Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 02 - 2022

Denne gongen kan du m.a. lese om EU-parlamentet som vil ha betre dyrevelferd under transport, effektar av Green Deal på landbruket, samt høge prisar og ulvediskusjon.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

EU-parlamentet vil ha betre dyrevelferd under transport
EU-parlamentet stemte denne veka igjennom eit forslag for betre dyrevelferd under transport. Vedtaket var basert på forslag frå ein spesialkomite som vart nedsett for 18 månader sidan. Parlamentet vil ha betre dyrevelferd under transport, oppdatere EU-reglane og ha ein eigen EU-kommissær med ansvar for dyrevelferd. Dei tilrår maks 8 timar transporttid innanlands for dyr til slakt, maks 4 timar transport for drektige dyr i siste trimester, unngå transport av kalvar under fire veker som ikkje er avvende (unnateke av bønder og maks 50 km). Parlamentet vil også ha overvakingskamera under på- og avlessing og at nasjonale styresmakter berre kan godkjenne transport viss temperaturen er mellom 5 og 20 grader. Medlemslanda skal inspisere transport til land utanfor EU og berre godkjenne om dei følgjer europeisk dyrevelferdsstandar. Ein bør gå over til transport av kjøt i staden for levande dyr, meiner Parlamentet. Dei oppmodar Kommisjonen til å legge fram ein handlingsplan om dyrevelferd på transport seinast i 2023 og oppretting av fond for å minimere sosioøkonomiske effektar av endringane. Bonde- og samvirkesamanslutninga Copa-Cogeca synest forslaga er for strenge og vil heller ha betre kvalitet på transporten og vitskapleg baserte reglar for kvar enkelt dyrerase (Parlamentet/Copa-Cogeca).
 
Green Deal gir 10-20% produksjonsfall
Ein ny rapport frå Universitetet i Wageningen viser at EUs Green Deal kan gi 10-20% nedgang i produksjonen av plantevekstar og nedgang i inntektene til bøndene. Rapporten tek utgangspunkt i ulike scenario basert på landbruksstrategien av Green Deal, jord-til-bord, og effektane av denne på 10 plantevekstar og 27 gardar spreidde over heile EU. Ved 50% redusert bruk av plantevernmiddel, 20% redusert bruk av gjødsel, 50% mindre avrenning og tilsidesetting av 10% av jordbruksområdet vil effekten bli eit fall i produksjonsvolum på i snitt 10-20%. For enkelte produkt, som eple, kan produksjonen falle med 30%, medan til dømes sukker vil ha liten effekt av tiltaka. Prisen er venta å gå opp på produkt som vin og oliven. Dette vil igjen kunne føre til mindre eksport og meir import av desse produkta, ifølgje rapporten. Dette kan gi bruk av 2,5 millionar hektar meir areal i andre land for å kompensere for auka import, medan fall i eksport frå EU vil bety bruk av 4,4 millionar hektar større arealbruk i land utanfor EU, ifølgje rapporten. Føresetninga er same etterspurnad etter desse produkta som i dag. Plantevernmiddelprodusentane sin organisasjon CropLife Europe og bonde- og samvirkesamanslutninga Copa-Cogeca er med på finansieringa av rapporten (AgraFacts/Hortidaily/Wageningen Universitet).
 
Høge prisar men dyre innsatsfaktorar for EU-bøndene
Prisane er høge, men marginane til bøndene er under stort press. Det er ein av konklusjonane i eit dokument lagt fram for EUs landbruksministrar 17.januar. Der framgår det at matsektoren i EU stort sett har kome seg på beina igjen etter koronaeffekten. Eksporten har auka med 8% frå januar til september. Verdas matvareprisar har gått opp 27% frå november i fjor til november i år, melder FNs matorgan FAO. I EU gjekk prisane opp 13% i siste kvartal, samanlikna med i fjor. Men samtidig har det vore ein sterk auke i energiprisar som m.a. har gitt ei dobling i gjødselprisane siste året. Møtet der rapporten vart lagt fram er det fyrste i det franske formannskapet. Den franske landbruksministeren vil prioritere sertifisering av kolinnbinding i skog og jord og krav ved inngåing av handelsavtaler om like strenge produksjonsreglar som i EU (AgraFacts/LRF).
 
- Kylling like berekraftig som storfe og svin
Ein ny studie frå Nature Food viser at produksjon av storfekjøt og svin i Europa er like berekraftig som kyllingproduksjon. Forskarane bak den nye studien meiner at EAT-Lancet-dietten må endrast for å passe med europeiske forhold, ifølgje svenske ATL/Dagens Nyheter. – Det er ikkje kjent om diett-tilrådingar som foreslår lågare inntak av dyreprotein er kompatibelt med eit sirkulært matsystem, skriv Nature på heimesidene sine Dei har samanlikna effektane av sirkularitet på tilgangen på animalske ernæring i Europa og ernæringstilrådingane i EAT-Lancet-dietten. EAT-Lancet-diett tilrår store mengder kylling over storfe og svin, medan sirkulære matsystem produserer mjølk, storfe og svin. – I eit berekraftig matsystem trengs griser og kyr, seier professor Christel Cederberg til Dagens Nyheter.
 
«All time high» prisar og kostnader i 2021
Prisar på mat og innsatsfaktorar auka som kjent kraftig i 2021. Det svenske bondelaget, LRF, følgjer prisane tett og lagar indeks tilpassa svenske forhold. Siste totalindeks frå desember 2021 viser «all time high» prisar. Innsatsvarer steig mykje meir enn jordbruksprodukt, noko som vi veit senka lønsemda for bøndene. Auka etterspurnad etter pandemien og flaskehalsar i produksjonen ga stigande prisar, samtidig som geopolitikk førte til stigande prisar på energi, ifølgje LRFs Internationella Perspektiv. Animalske produkt auka med 27% og vegetabilske produkt med 34% (korn 31%) i Sverige i 2021. Dette er høgare enn både 2007/2008 og 2011. Dieselprisane, som gjekk kraftig ned i 2020 pga pandemien, steig med 80% frå januar til oktober, og fall så med 7% fram til jul. Fôrprisane i Sverige steig med 31% i 2021. Gjødselprisane vart tredobla i 2021, ifølgje LRF-indeksen.
 
Afrikansk svinepest i Italia
Utbrot av svinepest i Piemonte fører til trøbbel med eksport av den berømte lufttørka parmaskinka, melder danske Landbrugsavisen. Kina, Japan og Taiwan har lukka dørene for italienske svineprodukt og Sveits har innført restriksjonar på importen. Dette kan føre til meir svinekjøt på den europeiske marknaden. Men effekten er ikkje venta å vere så stor, sidan Italia berre står for 2,4% av EUs eksport av svinekjøt.
 
Uro over ulv i EU-parlamentet
Talet på rovdyr i EU har auka så mykje at enkelte parlamentsmedlemmer ynskjer å revidere Habitat-direktivet frå 1992. Det kom fram på møte i landbrukskomitéen til Parlamentet nyleg. – Situasjonen då var heilt annleis. Statusen for mange av rovdyrtypar er mykje betre no, sa leiaren for komiteen, Norbert Lins frå Tyskland. Fleire medlemmer i komiteen var samde i at politikken må takast opp på ny. Konflikten er aukande og det blir vist til sauerasar i Sør-Tyrol som er utryddingstrua på grunn av ulv. Det er full konflikt mellom landbrukskomiteen og miljøkomiteen som har ansvar for Habitat-direktivet. No inviterer landbrukskomiteen til debatt med miljøkomiteen om saka, ifølgje AgraFacts.
 
WTO-sjef vil ha fart i forhandlingane
Pragmatisme, kreativitet og fleksibilitet i alle forhandlingane var ynsket av WTOs generaldirektør Ngozi-Iwela då fleire WTO-medlemmer møttest til digitalt mini-ministermøte i dag. Ifølgje WTO støtta dei fleste medlemmene i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) ministerens forslag om å få fart i arbeidet. Ministermøtet i WTO som skulle ha vore i Genève i november vart utsett grunna utbrotet av omikron. Rundt 30 ministrar møttest i dag til det som vanlegvis er eit mini-ministermøte i Davos i samband med World Economic Forum. Det er ikkje klart når neste ministermøte blir, men generaldirektøren oppmoda ministrane til å arrangere digitale og hybride møte og halde oppe arbeidet. Mange ministrar var spesielt utolmodige etter å finne løysingar på fiskerisida og pandemi-tiltak. Unntak for patentregelverk for vaksinar har vore eit viktig tema siste tida. I samband med møtet uttalte også den amerikanske handelsrepresentanten at ein må tilbake til ein ny tankegang om handel etter pandemien som er meir arbeidarvenleg med fokus på høg levestandard, openheit, inklusivitet og konkurranse. Fokus skal vere på å betre liva til folk, ikkje berre generere rikdom, sa Tai ifølgje Washington Trade Daily.
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp