Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 46 byr på:

  • Overflateredning i Florø søndag 8. januar 2023
  • Framleis ledige plassar på Finsekurset 2023
  • Blir brukarkontoen din låst? 
  • Vi treng deg som vil ta imot og gje nye frivillige ein god start
  • Inforbrev for hjelpekorps
  • Mangeårige besøksvener heidra med eldsjelpris
  • Vekas frivillig: Denice van Dijken
  • 10 nye aktivitetsønske, 11 nye medlemmar i Diba

Overflateredning i Florø
søndag 8.januar 2023 

Flora Røde Kors Hjelpekorps inviterer til eksternt kurs i overflateredning med instruktør frå Hode Over Vann. 

Kurset er på 1 dag med overflateredning kombinert med bruk av Rescuerunner og vasscooter. 

Ca. tidsrom 08:00 til 17:00. 

E-læring sendes ut i forkant av kurset og det er bindande påmelding. 

Tema blir: Farer, påkledning, nedkjøling, prosedyrer, metoder, Aquasaver, RDC, hansabrett, gummibåt og liknande hjelpemidler. Leiing, søketeknikkar, førstehjelp HLR og hypotermi er også temaer. 

Målgrupper: Alle som jobber ved og i vann, brannvesen, Røde Kors, redningsmenn, m.m.  

Minimumskrav for Røde Kors er KSJØ eller tilsvarande kompetanse. 

Påmeldingsfrist, 30.desember 

Korpsleiar i Flora RKH, Torbjørn Ryland Steinholm er kontaktperson for ytterlegare spørsmål og informasjon samt påmelding. 

Framleis ledige plassar på Finsekurset 2023! 

Finsekurset er eit aksjonsleiarkurs som har blitt arrangert av Røde Kors Hjelpekorps sidan 1959. Kurset har utvikla seg gjennom åra i takt med endring av metodar, nye verktøy og som følge av auka krav og forventningar til den frivillige redningstenesta. 
 
Kursdeltakarar er leiarar i Røde Kors Hjelpekorps som skal leie mannskap under krevjande forhold. Det er også opent for andre aktørar i den frivillige og profesjonelle redningstenesta 
 
Kursstart: 25.02.23 
Påmeldingsfrist: 25.11.2022  
 
Påmelding for frivillige i Røde Kors: http://ressurs.redcross.no (velg kurs ID 63904).  
 
For spørsmål ta kontakt med Cathrine Kristiansen Heggø: cathrine.kristiansen.heggo@redcross.no 

Blir brukarkontoen din låst? 

Opplev du at Røde Kors-brukarkontoen din blir låst på grunn av “mange mislykkede påloggingsforsøk”? 

Det er “bots” frå rundt om i verda som prøver å komme seg inn på brukarkontoane våre. Dei brukar ulike passord på e-postadressane våre for å få tilgang til kontoen. Kontoen blir låst etter fem forsøk med feil passord. Difor vil enkelte oppleve at brukarkontoen blir låst.  

Røde Kors har sett i gang tiltak for å begrense dette og vi håpar å få på plass ei endeleg løysing på dette 1. desember. 

Hugs at alle kan få hjelp med pålogging med å ta kontakt med Frivilligservice mandag til fredag kl. 12-15 og 17-20. Telefon: 22 05 40 00 (tastevalg 3 ). E-post: frivilligservice@redcross.no 

Vi treng deg som vil ta imot og gje nye frivillige ein god start 

Bli med på onsdagswebinar 16. eller 23. november og få ein gjennomgang av Startkurset og den praktiske øvinga i førstehjelp for kurshaldarar og instruktørar, og dei som elles er interesserte. 

Påmelding i kurskatalogen

Onsdag 23. november  kl. 13:30-15:00 Kurskode #64985 

eller kl. 19:30-21:00 Kurskode #65001 

Onsdagswebinara er for deg som er eller ynskjer å bli kurshaldar på Startkurset eller instruktør på den praktiske øvinga i førstehjelp, og deg som ynskjer å bidra til at nye frivillige får ein god start i dykkar lokale Røde Kors.

Onsdagswebinara kan vere nyttig også for deg som er lokalforeiningsleiar, tilsatt tilretteleggar eller mottaksansvarleg. 

De vil få ein gjennomgang av kursmaterialet og korleis de kan nytte og tilpasse materialet slik at nye frivillige får ein varm velkomst til dykkar lokale Røde Kors. 

For spørsmål kontakt
Margrethe Skåden 
Tiletteleggar for opplæring og oppfølging av frivillige

Les Infobrev for hjelpekorps

Mangeårige besøksvener heidra med eldsjelpris


Åslaug Brudevoll (89) og Kjellaug Ulltang (98) mottok Sunnfjord kommune sin Eldsjelpris for sitt frivillige arbeid i Besøkstenesta i Førde Røde Kors.

- Åslaug og Kjellaug står som to gode representantar for alle dei kvinnene som gjennom mange tiår har ytt ein svært stor innsats for eldre og einslege i kommunen, sa ordførar Jenny Følling, då ho delte ut prisen på kommunestyremøte i Førdehuset i dag.

Til ståande applaus mottok dei to eldsjelene eit diplom og ei pengegåve. 

- I besøkstenesta har dei vore svært aktive. Veke etter veke og år etter år har dei gjennom sitt viktige, aktive, stillfarande engasjement og arbeid hjelpt mange til ein betre kvardag og ein betre alderdom, sa Følling då ho gav si grunngjeving for kvifor desse damene var valt ut til å motta pris.

Les meir her: https://www.rodekors.no/lokalforeninger/sogn-og-fjordane/om/aktuelt-og-nyhende/2022/eldsjelpris/
 

Vekas frivillig: Denice van Dijken 


- Relasjonane eg har klart å skape gjennom Røde Kors har hjelpt meg til å forme meg sjølv, seier Denice van Dijken.  

Denice vart med i Røff då Svelgen-Bremanger Røde Kors starta opp med aktiviteten i 2017. 

- Det gav meg mogelegheit til å lære meir om friluftsliv som eg likar ekstremt godt og om førstehjelp som er mitt interesseområde, seier Denice.    

I Røff blir ein utfordra på å samarbeide om ulike oppgåver, og ein vert fort kjent med dei andre deltakarane. 

- I Røff arbeidar man saman i eit team og kjerna i eit Røff-lag er å kunne kommunisere, fortel Denice. 
 
Gjennom Røde Kors har Denice ikkje berre fått høve til å bli kjent med andre, men også seg sjølv. Landsleirane har vore spesielt viktige for Denice. 

- Landsleiren gav meg eit heilt nytt perspektiv og ein verdi i livet, både folka som var der og heile stemninga på leiren. Det var måten det var bygd opp og måten ein møtte nye folk på, og dei som styrte leiren var opne for å snakke om ting som var vanskeleg, fortel Denice.   

Denice har fått gode vennskap på Landsleir. Når ein kjem frå ein liten plass er det fint å komme seg vekk litt for å møte nye folk som ein har noko til felles med. Denice har flytta på hybel i Tromsø saman med ei som ho vart kjent med på leir. 

- Det var generelt veldig fint å kunne vere med folk og å kunne vere sosial. Eg var veldig innestengt før. Leirane gav meg eit innblikk i det å vere sosial, det å møte folk og å snakke om ting du har til felles med andre, seier Denice.   

Denice tykkjer at det er synd at Landleirane er lagt ned, men er glad vi har Fylkestreff i Sogn og Fjordane. I haust var Denice frivillig på Fylkestreff for første gang. Det er noko ho har hatt lyst til lenge. Ho ynskja å gje barn og unge den same opplevinga som ho sjølv har hatt på leir, samt å lære vidare den kunnskapen ho har fått gjennom Røff og ved å sjølv vere deltakar på Fylkestreff.

- Det var ein heilt fantastisk opplevelse! Ein lære utruleg mykje første gang ein er frivillig. Det er ikkje alltid det går som du vil, men ein lærer mykje av å sjå korleis ungane handterar dei ulike oppgåvene, fortel Denice.  

Engasjementet til Denice stoppar ikkje der. Ein lærar ho hadde i Svelgen, som også var med i hjelpekorpset, tok Denice med som medinstruktør på oppfriskningskurs i førstehjelp. Den opplevinga og den tidlegare læraren har inspirert ho til å ville gjere meir og til å ville utdanne seg til å bli hjelpekorpsar.  

- No som eg har byrja på studentlivet ser eg at eg har litt tid til overs, og den tida har eg lyst til å bruke i Røde Kors, avsluttar Denice.   
 
Siste veka har vi fått 10 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba! Gratulerer! Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Sogndal
  • Vik 
  • Årdal i Sogn
Den siste veka har desse lokalforeiningane fått til saman 11 nye medlemmar!! Gratulerer!!
  • Askvoll
  • Førde
  • Høyanger
  • Olden 
  • Stryn 
  • Vik

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev til hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Dronegruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps på øving. 
 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!