Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 37 byr på:

  • Vinn 15000 kr!
  • Julegleder for barn, frist 19. september
  • Øving "Varsling og samband" 20. og 21. september
  • Sju grunnar til å bli med på tidenes største Kveik!
  • Utsett frist for søknadar om tilskot frå Sparebankstiftinga
  • NGF-instruktørkurs på Eid
  • Startkurs nye frivillige - Teams 19. september
  • Bli kursholdar du også!
  • Kurstreff
  • Søk midlar til aktivitet for 2023 - frist 1. oktober
  • Til minne om Stian Torvanger Antonsen
  • Rekorddeltaking på Fylkestreff for unge
  • Vekas frivillig: Olaug Søvde-Flølo
  • 8 nye aktivitetsønske, 77 nye medlemmar i Diba

Vinn 15 000 kroner! 

Laurdag 1. oktober går startskotet  for medlemsvervekonkurransen 2022. Les meir om konkurransen her. 

Les meir om konkurransen her: https://sway.office.com/h99hgMkl36lfzitW?ref=email

Treng de trykksaker, profileringsartikler eller meir informasjon for å ta del i konkurransen, ta kontakt med Rune Rajendram, rune.rajendram@redcross.no, 92426255 

JULEGLEDER FOR BARN (Gjensidigestiftelsens juleaksjon 2022) - FRIST 19. SEPTEMBER 

Fristen for å søke om Julegledar for barn er allereie no måndag 19. September. Det er særs viktig at dykk får inn søknadane innan denne tid i søknadsportalen.  

Du går inn på Søknadsportalen via verktøykassa på Korsveien.no. På framsida av Søknadsportalen vil du finne knappen “søke penger”. Du får då opp neste side med ulike skjemaer. Her vil du finne skjemaet som heiter “Gjensidigestiftelsens juleaksjon 2022”. Ta gjerne kontakt med ditt lokale NAV, barnevern, helsestasjon for å få tal barn som treng ein juleglede.  

Ta kontakt med oss om du trenger hjelp i søknadsportalen.  

 

Beste helsing 

Thor Erlend Mehammer, Irene Grøneng og Tom James på distriktskontoret.  

Thomas.james@redcross.no 

Thor.mehammer@redcross.no 

irene.groneng@redcross.no  

Foto: Henning A. Hellebust

Øving "Varsling og samband" 20. og 21. september

Vi minnar om øving i "varsling og samband" 20. og 21. september på Teams. 

Logg dykk på Teams kl 18.00 ein eller begge desse kveldande. Så blir de losa gjennom eit program og små øvingar saman med distriktsstyret. Hensikta er å sjekke ut eigen kapasitet og eigne moglegheiter på varsling og samband. Vi avsluttar med ei kort oppsummering og er ferdige til kl. 21.00.

Tanken er at øvinga blir informativ og konkret. Gjennom å oppleve varsling til eigen mobiltelefon, høyre og halde i ein “sambandsradio” vil det bli meir handfast kva desse to nøkkelfunksjonane kan gjere for oss i høve beredskap.  

Vel møtt til øving 20. og 21.september kl 18-21! 

For spørsmål kontakt Pål A. Dahl (pal.andreas.dahl@redcross.no).

Sju grunnar til å bli med på tidenes største Kveik! 

  • Fleire, meir varierte og betre kurs enn nokosinne, med tema for kvar smak og interesse.  

  • Kveik (foredrag) om effekten av humanitært arbeid i konfliktområde, ved utanrikskorrespondent  Kadafi Zaman frå TV 2. 

  • Innlegg om korleis Røde Kors jobbar i krise- og konfliktområde, ved Morten Tønnesen Krokan. 

  • Vi følgjer opp ny nasjonal førstehjelpsstrategi på ein spennande og inkluderande måte. 

  • Du kan møte nokon av personane bak «Mitt Røde Kors» og frivilligservice ansikt til ansikt, som del av ein godlynt innfallsvinkel til temaet «digitale løysingar i Røde Kors». 

  • Qveik (quiz) med distriktskontorets einaste walisar. 

  • Og dans med Ludvik Van Luster. 

Hugs at Kveik er ein inspirasjons- og læringshelg for ALLE frivillige i Sogn og Fjordane, ikkje berre for dei i styre og stell. Meld på nye frivillige som vil bli kjent med Røde Kors, gamle frivillige som treng ein vitamininnsprøyting, aktive frivillige som fortener ei god oppleving – og deg sjølv, uansett kva grunn du måtte ha. Påmeldingsfrist 30. september. 

Påmelding og program finn du her 

For spørsmål kontakt Rune Rajemdram (rune.rajendram@redcross.no)

Utsett frist for søknadar om tilskot frå Sparebankstiftinga


Distriktet har avtale med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om å fordele tilskott til søknader frå lokale Røde Kors-ledd. I vår vart det tildelt 600.000 kroner, og i haust står resterande 200.000 kroner til disposisjon. Normalt har distriktet hatt søknadsfrist 1. september, men i år er fristen utsett til 1. oktober. 
 
Søknaden må som eit minimum innehalde ei omtale av tiltaket, aktiviteten eller investeringa, inkludert kva ein vil oppnå, samt eit kostnadsoverslag og planlagt finansiering. Søknader om tilnærma 100 % finansiering utan at det er grunngjeve kvifor, vil bli avkorta. Utfyllande informasjon vil gje betre vurderingsgrunnlag og styrke søknaden.
 
Søknader skal sendast på e-post til irene.groneng@redcross.no

NGF-instruktørkurs på Eid 

Det vert NGF-instruktørkurs på Eid laurdag 19. og sundag 20.november. Ein må delta begge dagane. Deltakarane må ha bestått KFØR eller tilsvarande. 

Vi får hovudinstruktør frå Norsk førstehjelpsråd, Hans Martin Hansen, som og var hovudinstruktør på tilsvarande kurs i juni. Meld deg på og/eller ta kontakt med aktuelle kandidatar og gje melding til Margrethe Skåden, tilrettelegger opplæring, margrethe.skaden@redcross.no, 48120586.  
 
 
Bilete lånt frå Norsk Førstehjelpsråd   

Startkurs nye frivillige - Teams 19. september. 

Målet med "Startkurs nye frivillige" er å få frivillige raskare og enklare ut i aktivitet. Startkurset skal motivere og engasjere nye frivillige og gje dei ein god start på reisa i Røde Kors. Samtidig skal kurset bidra til forståing av rolla som frivillig og innsikt i kva det inneber å vere trygge førstehjelpere. Kurset skal gi motivasjon og ønske om å lære meir om til dømes førstehjelp og psykososial førstehjelp. 

Start klokka 18.00. Varigheit tre timar inkludert 2 x 10 minutt pausar. Maks 25 deltakarar.  

Påmelding via ressurssystemet. Sjå lenka under. 

19. september 2022 

Bli kursholdar du også!

Grunnleggande pedagogikk - Læring i Røde Kors er vårt felles grunnlag for læring i Røde Kors. Kurset vert tilrådd alle som driv opplæring i Røde Kors 

Fagheftet – læring i Røde Kors er meint som eit støtteverktøy for kursholdarar, instruktørar, veiledarar og tilretteleggar for opplæring av frivillige og ansatte i Røde Kors. Fagheftet kan bestillast i Markedsportalen

Grunnleggende pedagogikk – Læring i Røde Kors er eit fleksibelt opplæringsløp som kan gjennomførast meir eller mindre digitalt. 

Røde Kors-skulen set opp eit nasjonalt og digitalt kurs i november. 

Kurstreff  

Minnar om kurstreff i Førde 5. november (stad er ikkje avklart enno).  

På kurstreffa tilbyr vi ulike kurs for nye og erfarne frivillige. Det vil vere fast tilbod om startkurs, psykososial førstehjelp, besøksvenn, migrasjon og beskyttelse. Det kan òg arrangeres andre kurs etter førespurnad frå lokale ledd, kontakt tilsette på DK for ønsker om spesifikke kurs!  

Klikk deg inn på lenkja for påmelding og meir info om haustens treff. 

Kurstreff - Røde Kors (rodekors.no) 

For spørsmål kontakt Katja (katja.nielsen@redcross.no), Thor Erlend (thor.mehammer@redcross.no) eller Jon (jon.langeland.thomsen@redcross.no).

Søk midlar til aktivitet for 2023  

Minnar om at søknadsfristen for lokalforeiningar å søke midlar til aktivitet er 1. oktober for alle aktivitetane utanom Julegleder som har frist 19. september. 
 
For midlar til dei nasjonale aktivitetane søker man via Søknadsportalen, som ein finn inne på Korsveien.

Distriktet har og oppretta eit søknadsskjema for alle aktivitetar man ikkje kan søke på via Søknadsportalen.
Søknadsskjema finner man her:
  
https://forms.office.com/r/0XqS5UNHxV 
 
Dette gjeld Til Topps, Lokale familiedagar, øvrige migrasjonsaktivitetar, søk og redning/hjelpekorps, midlar til aktivitet for ukrainske flyktningar, nettverksarbeid og andre oppvekstaktivitetar og anna innanfor omsorg. Det er og mogleg å søke om midlar til diverse investeringar.  
 
OBS! Distriktet har og tilgjengelege midlar til aktivitet for Ukrainske flyktningar som og gjeld for hausten 2022. det kan ein og søke om her.  
 
For spørsmål knytt til midlar for 2023 kontakt distriktskontoret på dk.sognogfjordane@redcross.no

Til minne om Stian Torvanger Antonsen


Sogn og Fjordane Røde Kors har mista ein bauta. Mannen som i stor grad har bidratt til å bygge opp det hjelpekorpset som vi har i dag, let etter seg eit stort sakn og tomrom.

Les minneordet i si heilhet her: https://www.rodekors.no/lokalforeninger/sogn-og-fjordane/om/aktuelt-og-nyhende/stian-antonsen-til-minne/
 

Rekorddeltaking på Fylkestreff for unge

70 ungdommar var samla på Nesholmen for å lære om mellom anna førstehjelp og branntryggleik. Dei fekk også prøve seg på å snakke i samband og på å legge katastrofesminke. Ei kjekk helg med flotte ungdommar! Les meir her og sjå filmen under. 

https://www.rodekors.no/lokalforeninger/sogn-og-fjordane/om/aktuelt-og-nyhende/fylkestreff-2022/

Vekas frivillig: Olaug Søvde-Flølo
 

- Utan Røde Kors hadde eg ikkje vore der eg er i dag, seier Olaug Søvde-Flølo.  

Olaug sitt første møte med Røde Kors var på Fylkestreff for unge. Der møtte ho ungdom som ho hadde mykje til felles med og der kunne ho vere seg sjølv. 

- Det var ein plass eg kunne komme til utan bekymringar, det einaste vi gjorde var å dele glede og ha det kjekt i lag. Det var den einaste plassen eg kunne vere meg sjølv i ein periode, seier Olaug.  

I Røde Kors Ung møtte Olaug sin andre familie, og dei eldre gutane der har blitt som storebrødre for ho. 

- Dei gav meg alt, tryggleik, ein heim, ein stad å komme til, nokon å snakke med. Det dei gav meg som sleit litt, det vil eg også gje til andre, seier Olaug.  

Og det har Olaug fått høve til ved å vere frivillig på ferieleiarar og Fylkestreff, og ved å vere medlem i Distriktsråd Ung, som arrangerar Fylkestreffet og mykje anna, som til dømes konferansen Smerta ein ikkje ser. I fjor vart ho også spurt om å vere leirsjef på «Ferie for alle», som yngste leirsjef nokon gong. 

- Eg var litt overraska og kjente på at eg som 19-åring skulle vere sjef for folk som kanskje var 30 år eldre enn meg. Eg tenkte at denne gjengen stolar verkleg på meg, så no må eg gjere ein god jobb, seier Olaug og legg til at det har gått bra, men at ho aldri hadde klart det utan dei frivillige som var med.  

Gjennom å møte folk, å bli sett og å få ansvar har Olaug blitt tryggare. Og ho takkar spesielt «storebrødrene» sine for det. 

- Røde Kors har hjelpt meg å vakse, å både bli kjent med meg sjølv og andre. Og eg har lært meg å stå litt meir opp for meg sjølv, fortel Olaug.  

Olaug har flytta til Tromsø for å studere, men er framleis medlem av d-rådet, men har trappa ned frå å vere nestleiar til å vere medlem. Ho har tenkt å fortsetje å vere med i Røde Kors, og å bidra med frivillig arbeid. 
 
- Eg kan ikkje forlate familien min heilt enno. Det er fint å ha noko å komme heim til også, då har eg to familiar å komme heim til. Og engasjementet mitt forsvinn ikkje så lett, det er kjekt å vere med å hjelpe andre, avsluttar Olaug. 
Siste veka har vi fått 8 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba. Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Askvoll
  • Flora
  • Gloppen
  • Hyllestad
  • Sogndal
Siste veka har desse lokalforeiningane fått til saman 17 nye medlemmar. Gratulerer!
  • Askvoll
  • Gaular
  • Gloppen
  • Gulen
  • Luster
  • Naustdal

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:


Kveik: 21.-23. oktober

Sjå heile kalendaren her.


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev for hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Dronegruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps på øving. 
 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
Bli frivillig på "Ferie for alle"!
John frå Gaupne var ein av fleire deltakarar som fekk sitte på med Hjelpekorpset sine scooterar denne dagen. 
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!