Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 37 byr på:

  • Distriksråd omsorg inviterer til områdemøte for Sunnfjord
  • Vervekonkurransen 2022
  • 4 veker til Kveik!
  • NGF-instruktørkurs på Eid
  • Røde Kors-skulen - Onsdagswebinar
  • Søk midlar til aktivitet for 2023 - frist 1. oktober
  • 30 prosent av dei eldre seier at dei kjenner seg einsame
  • Unge som gleder med besøk
  • Vekas frivillig: Åslaug Brudevoll
  • 6 nye aktivitetsønske, 10 nye medlemmar i Diba

Distriktsråd omsorg inviterer til områdemøte for Sunnfjord 


Distriktsråd omsorg tykkjer det er svært viktig og nyttig å få møte dei lokale tillitsvalde i omsorg, og inviterer difor til lokale områdemøter i distriktet. Onsdag er turen kome til Sunnfjord. 

  

Stad:     Kantina i Røde Kors-bygget i Førde (Langebruvegen 28, 4. etasje)  

Tid:        Onsdag 5. oktober kl. 18.00 til 21.00 

På områdemøtet vil det vere høve til å bli betre kjent med kvarandre, dele erfaringar på tvers av lokalforeiningar og med distrikt, og få betre kjennskap til det som rørar seg på distriktsnivå. 

Det er ynskjeleg at tillitsvalde i lokalråd og ulike aktivitetsstyrer i omsorg i lokalforeiningar i området deltek på områdemøta. Slik får vi møte flest mogeleg i den flotte organisasjonen vår. Vi ynskjer òg lokalforeiningsleiinga hjarteleg velkomen. 
 

Faste tema for områdemøta er 

  • Runde rundt bordet for å bli betre kjent med kva som røra seg lokalt. 

  • Beredskap. 

  • Opplæring. 

  • Besøkstenesta. 

  • Besøksteneste ung. 

  • Varslingssystemer. 

  • Internasjonalt arbeid. 

  • Ferie for alle og rekruttering av frivillige. 

  • Søknadsportalen og økonomiske midlar til aktivitet. 

  

Ta kontakt med distriktsrådsleiar for omsorg Arne Dale på a.dale4@icloud.com  eller 950 39 740 dersom du ynskjer at det vert tatt opp andre tema. Frå distriktsrådet deltek Britt Optun, Jorun S Åsen, Jan Sande, Jan Monsen og Arne Dale. Kjem du? 

Grunna servering treng vi ei oversikt over tal deltakarar, og helst i løpet av kvelden tysdag 4. Send ei melding til irene.groneng@redcross.no om dette. 

Vervekonkurransen 2022. 

I morgon (1. oktober) startar årets vervekonkurranse. Den lokalforeininga som vervar flest nye medlemmar, og den lokalforeininga som har høgast prosentvis vekst i løpet av oktober månad, vinn 15 000 kroner kvar. 2. premie i begge kategoriane er 5000 kroner. 

Les meir om vervekonkurransen her 

For å hjelpe dykk litt på veg vil distriktskontoret legge ut ein sak på Sogn og Fjordane Røde Kors Facebook-sidene sine, med ei oppfordring om å teikne medlemskap. Nye medlemskap generert på denne måten vil bli registrert på rett lokalforeining basert på adresse. 

Vi oppmodar alle lokalforeiningar om å legge ut tilsvarande sak på eigne SoMe-sider. Mal og bilete finn dei her: 2210_Vervekonkurranse 

For spørsmål kontakt Rune Rajendram, rune.rajendram@redcross.no 

 

4 veker til Kveik! 

Søndag går påmeldingsfristen til Kveik ut. Har du ikkje meldt deg på endå, byrjar det å haste. Husk òg at Kveik er ei inspirasjonshelg for ALLE frivillige i Sogn og Fjordane Røde Kors. Det er ikkje alle som får Agenda, så vêr snill å spreie ordet dersom de har nye frivillige, engasjerte frivillige som fortener å oppleve Røde Kors Sogn og Fjordane på sitt beste.

For program og påmelding, trykk her: https://www.rodekors.no/lokalforeninger/sogn-og-fjordane/om/arrangement/kveik/ 

NGF-instruktørkurs på Eid 

Det vert NGF-instruktørkurs på Eid laurdag 19. og sundag 20.november. Ein må delta begge dagane. Deltakarane må ha bestått KFØR eller tilsvarande.  

Vi får hovudinstruktør frå Norsk førstehjelpsråd, Hans Martin Hansen, som og var hovudinstruktør på tilsvarande kurs i juni. Meld deg på og/eller ta kontakt med aktuelle kandidatar og gje melding til Margrethe Skåden, tilrettelegger opplæring, margrethe.skaden@redcross.no, 48120586. 

NB! Få ledige plassar!!!!


 
Bilete lånt frå Norsk Førstehjelpsråd   

Røde Kors-skulen - Onsdagswebinar 

Onsdagswebinara er ein arena for erfaringsutveksling og gjensidig læring for kurshaldarar og andre som tilrettelegger for læring i Røde Kors. Fokus er på felles verktøy og utrulling av kurs.  

Lenke til onsdagsvebinara finn du her:Røde Kors-skolen - Onsdagswebinarer 

UKE 40 5. okt - Praktisk øvelse i førstehjelp - for instruktørar og kurshaldarar. Påmelding i ressurssystemet. 

  • kl. 13:30-15:00 kurskode #64124 

  • Kl. 19:30-21:00 kurskode #64126 
     

Kontakt Margrethe Skåden for spørsmål: margrethe.skaden@redcross.no

Søk midlar til aktivitet for 2023 - frist 1. oktober!

Minnar om at søknadsfristen for lokalforeiningar å søke midlar til aktivitet er i morgon 1. oktober.
 
For midlar til dei nasjonale aktivitetane søker man via Søknadsportalen, som ein finn inne på Korsveien.

Distriktet har og oppretta eit søknadsskjema for alle aktivitetar man ikkje kan søke på via Søknadsportalen.
Søknadsskjema finner man her:
  
https://forms.office.com/r/0XqS5UNHxV 
 
Dette gjeld Til Topps, Lokale familiedagar, øvrige migrasjonsaktivitetar, søk og redning/hjelpekorps, midlar til aktivitet for ukrainske flyktningar, nettverksarbeid og andre oppvekstaktivitetar og anna innanfor omsorg. Det er og mogleg å søke om midlar til diverse investeringar.  
 
OBS! Distriktet har og tilgjengelege midlar til aktivitet for Ukrainske flyktningar som og gjeld for hausten 2022. det kan ein og søke om her.  
 
For spørsmål knytt til midlar for 2023 kontakt distriktskontoret på dk.sognogfjordane@redcross.no

30 prosent av dei eldre seier at dei kjenner seg einsame


Røde Kors markerar Den internasjonale eldredagen lørdag 1. oktober med rapportlansering. I rapporten kjem det mellom anna fram at heile 40 prosent av Røde Kors sine frivillige besøksvener trur at den dei besøker ikkje får nok hjelp av kommunen. Det kjem også fram at tre av ti eldre ynskjer å vere meir aktive og at 30 prosent av dei eldre kjenner seg einsame. 

Rapporten “Glemt i eget hjem – hvordan hindre at hjemmet blir en institusjon uten sosial kontakt i alderdommen” bygger på datainnsamling fra 500 av Røde Kors sine frivillige besøksvener, samt ei spørjeundersøking blandt eldre heimebuande utført av Opinion på vegne av Røde Kors.

Unge som gleder med besøk


- Det er kjekt å gje nokon den gleda. Dei som får besøk er jo gjerne folk som er mykje aleine og har lyst på besøk. Det er kjekt å gje dei noko positivt i kvardagen, seier Guro Gjernes Nedrevåg.

Les om Guro og Synne Skrede som er ein del av Besøksteneste Ung her. 

https://www.rodekors.no/lokalforeninger/sogn-og-fjordane/om/aktuelt-og-nyhende/besoksteneste-ung/
 

Vekas frivillig: Åslaug Brudevoll


- Eg har lyst å bidra med det eg kan, seier Åslaug Brudevoll (89). 

Åslaug vart med i Røde Kors og i Besøkstenesta i Førde Røde Kors for over 20 år sidan og har sidan den gong gleda mange med sitt gode humør. 
 
Åslaug gleder ofte andre med blomar og ho vert av mange kalla blomsterpiken. «Desse skal du få for alt du finner på», brukar ho å sei når ho gjev blomar til nokon som fortener merksemd. 
 
I Røde Kors har Åslaug delteke på og arrangert hyggelege aktivitetar og samlingspunkt, som til dømes ‘Opplevingar saman’ og Juletrefest. Åslaug har også vore mykje på besøk til folk som har hatt behov for at nokon kjem og lys opp kvardagen for dei. 

Åslaug er født omsorgsfull, i ein periode var ho så ofte på besøk på Helsetunet at ho fekk spørsmål om ho var der kvar dag. Ho besøker framleis mange, og ho har ein aktiv kvardag, sjølv om ho nærmar seg 90 år. Langt frå alle besøka er organisert gjennom Røde Kors, men alle er like viktige. 

- Eg føler at eg lever med dei forskjellige tinga eg er med på, og det held meg oppe det at eg kan gå ut, fortel Åslaug.  

Åslaug er engasjert i fleire ulike lag og organisasjonar. For Røde Kors har ho også bidrege med å selge lodd, kalendarar og raude nellikar. 

- Kalendarar har eg solgt tusenvis av, seier Åslaug.  

For Åslaug betyr det mykje å bidra og å hjelpe andre. Det å kunne bu heime og det å kunne komme seg ut er viktig for Åslaug. Åslaug meiner at det komme seg ut er oppskrifta på å unngå einsemd.  
 
Åslaug ynskjer å fortsetje å komme seg ut, å møte folk og å spre glede så lenge ho klarer. 
 
- Det gjev meg veldig mykje. Eg føler at eg vil leve lenger når eg kan bidra med noko, fortel Åslaug.  
Siste veka har vi fått 6 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba. Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Aurland
  • Flora
  • Høyanger
  • Olden
  • Sogndal
  • Vik
Siste veka har desse lokalforeiningane fått til saman 10 nye medlemmar. Gratulerer!
  • Askvoll
  • Aurland
  • Balestrand
  • Flora
  • Gulen
  • Naustdal
  • Sogndal
  •  

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:


Kveik: 21.-23. oktober

Sjå heile kalendaren her.


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev for hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Dronegruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps på øving. 
 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
John frå Gaupne var ein av fleire deltakarar som fekk sitte på med Hjelpekorpset sine scooterar denne dagen. 
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!