Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 1 - 2021

Denne gongen kan du m.a. lese om britiske bønders reaksjon på EU-Storbritannia-avtala, danske og amerikanske kosthaldsråd og bøndenes reaksjonar på storminga av den amerikanske kongressen.
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag

Britiske bønder letta etter EU-avtale
Bøndene i Storbritannia er letta over at EU og Storbritannia på sjølve julaftan vart samde om ei ny handelsavtale etter Brexit. Den største frykta var at Storbritannia skulle stå igjen utan avtale når overgangsavtala gjekk ut 1.januar. Meir enn 60% av produksjonen av mat og drikke (verdi på 14.5 mrd pund) blir eksportert til EU. Med den nye avtala kan dette no eksporterast toll- og kvotefritt til EU. – Avtala er veldig positive nyheiter for britisk landbruk…Tollfri eksport til EU-marknaden er heilt avgjerande for landbruket, seier leiar Minette Batters for det britiske bondelaget, NFU. Men ho peikar likevel på at handelen over grensene ikkje vil vere knirkefri: - Nye kontrollar, papirarbeid og krav til eksportørar vil gi auka kostnader og kompleksitet, seier Batters til ITV. Ifølgje Financial Times/AgraFacts kan det også by på problem at minst 50% av produktet må vere britisk. T.d. vil britisk kveite eksportert til Irland få toll fordi det er blanda med kanadisk kveite. Fiskarane føler derimot at dei har blitt ofra for å få ei god handelsavtale. – Manglande sikring av 12-milssona for vern av kystfisket for minst 5 år er spesielt ille, seier direktør Barrie Deas for den nasjonale fiskarorganisasjonen til ITV. EU-trålarar kan framleis fiske i britiske farvatn, men verdien er redusert med 25%, noko som vil bli fasa inn over 5,5 år. Det vil vere detaljerte kvotar for over 100 fiskeslag. Etter 2026 vil dei to partane forhandle tilgang på respektive havområde. EU har gitt Storbritannia 3.landsvilkår, som betyr at dei møter helsestandardar for å kunne eksportere levande dyr og animalske produkt til EU, ifølgje inews. Det blir også oppretta eit eige tvisteløysingsystem, uavhengig av EU-domstolen, ifølgje NTB EU-bøndene og samvirka i Copa-Cogeca ynskjer avtala velkomen.

England vil lette på regelverk for genredigering etter Brexit
Ikkje uventa vil den britiske regjeringa bruke fridomen etter Brexit til å revidere regelverket for nye foredlingsteknikkar. 7.januar starta ein konsultasjon om reglane for genredigering som vil gå fram til 17.mars, ifølgje AgraFacts. Miljøminister George Eustice seier at desse teknikkane har stort potensiale som fram til no har blitt blokkert av EU-domstolen. Det britiske bondelaget, NFU, ynskjer  høyringa velkomen, og meiner nye foredlingsteknikkar, som genredigering, kan gi store fordelar for britisk landbruk og miljøet. Skottland, Wales og Nord-Irland har sine eigne regelverk på dette området.

EU-kommisjonen med råd til enkeltland om meir berekraftig landbruk
18.desember publiserte EU-kommisjonen råd om korleis medlemslanda bør utforme sine nasjonale strategiske planar innan den felles landbrukspolitikken (CAP) for å nå målsettingane i Green Deal (EUs vekst- og berekraftsstrategi). Kommisjonen ynskjer at medlemslanda skal presse på og legge til rette for eit meir berekraftig landbruk, samtidig som dei garanterer for inntekta til bøndene. Dei strategiske planane skal ifølgje Kommisjonen fokusere på modernisering og verdiauke i alle deler av verdikjeda, samt styrke miljø- og berekraftsarbeidet i jordbruket, ifølgje svenske LRFs Brysselnytt.

EU satsar på marknadsføring av frukt og grønt og øko
EU-kommisjonen vil bruke 183 millionar euro i 2021 på marknadsføring av jordbruksprodukt. 9,5 millionar av desse skal brukast på marknadsføring utanfor EU. I år er det frukt og grønt, økologiske produkt og berekraftig jordbruk som er prioritert. EUs klima- og miljømål skal ligge til grunn for vurderinga av søknader for bruk av desse marknadsføringsmidlar (AgraFacts/LRF).

Fugleinfluensa truar fransk andelever-industri
Frankrike planlegg masseavliving av and etter utbrot av den svært smittsomme H%N8-varianten av fugleinfluensa. Sidan julaftan har fleire enn 350 000 ender blitt slakta og 400 000 fleire står for tur, ifølgje svenske ATL. Utbrotet starta på Korsika i november og har no spreidd seg til 124 plassar i Frankrike. Leiaren for bransjeorganisasjonen for foie gras-produsentar er uroa, og meiner viruset har teke heilt over. Fugleinfluensaen spreier seg i full fart rundt heile Europa. I tyske Niedersachsen skal til dømes 62 000 ender avlivast. I Sverige måtte 18 000 dyr avlivast på eit klekkeanlegg i Skåne sist veke.

Innhausting i Europas største innandørs dyrkingsanlegg i København
Det er snart innhaustingstid i det 14 etasjar høge og 7000 kvadratmeter store innandørs grøntanlegget utanfor København. Anlegget skal vere det største i Europa, ifølgje svenske ATL. Det er den Taiwan-baserte bedrifta Yes Health Group som driv anlegget, i samarbeid med Nordic Harvest. Det er venta at anlegget går med overskot før året er omme, men tidlegare anlegg av dette slaget har hatt utfordringar med å nå forventingane, ifølgje ATL. Då skal produksjonen bli oppskaldert frå 200 tonn til 1000 tonn per år. Det blir ikkje oppgitt kva type produksjon som skal skje i anlegget, men på bileta å døme er det salatar og urter som skal dyrkast hydroponisk, altså direkte i vatn utan jord.

Danske bønder meiner dansk kjøt og mjølk viktig i nye kosthaldsråd
Et planterikt, variert og ikkje for mykje, er overskrifta for dei nye danske kosthaldsråda. Danske bønder meiner det også burde vore vektlagt å velje danske produkt, sidan sunnheit og klima er i fokus. – Med å kjøpe danske produkt kjøper forbrukarane matvarer der m.a. klimapåverknad, dyrevelferd og dyrkingsforhold er i fokus heile vegen frå jord til bord, seier adm.dir i Landbrug og Fødevarer (LogF), Anne Lawaetz Arhnung. LogF meiner danskane må endre kosthaldet sitt ganske mykje for å følgje tilrådingane om å ete markant mykje meir belgfrukter og fisk og mindre kjøt. LogF påpeiker at kjøt- og meieriprodukt er ein viktig del av eit variert dansk kosthaldet og bidreg med viktige næringsstoff.

Nye amerikanske kosthaldsråd
I romjula kom nye amerikanske kosthaldsråd. Desse blir laga med fem års mellomrom. Nytt i år var råd til små barn og gravide kvinner. Det er også ei breiare tilnærming der ein tilrår forbrukarane til å tenke på at «kvar bite tel». Ein skal velje ernæringsrik mat og drikke med fem kategoriar som skal stå for 85% av kaloriinntaket: Frukt, grønsaker, korn, meieriprodukt og protein. Den rådgjevande komitéen for retningslinjene ville også tilrå berre ei alkoholeining per dag for menn (ned frå to) og berre 6% av kaloriinntaket frå tilsett sukker, men då sette Trump ned foten, ifølgje Politico Weekly Agriculture. Nesten tre av fire amerikanarar er overvektige.

USA innfører meir toll på EU-varer
USA vil innføre nye 25% tollsatsar på ulike typar vin, cognac og andre typar brandies frå Frankrike og Tyskland, samt flydeler. Tollen vil gjelde frå 12.januar og er ei oppfølgjing av striden rundt støtte til flyindustrien. USA meiner EUs tollsatsar i same saka var basert på unormale tal under koronakrisa, då voluma er mykje lågare enn i normale tider. USA endrar dermed sin referanseperiode i tråd med EUs, og tollen går opp. Både EU og USA skuldar kvarandre, med støtte frå WTO, for ulovleg støtte til sin respektive flyindustri (AgraFacts).

Amerikanske landbruksorganisasjonar fordømmer angrepet på kongressen
Dei største amerikanske bondelaga Farm Bureau (FB), og National Farmers Union (NFU) fordømmer begge angrepet på kongressen sist onsdag. – Storming av Capitol eller andre føderale bygningar og trugsmål mot livet til politi, redningsmannskap og politikarar er ikkje svaret, sa leiar Zippy Duval for FB. Organisasjonen blir rekna som meir republikanar-venleg. NFU, som er nærare knytt til demokratane, var raskt ute med å fordømme angrepet: - Vi støttar alle amerikanarane sin ytringsfridom og fredeleg protest, men denne typen truslar og terror høyrer ikkje heime i dette landet og kan ikkje godtakast eller dyttast til side, seier leiar Rob Larew. Det har likevel blitt stilt spørsmålsteikn ved at store bransjeorganisasjonar for t.d. storfe og kylling ikkje har uttalt seg. Ifølgje Bloomberg er det også ei generasjonskløft i reaksjonane, der unge bønder reagerer sterkare enn eldre. Koalisjonen for unge bønder fordømmer det dei kalla terroristangrep som ikkje respekterer demokratiet og hindrar ei fredeleg maktoverdraging.

Argentina stoppar eksport av mais
Argentina stoppar eksport av mais ut februar. Grunngjeving er behovet for å sikre til råmateriale for produksjon av animalsk protein som svin, kylling, egg, mjølk og storfe, der mais står for ein stor del av produksjonskostnadene, ifølgje svenske ATL. Argentina har stigande matprisar og ein krympande økonomi og vil hjelpe låginntektsfamiliar gjennom tiltaket. Men maisindustrien og bondeorganisasjonen CRA er misnøgde og meiner det ikkje er mangel på mais og at dei treng utanlandsk valuta.

 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp