Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 42 byr på:

  • Velkomen til Kveik!
  • Røde Kors-skulen -Onsdagswebinar
  • Kurs i Kvalifisert tauredning i Askvoll
  • Vekas frivillig: Sunniva Kristiansen Buset
  • 5 nye aktivitetsønske, 18 nye medlemmar i Diba

Velkomen til Kveik! 

Vi ser fram til å sjå mange av dykk på Kveik i helga!

Er du påmeldt på Kveik skal du har fått ein SMS med info om kva kurs du skal delta på. 

Det fulle programmet finn de her: https://www.rodekors.no/kveik

Kursa: Kva betyr krigen i Ukraina for oss og for verda? - sett frå ein humanitær ståstad og Trygg foran andre - kurs i presentasjonsteknikk med Torbjørn Vereide har vi opna opp for alle, også folk utanfor Røde Kors. Det er framleis mogeleg å hive seg med på desse kursa. Kjenner du nokon som desse kursa kan dere nyttige for, tips dei gjerne. Kursa ligg ute på vår Facebook-side. https://www.facebook.com/sfrodekors


For spørsmål kontakt Rune Rajendram: rune.rajendram@redcross.no

Røde Kors-skulen - Onsdagswebinar 

Onsdagswebinara er ein arena for erfaringsutveksling og gjensidig læring for kurshaldarar og andre som tilrettelegger for læring i Røde Kors. Fokus er på felles verktøy og utrulling av kurs.   

Lenke til onsdagsvebinara finn du her: Røde Kors-skolen - Onsdagswebinarer 

VEKE 43 26. okt - Personvern - GDPR opplæring - ny e-læring for frivillige ledere

  • kl. 13:30-15:00 Kurskode #64325
  • kl. 19:30-21:00 Kurskode #64326

VEKE 44 2. nov - Grunnkurs organisasjon - en gjennomgang av nytt og revidert kurs
 

Kontakt Margrethe Skåden for spørsmål: margrethe.skaden@redcross.no 

 

Kurs i Kvalifisert tauredning i Askvoll

Seks deltakarar har gjennomgått kurs i Kvalifisert Tauredning i Askvoll. I regn og vind firte dei seg ned og heiste opp att markør Marit Solveig Nedrebø ved hjelp av ein forholds vis enkel og sikker tauoperasjon. Kursholdar var Kjetil Høidal.

På bilete f.v: Arne Vårdal, Trine Selvik, Anna Rock, Tor Selvik, Kjetil Høidal, Vigdis Flaten Kvamme og Åsmund Langeland.

Gratulerer til deltakarane og til Askvoll Røde Kors som no har kompetanse på tauredning!

Vekas frivillig: Sunniva Kristiansen Buset

 - Eg lærer meg å gje ansvar og å ta ansvar sjølv. Det må ein jo lære seg, det er ikkje noko ein er født med, seier Sunniva Kristiansen Buset om å vere leiar for Svelgen og Bremanger Røde Kors Ung.  

Allereie som 12-åring vart Sunniva engasjert i Røde Kors og ho hadde ikkje vore med i så mange år før ho tok på seg ansvar. 

- Eg var først med i Røff i Svelgen og så var eg med på nokon fylkestreff og der vart eg inspirert til å bli med å gjere ein innsats, seier Sunniva.  

Sunniva vart etterkvart junior-veileder i Røff, og som ung veileder kan ein verte møtt med utfordringar.

- Ungdommane vil ikkje alltid høyre på dei som ikkje er så veldig mykje eldre enn dei. Så det kan vere krevjande og du må setje deg i respekt for å bli høyrt, fortel Sunniva. 
 
På vidaregåande skule tok Sunniva barne- og ungdomsarbeidarfag og erfaringa ho får gjennom Røde Kors er nyttig og kan vere fin å ta med seg til dømes når ho skal søke læreplass. 

- Det at eg starta såpass tidleg med å vere med i Røff og med å veilede der, gjer at eg har lært korleis eg skal oppføre meg med barn og unge. Det er mykje eg kan ta med meg inn i yrkeslivet, seier Sunniva.   

Kunnskapen og erfaringa frå Røff kjem også godt med når Sunniva etterkvart skal få tatt kursa som trengs for å bli hjelpekorpsar. 

- Eg har ein draum om å få vere med i hjelpekorpset og håpar på å få begynne å ta kursa som trengs snart, seier Sunniva.    

Enn så lenge har Sunniva nok av arbeid med Røff og Røde Kors Ung. Sunniva og resten av styret i Svelgen og Bremanger Røde Kors Ung har brukt haustferien på å male eit lokale i Røde Kors-huset. Dei såg eit behov i bygda, og dei fekk ein idé. 

- Vi skal starte opp Treffpunkt for lærlingar som kan vere ganske einsame her i bygda. Dei kjenner jo ikkje så mange når dei kjem til ei lita bygd for å vere læring, og her skjer ikkje så mykje. Formålet er at dei skal bli kjent med kvarandre og ha ein plass å møtast, seier Sunniva.    

Det å hjelpe andre er Sunniva sin motivasjon for å drive med frivillig arbeid. 

- Det å vere med å fylle andre sin kvardag gjev meg mykje. Eg vert glad av å sjå at vi kan glede andre. Det er noko eg brenn for og som eg likar å gjere, seier Sunniva.   
 
Siste veka har vi fått 5 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba! Gratulerer! Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Aurland
  • Førde
  • Sogndal
  • Vik
Vervekonkurransen er i gong og siste veka har desse lokalforeiningane fått til saman 18 nye medlemmar! Gratulerer!
  • Askvoll
  • Førde
  • Gloppen
  • Leikanger
  • Naustdal
  • Sogndal
  • Svelgen-Bremanger
  • Vik

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:


Kveik: 21.-23. oktober

Sjå heile kalendaren her.


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev for hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Dronegruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps på øving. 
 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!