Copy

Neste NIFS-møte 18. november


Tema for NIFS-møtet i november er "Hvordan forbedre informasjonssikkerhetsarbeidet i din virksomhet - fem viktige områder". Møtet blir arrangert digitalt. 

I samarbeid med fleire andre aktørar utarbeider vi rettleiing og ressursmateriale på fem viktige område innan informasjonssikkerheit. Vi vil snakke om korleis de kan nytte dette til å betre informasjonssikkerheita i eiga verksemd.

Møtet er i hovudsak retta mot offentleg tilsette, men vil denne gongen vere ope for alle med interesse for informasjonssikkerheit. NIFS-medlemmene vil få invitasjon på e-post.

NIFS-møta er opne for alle offentleg tilsette. Ønsker di verksemd å bli med i NIFS, eller har andre spørsmål om NIFS, send ein e-post til infosikkerhet@digdir.no.

Sikkerheitsmånaden 2020 er over

     
Nasjonal sikkerheitsmånad er ein årleg kampanje i oktober med formål å skape bevisstheit om informasjonssikkerheit. I år arrangerte Digitaliseringsdirektoratet to webinar saman med Foreningen kommunal informasjonssikkerhet (KiNS). Tema var "Sammen om en sikker digital offentlig sektor". Webinara var godt besøkt med godt over 100 deltakarar på kvart webinar, frå både statleg og kommunal sektor.

Sikkerheitsmånaden er over, men det er viktig å arbeide systematisk med informasjonssikkerheit heile året.

Presentasjonar og opptak frå begge webinara finn du på nettsidene våre.
Opptak fra "Sammen om en sikker digital offentlig sektor" dag 1

Øv deg på betre digital sikkerheit


Regjeringa har lansert ei øvingspakke med øvingsscenario om  informasjonssikkerheit, som alle norske verksemder kan gjere bruk av. Digitaliseringsdirektoratet har vore med på å utarbeide scenarioa saman med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM). DSB har leia arbeidet. Alle øvingane er samla på portalen ovelse.no.  

DSB eig plattforma bak ovelse.no og ho er drifta av Norwegian Cyber Range ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).  

Hensikta med øvingspakka er å hjelpe statlege og kommunale verksemder til å bli betre på å handsame framtidige hendingar.

Ny logo og profil



Som de kanskje har sett så har Digitaliseringsdirektoratet fått ny logo og ny profil. Vi gler oss over at vi kan nytte fleire fargar.
Kommende arrangementer
18
nov
NIFS-møte: Hvordan forbedre informasjonssikkerhetsarbeidet i din virksomhet - fem viktige områder »
Digitalt møte
Se alle arrangementer »