Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 2 - 2021

Merkel som tviler på Mercosur, EU-bønders uro over berekraftstrategi og britiske born som demonstrerer for indiske bønder er mellom sakene du kan lese om denne gongen.
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag

Merkel tviler på Mercosur-avtale
Den tyske rikskansleren Angela Merkel har alvorlege tvil om EUs handelsavtale med Mercosur på grunn av miljøeffekter. Ho er i tvil om avtala kan gjennomførast med den intensjonen som låg bak akkurat no. Merkels talsperson viser ifølgje AgraFacts til nedhogging av regnskog. Merkel hadde dagen før hatt besøk av miljøaktivisten Greta Tunberg. Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay utgjer Mercosur-landa. Også Noreg har framforhandla ei avtale med desse landa som ikkje er vedteken av Stortinget.

EU-bøndene ber Parlamentet ta meir omsyn til landbruk i klimaspørsmål
EU-bøndene og samvirka i Copa-Cogeca har sendt brev til EU-parlamentets miljø- og jordbrukskomitar der dei ber komiteane ta meir omsyn til landbruket i sitt arbeid med Farm to fork-strategien. Copa-Cogeca ber komitane ta omsyn til det som allereie er gjort og pågår for å gjere landbruket meir berekraftig, slik at landbruket er ein del av løysinga i staden for problemet. Dei ber om konsekvensanalyse av strategien om mindre bruk av plantevernmiddel og kunstgjødsel og antibiotika, og understrekar at strategien ikkje må ha negativ effekt på konkurransekrafta. Komiteane diskuterer EUs strategi for berekraftig matproduksjon denne veka, ifølgje LRFs Brysselnytt. Fyrste rapportar tyder på at komiteane i hovudsak støttar Farm to fork, men diskuterer om meir av det som allereie er gjort på berekraft skal takast med i reknestykket, ifølgje AgraFacts. Fleire la også vekt på at ein måtte får med seg både bønder og forbrukarar, og at ein ikkje måtte undergrave økonomi og matsikkerheit.

Taksonomi for berekraftig finansiering utsett  
Kommisjonen fekk 45 000 innspel på kriteria for berekraftig finansiering (taksonomien), inkludert frå Norges Bondelag. 10 medlemsland i sør og aust trua med å blokkere lovgjevinga. No utset Kommisjonen publiseringa av nytt lovverk (delegated act) frå 1.januar til byrjinga av februar for å kunne ta omsyn til innspela. Deretter skal Rådet og Parlamentet ta stilling til forslaget. Forslaget var ei detaljert liste over kva kriterium som skulle leggast til grunn for at ei investering blir rekna som klimavenleg. Det vil kome fleire forslag utover våren på andre berekrakraftsområde. (LRF Brysselnytt/ Euroactiv)

Konsultasjon om berekraftig bruk av plantevernmiddel
Kutt i bruk av plantevernmiddel vart varsla som del av EUs berekraftige matstrategi, Farm to fork. No har Kommisjonen ifølgje LRF opna ein konsultasjon om korleis berekraftig bruk av plantevernmiddel kan oppnåast og korleis dagens direktiv for berekraftig bruk av plantevernmiddel kan betrast. Konsultasjonen er open til 12.april. Det skal gjennomførast ei konsekvensutgreiing som er klar ved årsskiftet. Lovforslag er venta i 2022. Meir om høyringa her Kommisjonen har også lagt ut høyring på bindande mål for i biodiversitetsplanen med frist 5.april.

- EUs handelsavtaler bra for landbruket
Handelsavtaler inngått siste åra har hatt positiv økonomisk effekt på landbruket. Det blir hevda i Kommisjonens ferske studie utarbeidd av Joint Reseach Centre (JRC). Rapporten analyserer 12 handelsavtaler, m.a. med dem latin-amerkanske handelsblokka Mercosur, Japan, New Zealand, Australia og Canada. Hovudkonklusjonen er at EU på landbruk vil få eit handelsoverskot, sidan EU har kapasitet til å auke eksporten. EU set opp fleire scenario. Men det mest ambisiøse scenariet aukar EUs eksport med 25-29% og importen med 10-13%. Medan eksporten til Japan, Mercosur, Thailand og Vietnam vil auke, går eksporten til andre handelspartnerar falle, slik at generell eksportauke vil blir på 3%. Meieriprodukt og svin har spesielt stort potensiale for auka eksport, produksjon og produsentprisar. Importen aukar særleg på storfe og kylling, ifølgje AgraFacts. Mercosur er handelspartneren som vil ta største biten av EU-marknaden.

Kina ynskjer betre samarbeid mellom verdsleiarar
Den kinesiske presidenten Xi Jinping brukte sitt halvtimes innlegg på det virtuelle World Economic Forum denne veka til å oppmode om tettare samarbeid mellom verdas leiarar. Han meiner ein no må legge bak seg historiske konfliktar, og tok til orde for ein firepunkts-plan for korleis dette skulle gjerast. – Koronaviruset må ikkje bli ein unnskyldning for mindre globalisering, sa presidenten. Europeiske ministrar hadde blikket retta mot USA og håpet om betre forhold med Biden som president, ifølgje WashtingtonTradeDaily.

Tsjekkia pålegg daglegvarebutikkar lagring av nasjonale varer
Det tsjekkiske parlamentet har stemt for å krevje at butikkar større enn 400 m2 må tilby minst 55% nasjonale produkt i kategoriar som frukt, grønt, mjølk og kjøt. Andelen vil auke mot 73% i 2028. Lovforslaget skal no til Senatet for avstemming. – La oss får lov å vere litt nasjonalistar på mat, tsjekkisk landbruk og landet vårt, seier landbruksministeren. Men statsministeren er imot og meiner det berre vil føre til sanksjonar. Tiltaket vil sannsynlegvis stride imot EUs fire fridomar. Ambassadørar frå åtte EU-land har alt protestert mot vedtaket, ifølgje AgraFacts.

Indiske bønder held fram protestar – får hjelp frå britiske barn
I over ein månad har indiske bønder protestert i gatene mot nye lover som dei meiner gir reduserte inntekter og manglande garanti for minsteprisar. Regjeringa meiner reformene er nødvendige for å auke bondens inntekter og produktivitet. No har demonstrasjonane nådd Storbritannia, og bøndene får ifølgje BBC støtte frå britiske barn med indiske røter som sender brev til statsministeren og går rundt med plakatar med «Ingen bønder – ingen mat». Dei nye lovene vil reformere reglar for sal, prising og lagring av landbruksvarer, og tillate private oppkjøparar lagring for framtidig sal, noko regjeringa har gjort til no. Bøndene sel i dag mesteparten av varene gjennom eit regjeringskontrollert system med garanterte minsteprisar. Regjeringa har sagt dei skal halde fram systemet med garantert minsteprisar, men bøndene stolar ikkje på det. Bøndene fryktar no at dei vil miste jord og inntekt, og at storselskapa vil bestemme prisane.

Biden gir auka intern matvarehjelp
Mellom dei fyrste ordrane president Biden gav, var å auke matvarehjelpa internt i USA. Mange amerikanarar er avhengige av matvarehjelp. Under pandemien er det gjort estimat på at så mykje som ein av fire born og ein av seks vaksne har opplevd for lite mat. Dette er 50% meir enn før epidemien. Sjølv etter siste krisepakke då matvarehjelpa (SNAP) vart auka med 15% manglar den  gjennomsnittlege mottakaren av matvarehjelp framleis rundt 100 dollar i månaden for å dekke utgiftene til mat. Presidenten vil i tillegg auke støtta til familiar som ikkje lenger får gratis mat i skuletida når skulane er stengde, ifølgje National Farmers`Union som er glad for tiltaka.

Biden og Johnson ulike prioriteringar for frihandelsavtale
Storbritannia og USA har hatt sine fyrste samtale etter at Joe Biden tok over som amerikansk president. Men medan statsminister Johnson er utolmodig etter å sluttføre forhandlingane, seier talspersonen frå Det kvite hus, Jen Psaki, at USA ikkje har ei tidsline for forhandlingane, og at fokus no er på innanlandske utfordringar. – Alt vi gjer må hjelpe amerikanske arbeidarar og middelklassa, seier Psaki ifølgje WashingtonTradeDaily (WTD).

Canada uroleg for «kjøp amerikansk»
Canada er uroleg for Joe Bidens planlagde «kjøp amerikansk»-strategi. Landet er klart for å gå til sak mot tiltak som er til skade for handelen mellom dei to landa, verdt 725 mrd dollar. Det er venta at Biden i næraste framtid signerer ein ordre der han oppmuntrar føderale styresmakter til å kjøpe varer og tenester frå amerikanske selskap, ifølgje WTD.

Bill Gates største eigar av jordbruksland i USA
Verdas fjerde rikaste mann, Bill Gates, er no USAs største private eigar av jordbruksland i USA. Han eig no 242 000 acres (96 000 hektar), spreidd over 18 statar, inkludert Florida og Washington. Gates er også aktiv investor i småbruk i sørlege Sahara og Søraust-Asia og utvikling av «super crops» som er resistente til klimaendringar, og høgtytande mjølkekyr, organisert i Gates Ag One. Men Gates er ikkje den største individuelle landeigaren. Der blir han m.a forbigått av Amazon-sjef Jeff Bezos, med 420 00 acres og CNN-grunnleggar Ted Turner med 2 millionar acres.

 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp