Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 6 - 2021


I denne påskelektyren kan du m.a. lese om usemje om EUs felles landbrukspolitikk, dropp i sal av mat og drikke frå Storbritannia til EU, endringar i handlevanar grunna koronaen og EU-planar for å auke økologisk produksjon.

God påske!
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Framleis stor usemje om ny landbrukspolitikk i EU
Det gjenstår framleis store uløyste spørsmål etter fredagens «super-trialog» mellom dei tre EU-insitusjonane Kommisjonen, Rådet og Parlamentet om ny felles landbrukspolitikk (CAP). Partane er forsiktig optimistiske til semje før sommaren. Definisjonen på ein aktiv bonde, unntak for krisetiltak og den nye såkalla leveringsmodellen (new delivery model) var mellom uteståande tema som vart diskutert. Tak på utbetalingar og omfordeling av midlar er mellom sakene det er vanskeleg å bli samde om. Diskusjonane held fram i neste veke. Planen skal gjelde frå 2023 til 2027 (Politico). Sjå meir bakgrunn om EUs felles landbrukspolitikk rapport frå landbruksråd og matråd i Brussel

Sal av mat og drikke frå Storbritannia til EU ned 75%
Frå januar 2020 til januar 2021 (når Storbritannia var fullstendig ute av EU) har salet av mat og drikke frå Storbritannia til EU gått ned med 75%. Dette viser ferske tal frå britiske Food and Drink Federation, ifølgje AgraFacts. Noko skuldast korona og oppbygging av lager før overgangsperioden gjekk ut 1.januar. Men rapporten konkluderer med at mykje av årsaka ligg i handelsbarrierar utanom rein toll, og i kollaps i såkalla gruppevis utskiping av varer, noko som har utestengt mange små og mellomstore eksportørar. Eksporten til alle land fall i perioden. Til Irland, Tyskland og Italia fall eksporten meir enn 80%. Størst var eksportfallet for laks (98%) og storfe (91,5%). Importen frå EU gjekk samla ned med 25% inn til Storbritannia, med 50% nedgang for svin, 43% for kylling og 37% for storfe (AgraFacts).

Store endringar for EUs daglegvarekjeder grunna korona
Korona-pandemien har ført til store omveltingar for daglegvarehandelen, viser ny rapport frå EuroCommerce (interesseorganisasjon for daglegvarekjedane) og McKensey&Company Meir handling på nett og høgare omsetnad i daglegvare etter at restaurantar og servicemarknaden vart dels nedstengde er mellom dei største endringane. Sal i daglegvare gjekk opp med 10% samla i fjor, 20% i med fyrste nedstenginga i mars. Kostnadene for daglegvarekjedene gjekk opp grunna press på verdikjeda for mat og ekstra krav til hygiene. 60% av kundane skifta butikk eller gjekk over til å handle på nett. Netthandelen gjekk opp med 55% i 2020. 50% av kundane som handla på nett under pandemien planlegg å halde fram med det. Forfattarane av rapporten spår oppsving i etterspurnaden etter økologisk, lokal og regional mat, samt mat som er sunn og berekraftig (AgraFacts).

Plan for å nå 25% økologisk i EU lagt fram
EU-kommisjonen har lagt fram ein plan for korleis dei skal nå målet om 25% økologisk produksjon innan 2030. 23 tiltak skal gjere dette mogleg. Tiltaka er delt på tre område: Fremje forbruk, auke produksjonen og enno meir berekraftig produksjon. Kommisjonen oppmuntrar medlemslanda til å lage eigne handlingsplanar for å auke den økologiske produksjonen. Bøndene og samvirka i Copa-Cogeca ser positivt på marknadsrettinga av planen. Dei peikar på at moglegheita for å ta ut gevinst og kunne reinvestere, og kor stor del av prisen som går til bonden er avgjerande for å kunne lukkast. Dei peikar også på at økologiske bønder må ha tilgang på effektive produkt for å verne vekstar mot m.a. ugras og skadedyr (LRF Brysselnytt).
 
EU-kommisjonen vil analysere effektane av Farm to fork
Etter påtrykk frå EUs landbruksministrar har landbrukskommissær Janusz Wojciechowski uttalt at han vil lage ein konsekvensanalyse av Farm to fork, eller jord til bord-strategien, ifølgje LRF Brysselnytt. Strategien er del av EUs grøne giv for å bli meir berekraftig og klimanøytral. Det er stor uro hjå bøndene og mange politikarar for at tiltaka i Farm to fork er så omfattande at konkurransekrafta til EU-landbruket vil bli svekka. Det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) har tidlegare gjort analysar som viser store tap for EU-landbruket på grunn av Farm to fork.

20 skip med buskap i kø i Suez-kanalen
20 skip lasta med husdyr er mellom dei rundt 450 fartøya som ikkje kom gjennom Suez-kanalen fordi kontainerskipet Ever Given blokkerte kanalen. Det skal ikkje vere akutt fare for dyra, men hadde dei blitt ståande lenger kunne det ha blitt ei tikkande bomber, seier EUs koordinator for internasjonal dyretransport, Gerit Weidinger til The Guardian. Det var ein risiko for svolt og uttørking, samt å bli kvitt avfall og døde dyr. Fleire av skipa er lasta i Spania. Der har styresmaktene stoppa avgang av fleire skip til trafikken flyt som normalt igjen, ifølgje svenske ATL.

Tyske bønder oppfyller klimamål
Tysk landbruk har møtt sine klimamål for 2020. Utsleppa har gått ned til 66 millionar tonn CO2-ekvivalentar, målet var 70 millionar tonn som var målet. Dette er ein nedgang på 2,2%. Landbruksminister Julia Klöckner er nøgd og seier landbruket lever opp til sitt ansvar for å verne klimaet, ifølgje Euractiv.

EUs ombodsmann kritiserer manglande konsekvensutgreiing før Mercosur-avtale
Ombodsmann Emily O`Reilly meiner Kommisjonen skulle ha gjennomført ein konsekvensanalyse før dei skreiv under ei handelsavtale med Mercosur-landa (Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay). Avtale er signert, men enno ikkje vedteken i EU-organa. Økonomiske, sosiale, menneskerettslege og miljømessige konsekvensar var ikkje vurdert tilstrekkeleg før ein signerte avtala, seier Ombudsmannen. O`Reilly meiner ei vurdering burde bli gjort før kvar ny handelsavtale. – EU viser fram sine verdiar gjennom handelsavtalene, seier O`Reilly. Ho meiner mangelen på ei konsekvensutgreiing kan svekke moglegheitene for ein skikkeleg debatt i EU-parlamentet og nasjonale parlament. Saka var meld inn for Ombudsmannen av fleire miljøorganisasjonar (AgraFacts).

Formøte i juli til FNs matsystemtoppmøte
19.-21. juli arrangerer Italia eit formøte til FNs toppmøte om matsystem som skal skje i september i New York. Deltakarar på møtet vil m.a. vere ungdom, småbønder, urfolk, forskarar, privat sektor, politikarar og ministrar for landbruk, miljø, helse og finans, seier FNs matorgan, FAO. På møtet vil ein lansere eit sett med nye forpliktingar gjennom koalisjonar for handling, og mobilisere nye partnarskap for finansiering, melder FAO. Italias statsminister Mario Draghi seier Italia vil ta opp matsikkerheit som leiar for G20-landa. Italia vil engasjere sine partnerar til å promotere eit betre landbruk, berekraftige verdikjeder for mat og ein sunn livsstil, seier Draghi, ifølgje AgraFacts.

EU til sak mot Storbritannia for brot på Nord-Irlandsprotokollen
EU har gått til sak mot Storbritannia for manglande kontroll av matvarer frå Nord-Irland. EU meiner Storbritannia med vilje bryt internasjonal lov ved å utvide overgangsperioden for matvareimport frå Nord-Irland frå mars til 1.oktober. EU kan kome til å innføre dagbøter mot Storbritannia. I den såkalla Nord-Irlandsprotokollen vart EU og Storbritannia samde om at handelen med m.a. landbruksvarer kunne skje fram til byrjinga av mars utan byråkratiske krav om t.d. helsesertifikat for animalske produkt. Etter press frå nord-irsk næringsliv vil Storbritannia no utvide perioden til oktober (AgraFacts).

Fransk opprinningsmerking på mjølk avvist
Fransk høgsterett har avvist obligatorisk opprinningsmerking på mjølk. Den franske merkinga fekk grønt lys frå EU-kommisjonen (men med reservasjon frå generaldirektorata for vekst og for konkurranse). Ordninga hadde ein toårig testperiode frå 2016 som vart vidareført i 2018. Franske styresmakter hevda at forbrukaren si oppfatting av kvalitet er knytt til produktet si opprinning. Høgsterettsdommen er i tråd med EU-domstolen si oppfatting av at opprinningslandsmerking er i strid med EU-prosjektet. Den europeiske meierisamanslutninga, EDA, er glade for dommen og håpar det no er slutt på alle «nasjonalistiske initiativ for obligatorisk opprinningsmerking på mjølk og meieriprodukt» (AgraFacts).

- Klokt å innføre dyrevelferdskrav på import
Det vil vere klokt å innføre krav om like strenge dyrevelferdskrav som i EU for produkt som skal importerast. Det vil også vere i tråd med WTO-regelverket. Det hevdar ein anonym EU-toppbyråkrat til Euroactiv. For å bli godkjent av Verdas handelsorganisasjon (WTO) må kravet ha ei etisk grunngjeving, hevdar EU-byåkraten. Dyrevelferd er eit sentralt tema i EUs Farm to fork-strategi, der dyrevelferdsmerking ligg inne i planane. Meir om EUs dyrevelferdskrav kan du finne i denne artikkelen frå matråden ved den norske EU-delegasjonen: EU har et dyrevelferdsproblem

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp