Frå å vere merka GMO vil dei no bli merka «bioengineered», altså framstilt med bioteknologiske metodar. For å få denne merkinga må at maten innehalde påviseleg genetisk materiale som har blitt endra gjennom laboratorieteknikk og ikkje kan bli oppnådd ved avl eller funne i naturen. Merking av GMO har vore svært kontroversielt i USA, og industrien har vore sterke motstandardar. Kravet om at det skal vere påviseleg i produktet gjer at ultraprosesserte produkt som maissirup og soya-olje kan falle utanom, ifølgje Politico.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp