Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 5 - 2021

Denne gongen kan du lese om forslag om karbontoll i EU, meir venskapleg tone mellom EU og USA, mogleg protokoll om avskoging og klima mellom Mercosur og EU og amerikanske bønder som applauderer krisepakke.
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag

EU-parlamentet vil ha CO2-toll
EU-parlamentet vedtok denne veka ein ikkje bindande initiativ-rapport om å innføre ein CO2-toll på grensa for å hindre karbonlekkasje. Tollen skal vere i tråd med WTO-regelverket. Det er venta at EU-kommisjonen kjem med eit lovforslag i andre kvartal i år som ein del av arbeidet med den grøne given (green deal). Rapporten frå Parlamentet er eit innspel til denne. Parlamentet peikar på at dette også blir ein del av ein breiare EU-strategi for industrien, som bør inkludere all import av varer som inngår i EUs klimakvotesystem. Det gjeld i fyrste omgang energiintensive produksjonar som m.a. handelsgjødsel, papir, stål og sement. Inntektene frå tollen skal brukast til å nå måla i EUs grøne giv  (LRF/ Parlamentet).

-Vasskraft og bioenergi er berekraftig meiner 10 EU-land
Bioenergi og vasskraft må klassifiserast som berekraftige investeringar. Det meiner 10 EU-medlemsland som denne veka sende brev til Kommisjonen. Sverige og Finland er mellom landa som skriv under brevet. EU-kommisjonen har nyleg hatt på høyring eit klassifiseringssystem for kva som skal reknast som berekraftig finansiering, også kalla taksonomien. Sveriges energiminister Anders Ygeman, som har teke initativ til brevet, meiner EU-Kommisjonen må sikre at taksonomien blir utført på ein måte som gir auka investeringar i bioenergi, vasskraft og anna fornybar energi, ifølgje LRF Bysselnytt. Også i Noreg har det vore reaksjonar på at t.d.norsk vasskraft ikkje nødvendigvis blir rekna som berekraftig. Også reglane for jordbruk er snevre, noko Norges Bondelag har påpeika i sitt høyringssvar. På grunn av sterk kritikk kjem Kommisjonen no med nye forslag i mars/april. I tillegg kjem forslag på nye berekraftsområde i vår, i tillegg til klima som var tema for fyrste forslaget.

EU og USA kuttar straffetoll – bøndene nøgde
EU og USA er samde om å fjerne straffetollen mot kvarandre i 4 månader. Straffetollen vart innført begge vegar etter WTO-saker om ulovleg toll på dei respektive flyprodusentane Airbus og Boeing. Dette gir partane tid til å finne ei løysing på konflikten. Straffetollen var innført på eksportvarer frå EU til USA verdt 7,5 mrd dollar og eksportvarer frå USA inn til EU verdt 4 mrd dollar. EU-bøndene og -samvirka i Copa-Cogeca seier dette er svært oppløftande for EU-bøndene. I pressemeldinga nemner Copa-Cogeca også at EU og USA bør samarbeide i WTO om ein karbontoll (EU/Copa-Cogeca).

Mogleg protokoll om klima og avskoging i Mercosur-EU-avtale
Det kan bli lagt til ein protokoll om klima og avskoging i den kontroversielle handelsavtala mellom EU og Mercosur (Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay), ifølgje AgraFacts. Avtala er ferdigforhandla, men enno ikkje godkjend av medlemslanda og Parlamentet i EU. Fleire medlemsland er svært kritiske til avtala, særleg knytt til Brasils regnskog og klimapolitikk, men også effektane på landbruk. EU prøver no å få med seg medlemsland og Parlament ved å lage ein tilleggsprotokoll eller deklarasjon. Mercosur-blokka skal vere villige til å lage eit tillegg «for å få avtala godkjent».

FN foreslår nytt system for å måle naturkapital
FN foreslår eit nytt rammeverk som gjer at ein kan rekne inn naturkapital – bidrag frå skogar, sjøar og andre økosystem inn i den økonomiske rapporteringa som elles har eit snevert økonomisk fokus på rein BNP/GDP. Meininga er at dette rammeverket kan brukast fram mot klimakonferansen i Glasgow (COP26) og biodiversitetstoppmøtet i Kumming (COP15) for å underbygge avgjerder med hard data. Ein vil på denne måten kunne sjå korleis dei økonomiske aktivitetane påverkar økosystema, ifølgje ei pressemelding frå FN. EU er positiv til det nye systemet, ifølgje LRF.

WTO-ministermøte i Geneve i november – ny avdeling skal gi resultat
Ministermøtet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) har blitt utsett fleire gonger pga koronapandemien. No er det bestemt at WTOs høgste organ skal møtast i Geneve i veka rundt 29.november 2021. Opprinneleg var møtet planlagt i Kasakhstan i juni 2020. No skal Kasakhstan leie møtet, men plasseringa blir Geneve. Dette er det 12.ministermøtet for dei no 164 medlemmene (WTO). WTOs nye generalsekretær Ngozi Okonjo-Iwela opprettar no ei ny avdeling i sekretariatet som skal fokusere på å levere resultat. Eininga vil jobbe direkte inn mot generalsekretæren og har som hovudoppgåve å hjelpe medlemmer som vil levere resultat på ministermøtet med løysingar og strategisk retning, ifølgje Washington Trade Daily. Fiskerisubsidiar, korona-respons, landbruk og reform er mellom sakene på dagsordenen fram mot ministermøtet.

Amerikanske bønder applauderer krisepakke
Bondeorganisasjonen National Farmers Union applauderer den nye koronapakken på 1900 milliardar dollar som vart vedteken av Kongressen denne veka. Pakken inneheld m.a. auka finansiering av interne matvarehjelp-program og ekstra støtte til bygdesamfunn og landbruket. 4 mrd dollar skal gå til å dele ut overskotsmat til veldedige formål, hjelpe små kjøtforedlarar til å dekke kontrollkostnader og overvaking av dyresjukdomar. Distribusjon av vaksinar på bygda, gjeldsstøtte til bønder som slit og små restaurantar inngår også i pakken. Republikanarane stemte imot pakken, som blir kalla American Rescue Plan. Mest kontroversielt var forslaget om å gi 1400 dollar til ale som tener under 80 000 dollar. President Biden fekk ikkje Kongressen med på å innføre ei minsteløn på 15 dollar timen (opp frå dagens vel 7 dollar timen). Dette er tredje koronapakken (2000 mrd dollar i mars og 600 mrd dollar i desember).

USA diskuterer arbeidarrettar og handel med WTO
USAs visepresident Kamala Harris har diskutert handel som verktøy for rettferd og økonomisk vekst med WTOs nye generaldirektør Ngozi Okonjo-Iweala. I telefonsamtalen mellom dei to tok USA opp korleis betre levestandardar, arbeidarrettar, menneskerettar og levevilkåra for arbeidsfamiliar må vere i sentrum for bruke handel til å løfte samfunn ut av fattigdom.. Koronapandemien, klimaendringar og reform av WTO var også på dagsordenen, ifølgje Det kvite hus/Washington Trade Daily.

Osteimporten opp 19%
Importen av ost inn til Noreg har gått jamt og trutt oppover siste åra. Siste året gjorde den ein ekstra stort hopp på 19% (målt i verdi). Den samla importen har gått opp frå 70, 9 mrd kr i 2019 til 82,6 mrd kr i 2020. Aldri har vi importert så mykje landbruksvarer. Dette kom fram under Landbruksdirektoratet si årlege lansering av Omverdenenrapporten og Marknadsrapporten. På den positive sida er at omsetninga av norske produkt har gått kraftig opp under pandemien. Les meir på heimesidene til Landbruksdirektoratet.

Bekymra for sluttløp med Storbritannia
Næringsminister Iselin Nybø har varsla at regjeringa er i sluttfasen i forhandlingane med Storbritannia om ei handelsavtale. Norges Bondelag er svært uroa og har hatt hastemøte med næringsminister Iselin Nybø: https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/bondelaget-frykter-at-regjeringa-gir-etter-for-press

Og til slutt, vil du lære meir om EUs omsetning av jordbruksvarer fram mot 2030 kan du lese rapporten frå landbruksråd Magnar Sundfør i Brussel.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp