Tema for NIFS-møtet i april er "Øvelser i egen virksomhet".
Samfunnet sin beredskap har blitt satt på prøve i det siste med ei rekke hendingar. Samtidig viser Digitaliseringsdirektoratet sine undersøkingar om informasjonssikkerheit i statsforvaltninga og i fylkeskommunar og kommunar at verksemdene øver for lite.
På møtet får du blant anna høyre Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) orientere om sin rapport "Risiko 2021 - Helhetlig sikring mot sammensatte trusler" og Helsetilsynet orientere om sin rapport "Forsvarlig pasientbehandling uten IKT?". Vi får erfaringsforedrag frå verksemder som har gjennomført øvingar og vi går igjennom ei diskusjonsøving frå øvingsportalen ovelse.no.
NIFS-møta er opne for alle offentleg tilsette. Ønsker di verksemd å bli med i NIFS, eller har andre spørsmål om NIFS, send ein e-post til infosikkerhet@digdir.no.
Fagspor om informasjonssikkerheit
Foreningen kommunal informasjonssikkerhet (KiNS) og Digitaliseringsdirektoratet har eit eige fagspor om informasjonssikkerheit på Digitaliseringskonferansen i år.
Samanhengande tenester og digitale økosystem stiller stadig større krav til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit. Kva skal til for å sikre trygg og heilskapleg digitalisering?
Møt oss på fagspordagen 27. mai.
Har de erfaringar frå sikkerheitsmånaden?
NIFS-møtet 20. mai skal handle om førebuing til sikkerheitsmånaden.
Vi ønsker å få kontakt med verksemder som har gjennomført opplæring, bevisstgjeringskampanjar, stunt eller andre kampanjar om informasjonssikkerheit i eige verksemd. Har de erfaringar de kan dele? Kva har fungert godt? Kva for planar har de for sikkerheitsmånaden i år?