Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 7 - 2021

Denne gongen kan du lese om manglande måloppnåing for dyrevelferd i EU, antibiotikaresistens og ei utsetting av taksonomien for jordbruket. Danmark har lukkast i å utrydde villsvina, og det er utvikla ei koronavaksine for dyr.

God lesnad!
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgevar i Norges Bondelag

Kommisjonen: EUs mål for dyrevelferd ikkje oppnådd
Ingen av måla for dyrevelferd i EU er fullt ut oppnådde. Det viser eit arbeidsdokument frå EU-kommisjonen Dyretransport, bedøving og halekupering på gris er mellom områda som blir nemnde som problematiske, ifølgje LRFs Brusselnytt/Politico. Desse områda skal no følgjast spesielt opp. Kommisjonen meiner etterleving av EU-regelverket på dyrevelferdsområdet er ei stor utfordring. Nytt forslag til dyrevelferdsregelverk i EU er venta siste kvartal av 2023.  

Framleis mykje antibiotikaresistens i EU
Mykje salmonella og campylobacter er framleis resistente mot vanleg brukte antibiotika, seier EUs mattilsyn, EFSA, i sin rapport for 2018-2019. Over 80% av prøvene av salmonella type S Kentcuky (vanleg i kylling) var resistent til den vanlege anibiotikaen ciprofloxacin. For campylobacter er resistens mot ciprofloxacin no så vanleg  i dei fleste landa at antibiotikumet har begrensa effekt på menneske, melder EFSA, ifølgje AgraFacts.

Taksonomien utsett for jordbruket
Jordbruket blir likevel ikkje med blant dei fyrste økonomiske sektorane i EUs forslag til kriterium for berekraftige finansar, den såkalla taksonomien. Det kom sterke reaksjonar på EU-kommisjonens fyrste forslag til kriterium i klassifiseringssystemet. Dette vil også gjelde for Noreg gjennom EØS-avtala. På jordbruksområdet var forslaga til krav så strenge at berre ein liten del av norsk jordbruk ville ha passa inn i denne «gullstandarden» som blir rekna som berekraftige investeringsobjekt. No er jordbruket teke ut, men berre fram til EU har fått ny landbrukspolitikk på plass. Paraplyorganisasjonen før bønder og samvirke i EU, Copa-Cogeca, er godt nøgde med at jordbruket førebels er teke ut. Organisasjonen var veldig kritisk til fyrsteutkastet, og meiner ei utsetting er det einaste rette. Berre på den måten kan ein sikre at kriteria blir konsistente med den nye landbrukspolitikken, meiner Copa-Cogeca. Dei ber også om å bli meir involverte i prosessen framover. Skogsektoren, bioøkonomi og bioenergi er framleis med i fyrste runde. Det er venta at Kommisjonen kjem med sitt reviderte forslag rundt 21.april.

Svak oppsving for eksport frå EU i 2020 – svin årsak
Eksporten av landbruksvarer frå EU har gått opp med 1,4% i snitt frå 2019 til 2020.  Eksportoverskotet er opp med 3%. Eksporten av svin dreg snittet opp, medan det var nedgang for vin, sprit og skinn. Eksporten i desember gjekk ned med 5%, i november var nedgangen 2%. Importen gjekk også ned med 3% i desember og 1% i november, ifølgje AgraFacts. Det var særleg eksporten til Kina som auka. Dette skuldast i hovudsak ein auke på 74% i sal av grisekjøt. Det var også auke i sal av kveite og barnemat til Kina. I 2020 var oppgangen av eksport til Kina samla sett på 22%, men det var nedgang i desember på grunn av sanitære restriksjonar. Nummer to av eksportlanda var Sveits. Største fall i eksporten var til USA, vin og sprit trakk ned.

EU vil ha regnskog-garantiar frå Mercosur
EU og den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur jobbar med rettslege instrument for å hindre avskoging i Amazonas.  Det kom fram i eit møte i EUs handelskomite nyleg. Kommisjonen innrømmer at det er grunn til bekymring for skogbrannar og avskoging i Amazonas. EUs handelskommissær Valdis Dombrovskis har sagt at trass i gode økonomiske grunnar er tida enno ikkje inne til å formelt godkjenne avtala som er ferdig framforhandla. Kommisjonen har som mål å få gjort noko med bekymringane utan å gjenopne avtala, og samtidig halde på balansen som ligg i avtala. Det er ikkje venta at avtala blir godkjend før tidlegast i slutten av 2021, ifølgje AgraFacts. Det er gjennomført konsekvensutgreiing av berekrafta i avtala, der avskoging blir peika på som eit stort problem.

Thunberg kritiserer EUs nye forslag til landbrukspolitikk
Den svenske klima-aktivisten Greta Thunberg og allierte har bedt EUs visepresident Frans Timmermans om å trekke tilbake Kommisjonen sitt forslag til ny felles landbrukspolitikk i EU (CAP), viss det ikkje er i tråd med EUs grøne giv og Paris-avtala. Timmermans er klima-ansvarleg, og har sjølv trua med å trekke tilbake forslaget viss Parlamentet og Rådet ville vatne ut miljø- og klimadelane i forslaget. Han har no moderert seg til å seie at det ikkje er demokratisk rett av han å trekke tilbake avtala, men han vil følgje nøye dei vidare diskusjonane om CAP. Thunberg meiner forslaget til ny landbrukspolitikk ikkje er i tråd med Paris-avtala. Tida for dei små stega er over, meiner ho. Timmermans var nøgd med møtet med Thunberg og har ifølgje media invitert henne igjen. 16.april skal Kommisjonen, Parlamentet og Rådet etter planen igjen møtast til såkalla trialogmøte om CAP (AgraFacts/Politico).

Opprop for regulering av genredigering
Meir enn 160 organisasjonar frå sivilsamfunnet og næringslivet ber i brev til EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans om at alle organismar framstilt ved hjelp av genteknikkar (som til dømes Crispr) framleis skal regulerast i tråd med EUs GMO-standard. Dei krev at slike produkt ikkje kjem inn i verdikjeda for mat på ulovleg vis, og at EU tek eit klar standpunkt imot å sleppe gendrivande organismar ut i naturen. Sjå heile brevet her

Optimistiske for EU-landbruket i 2021
EU-kommisjonen er optimistisk for EU-landbruket i 2021. Fyrste marknadsanalyse for 2021 viser at EU-landbruket har klart seg bra gjennom koronakrisa. Høgare sal av daglegvarer og forbruk i heimen har delvis kompensert for tap i service-sektoren. Når vaksinasjonsprogrammet er kome langt nok er utsiktene for EU-landbruket gode for 2021, meiner Kommisjonen. Prisane på plantevekstar er stigande, noko som hjelper bøndene å kompensere for auka utgifter til innsatsfaktorar. Viss dei gode avlingsutsiktene slår til vil fôrkostnadene stabilisere seg og minske presset på husdyrsektoren. Dette kan lette på dei negative effektane av svineinfluensa og fugleinfluensa. Forbruket av svin og kylling går opp, medan det er nedgang på storfe. Når service-sektoren opnar igjen vil også forbruket av meieriprodukt gå opp, noko som er viktig både for innanlands forbruk og eksport frå EU. Forbrukarane i EU brukar også meir vin og olivenolje, og er forventa å halde fram med å ete meir fersk frukt i heimen også etter koronaen (Euractive/Kommisjonen).

Talet på mjølkekyr ned i Tyskland og Frankrike – opp i Danmark
I dei store mjølkelanda Tyskland og Frankrike går talet på mjølkekyr nedover. I Tyskland er det no under 4 millionar kyr. I Frankrike er det 3,4 millionar kyr, noko som er ein nedgang på 1,7% i 2020. Tre land har auka talet på mjølkekyr. Det er Danmark, Irland og Belgia, ifølgje det svenske bondebladet, Land Landbruk.
 
Villsvin nesten utrydda frå Danmark
Etter tre års jakt og bygging av grensegjerde mot Tyskland reknar danske Naturstyrelsen med at det no berre er ei handfull villsvin igjen i heile Danmark. I 2018 gjekk danske styresmakter til krig mot villsvina, som dei såg på som ein trussel mot den viktige danske svinenæringa. Samanlikna med Sveriges sekssiffra tal villsvin, var jobben i Danmark ganske overkommeleg, konkluderer svenske ATL. I 2018 rekna Naturstyrelsen i Danmark med at det var mellom 50 og 100 villsvin i Danmark. I dag er det færre enn 5 igjen. Danmark kjem til å oppretthalde fôringsplassane for villsvin også etter at dei siste villsvina er borte, sidan Flensburgfjorden mellom Tyskland og Danmark på det smalaste berre er 1200 meter.

Halvparten så dyr skog i Noreg som i Sverige
Skogsmark i Noreg kostar berre halvdelen så mykje som svensk skog, ifølgje svenske ATL, som refererer til Glommen Mjøsen Skog. Prisane er klart lågare enn alle andre land ein kan samanlikne seg med, ifølgje Glommen Mjøsen Skog. Dette trass i at prisreguleringa av skogeigedommar vart teke vekk i 2017 og prisane har gått opp med 50-60%. Sjå meir om saka her

Russisk korona-vaksine for dyr
Verdas fyrste koronavaksine for dyr er registrert i Russland, ifølgje svenske ATL. Vaksinen har blitt testa ut i haust på hundar, kattar, fjellrevar, minkar og andre dyr, oppgir jordbruksstyresmaktene. Preparatet heiter Carnivac-Cov. Vaksinen gjer ingen skade og skapar høg immunitet, og alle dyra utvikla antistoff, ifølgje russiske styresmakter. Immuniteten skal vare i seks månader.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp