Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 19 - 2020

Denne gongen kan du lese om EUs kriterium for berekraftige investeringar, Storbritannias nye landbrukspolitikk, Australias mangel på sesongarbeidarar og USAs forhold til EU og Kina. Gløym ikkje å logge deg inn på fredsprisseminar om familielandbruket kl 12: https://www.facebook.com/events/428793164801574
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag

EU-høyring på kriterium for berekraftig investeringar
EU-kommisjonen har lansert høyring på det fyrste av to sett med kriterium for kva som skal reknast som berekraftige investeringar, også kalla taksonomien. I dokumentet som no er sendt på høyring prøver ein ifølgje AgraFacts å lage eit klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar. Tekniske kriterie blir foreslått som skal avgjere kva som skal til for at ein aktivitet er klimavenleg og ikkje til skade for også andre miljøomsyn. Sjølve lovverket vart vedteke i juni og vil også vere relevant for Noreg gjennom EØS-avtala. Lovverket er ei forordning og gir dermed lite rom for endringar, men er no sendt på høyring i Noreg. For landbruket kan det t.d. påverke kva investeringar som får støtte frå private aktørar og kva det vil koste. På lenger sikt kan det også påverke offentleg støtte, trur EU-bøndene i Copa-Cogeca. Sjå meir om taksonomien her

Storbritannia med ny landbrukspolitikk
Storbritannia er i ferd med å utmeisle sin eigen landbrukspolitikk etter Brexit. Ein overgangsperiode vil gå frå 2021 til 2027. I denne perioden planlegg England å redusere og stoppe direkte støtte. I staden vil dei bruke pengane på å støtte landbruk på andre måtar, m.a. for å betre miljøet og dyrevelferden og redusere karbonutsleppa. Målet er eit jordbruk som er økonomisk berekraftig utan støtte. Fyrste del av planen vart publisert 30.november. Tidlegare i november gjekk sjølve landbrukspolitikken Agriculture Bill gjennom Parlamentet. Bønder og landeigarar vil gjennom denne politikken få offentleg støtte for å levere offentlege gode som reinare luft og vatn, jordhelse, viltliv og betre klima. Wales, Nord-Irland og Skottland er også i gang med å lage sin eigen landbrukspolitikk (National Farmers` Union).

Australske avlingar rotnar med stengde grenser
Fyrst var det fleire år med tørke. Når veret og avlingane endeleg vart bra kom pandemien. No risikerer australske bønder å sjå avlingane rotne bort på grunn av mangel på arbeidskraft, skriv svenske ATL. Vanlegvis er det ryggsekk-turistar og arbeidarar frå fattige stillehavsland som Vanuatu og Tonga som plukkar og pakkar mango, jordbær, vindruer og andre vekster. Utanlandsk arbeidskraft utgjer rundt 50% av sesongarbeidskrafta. No kjem dei ikkje inn, og jordbruket manglar 26 000 arbeidarar. Statlege forsøk på å få dei 7% arbeidsledige inn i jobbane har ikkje lukkast, trass i lovnader om nesten 40 000 svenske kroner for å dekke kostnader, skriv ABC News. Australia omset jordbruksprodukt for rundt 380 mrd svenske kroner i året. Ris, kveite, frukt/nøtter, grønsaker, korn bomull og raps er største vekstgruppene.

Biden vil halde på Kina-tollen
Komande amerikansk president Joe Biden stadfester at han ikkje har umiddelbare planar om å fjerne tollen Trump innførte mot kinesiske varer. Han vil fyrst sjå effektane av tollen og konsultere med allierte. I eit intervju med New York Times sist veke sa Biden at den beste Kina-strategien var å koordinere alle allierte i Asia og Europa. Dette vil bli hans prioritering dei fyrste vekene i presidentstolen. Han vil fokusere på Kinas kritikkverdige handelspraksisar, som steling av intelektuell eigedom, dumping, ulovleg støtte til bedrifter og tvungen teknologioverføring. Gjennom avtala Trump laga skulle Kina over ein toårsperiode kjøpe amerikanske varer for 200 mrd dollar meir enn i 2017. Men Kina har enno ikkje oppfylt kravet. Frå januar til oktober i år har Kina berre oppfylt 55% av målet for kravet i år. Trump-administrasjonen eskalerte krigen mot Kina sist veke. Det kvite hus åtvara amerikanske investorar mot å investere i kinesiske selskap, innførte visarestriksjonar for ei rekke offisielle kinesiske tenestemenn, og avslutta fleire kulturprogram med Kina, ifølgje WashingtonTradeDaily.
EU ynskjer fornya samarbeid med USA.

EU-kommisjonen har håp om betre relasjonar med USA.
I ein uttale nyleg foreslår EU å samarbeid om m.a. korona, klima og miljø. EU vil samarbeide om handel med utsleppsrettar, prising, skattar og avgifter, mellom anna gjennom karbontoll.  Finansministerkandidat Yellen har tidlegare sagt ho er positiv til ein slik toll. EU ynskjer også å samarbeide om regelverk for berekraftige finansar (taksonomien).  Trump-administrasjonen har på si side kritisert EUs klimapolitikk. Det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) forfatta nyleg ein kritisk rapport (som for øvrig mange EU-bønder likte) om EUs Farm to fork-strategi. I 2021 vil ein breiare handelsagenda bli lansert, ifølgje svenske LRFs Internationella perspektiv. Biden sa i valkampen at han ville gjere slutt på den kunstige handelskrigen med EU. Den nye utanriksansvarlege, Anthony Blinken, har også sagt at USA må betre den økonomiske relasjonen til EU. Samtidig har EUs handelskommissær Dubrovskis sagt han ikkje trur på ei omfattande handelsavtale med USA lik TTIP. Men mindre avtaler om liberalisering på andre varer enn landbruk kan vere aktuelt, seier Dubrovskis til Euractiv.

Noreg vil styrke WTO-arbeidet for miljø, klima og berekraft
Noreg har saman med m.a. Canada, Sveits og New Zealand lansert eit forslag om “strukturerte diskusjonar” om handel, miljø og berekraft i Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Klima, sirkulær økonomi, biodiversitet og globale verdikjeder er døme på tema som skal opp, ifølgje regjeringa

Øko og vegetar på veg ned i Sverige?
Trenden med økologisk og vegetarisk mat kan vere på veg nedover i Sverige, ifølgje svenske ATL. Marknadsføringa for økologiske produkt og for vegetariske produkt har gått ned siste åra, ifølgje Matpriskollen. Daglegvarekjeden ICA har redusert sine kampanjar for økologiske produkt med 27,5% i 2020. Riskdekkande økokampanjar har gått ned med ca 1000 mellom 2017 og 2020. Riksdekkande kampanjar for vegetarmat har gått ned med 20% siste året. Men ICA Maxi har auka marknadsføringa for vegetarprodukt og meiner kampanjar generelt for mat har gått ned under pandemien.
Brexit-forhandlingane er i skrivande stund inne i siste sluttspurt. Framleis er det fisk, konkurransereglar reglar for gjennomføring av avtala som står igjen. Forhandlingane er no trekt opp på øvste nivå. Den britiske statsministeren Boris Johnson og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen skal no møtast for å prøve å dra avtala i land, ifølgje BBC

Til slutt: her kan du lese om korleis EU har oppretthalde produksjon og forsyningslinjer under koronakrisa i ein rapport frå landbruksråden i Brussel

Og heilt til slutt: Gløym ikkje å logge deg inn på fredsprisseminar i morgon (i dag?) tysdag 8.desember kl 12-13.30. Landbruksminister Bollestad, Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete er mellom innleiarane om famililandbrukets rolle som fredsskapar. Arrangør er Bygdekvinnelaget, Bygdeungdomslaget og Bondelaget: https://www.facebook.com/events/428793164801574

 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2020 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp