Copy
Denne e-posten inneheld informasjon frå Sogn og Fjordane Røde Kors til tillitsvalde i distriktet. Du mottek e-posten fordi du er registrert med eit verv, eller fordi du eller ein kollega i Røde Kors har meldt deg på. Les denne e-posten i nettlesaren!
logo

Agenda veke 45 byr på:

  • Auka beredskap i høve store nedbørsmengder
  • Tid for julebrev
  • Blomar til besøkstenesta
  • Refusjon av tildelte midlar for 2022
  • Vi treng fleire gode, trygge kurshaldarar og instruktørar
  • Røde Kors-skulen - Onsdagswebinar
  • Vekas frivillig: Ank de Jong
  • 8 nye aktivitetsønske, 7 nye medlemmar i Diba

Auka beredskap i høve store nedbørsmengder


I samband med at NVE har oppgradert til rødt farevarsel for flom i dei områda som er venta å få mest nedbør (sjå kart henta frå varsom.no), har vi auka vårt beredskapsnivå til gult.

Det innebere at vi er i kontakt med statsforvalter, vi har jevnlege møter i distriktsstyret og vi følger med på situasjonen. Leiar og nestleiar i lokale ledd er også varsla.

Vi oppmodar om å følge med status for vêr- og flaumtilhøve på vegvesen.no og varsom.no.

Flaumtilhøva er venta å avta laurdag formiddag. 

Tid for julebrev

God medlemspleie er viktig for å halde på flest mogleg av medlemmane i lokalforeininga. Eit av dei små grepa som har vorte tradisjon er «nyheitsbrevet», eller «julebrevet», der de trekkjer fram noko av det de har gjort det siste året. Med andre ord, kva støtta til medlemmane faktisk er med på å mogleggjere. 

Dette julebrevet blir lagt ved medlemskontingenten for 2023, og gir mottakar eit ekstra insentiv til å halde fram medlemskapet sitt. 
 

Frist for å sende inn julebrev er tysdag 29. november 2022. 

Send julebrevet til rune.rajendram@redcross.no, så tek eg meg av logistikken inn mot nasjonalkontret. Bruk mal for lokalforeningsbrev hovedfaktureringen (Word).  

Eit godt råd: gjer det enkelt!  

Blomar til besøkstenesta


Distriktet har, som i 2021 midlar til overs som kan nyttast til Besøkstenesta. Vi tilbyr difor alle lokalforeiningar i Sogn og Fjordane å kjøpe blomar til aleinebuande og/eller til aldersheim/omsorgssenter til jul. Vi kan tilby kvar lokalforeining inntil 5000,- til dette.

Lokalforeninga legg i så fall ut for blomane og kan sende refusjonskrav og bilag til distriktet for tilbakebetaling. Om man ynskjer å gje noko anna enn blomar er dette mogleg å få til. Send ein e-post til Jon Thomsen, jon.langeland.thomsen@redcross.no, om det er av interesse.  
Refusjonskrav med bilag må sendast på e-post innan torsdag 22. desember.

Refusjon av tildelte midler for 2022 

Har lokalforeininga fått tildelt midler gjennom Søknadsportalen eller direkte frå distriktet for 2022? I så fall må de hugse på kreve refusjon frå distriktet for utgiftene de har hatt til dei ulike aktivitetane. 

Skjema finn de under ‘Andre malar’ her: https://norgesrdekors.sharepoint.com/sites/DK-Sogn-og-Fjordane/SitePages/Malar-og-rettleiingar-for-lokale-ledd.aspx 

Bankkontonummeret de skal ha pengane inn på må vere hovudnummeret til lokalforeinga. Vi ber om at de sender inn refusjonskrava så snart som råd og i god tid før jul.  Sjå meir om dette på Korsveien: Søknadsportalen: Informasjon og brukerveiledninger for lokalforeningene (sharepoint.com)

Dersom de lurer på noko rundt det å lage refusjonskrav, ta kontakt med kontormedarbeidar Irene Grøneng på distriktskontoret, irene.groneng@redcross.no  

Vi treng fleire gode, trygge kurshaldarar og instruktørar  


For å gje frivillige ein god start, og sikre at vi har kompetente frivillige i aktivitet, treng vi fleire gode, trygge kurshaldarar.  

Kanskjer er du kurshaldar, instruktør eller rettleiar på kurs, men manglar pedagogikken? No har du sjansen. 

Røde Kors-skulen set opp eit nasjonalt og digitalt opplæringsløp i november:  

Påmelding i kurskatalogen:  

Dei skal få øve på eigen presentasjonsteknikk og i å gje kvarandre tilbakemeldingar. Vi tilrår at det følgast opp med praksistrening lokalt.  

Dette er ei gjennomføring av fagbolkane. Det vil vere noko forarbeid, og ei oppgåve mellom dei to kurssamlingane 17. og 24. november.  

Dei digitale pedagogikk- og presentasjonsteknikk-kursa er eit supplement til dei fysiske kursa.  

Undervisningspraksisen gjennomførast lokalt. Vi tilrår at undervisningspraksisen gjennomførast fysisk, med mindre det handlar om å gje opplæring til kurshaldarar som skal halde webinar. 
 
For spørsmål, kontakt Margrethe Skåden, tilrettelegger opplæring 

Røde Kors-skulen - Onsdagswebinar 

Onsdagswebinara er ein arena for erfaringsutveksling og gjensidig læring for kurshaldarar og andre som tilrettelegger for læring i Røde Kors. Fokus er på felles verktøy og utrulling av kurs.   

Det er mange som ynskjer å halde startkurset med praktisk øvelse for alle nye frivillige, då kan ein nytte sjansen her: 

Startkursholderkurs:
16.nov. kl. 13:30 kurskode # 64932 
23.nov. kl. 13.30 kurskode # 64985 og kl.19.30 kurskode # 65001 

Søk onsdagswebinar i ressurssystemet, så kjem dei opp For spørsmål, kontakt Margrethe Skåden, tilrettelegger opplæring 

 

Kontakt Margrethe Skåden for spørsmål: margrethe.skaden@redcross.no 

 

Vekas frivillig: Ank de Jong


- Det å kunne vere til hjelp om det er naudsynt kjennast godt, seier Ank de Jong. 
 
Ank er med i det ganske ferske, men etterkvart så store hjelpekorspet til Askvoll Røde Kors.  

- Eg har lenge ynskt å vere med i hjelpekorpset, men så var det ingen hjelpekorps her. Og tidlegare då det var hjelpekorps, passa det dårleg fordi eg hadde små ungar og ein mann som hadde jobb med vaktordning. Men så heiv eg meg med no når dei starta oppatt, fortel Ank.  

Ank har teke dei grunnleggande kursa, førstehjelpskurs, kurs i søk og redning og i samband, og i tillegg har ho teke kurs i sjøredning.  

- Vi bur jo nær sjøen, og vi har hatt nokon situasjonar som har synt oss at vi trenge den kunnskapen, seier Ank. 

Ank trekk fram samhaldet og det sosiale som ein av årsakene til at ho er frivillig i Røde Kors. 

- Det er eit fint samhald i korpset, det er ein entusiastisk gjeng som er gira på å ta vidareutdanning og å utvikle seg. Entusiasmen smittar over på alle, fortel Ank.  

Dette vert lagt merke til i lokalsamfunnet. Ank opplev at folk er positive til Røde Kors i Askvoll. 

- Vi har nyleg hatt vervingskampanje og eg opplevde at det var veldig lett å verve folk som nye medlemmar. Folk sa, dette er ei viktig sak, den har eg lyst å støtte, fortel Ank. 

Ank er i periodar i Nederland, der ho kjem frå, og er dermed ikkje alltid med når det skjer noko i Askvoll. Ho har tenkt på andre måtar ho kan nytte kunnskapen og engasjementet sitt, som til dømes å halde førstehjelpskurs i skulen. Ho har også byrja snuse litt på kva det lokale Røde Kors i Nederland held på med av aktivitetar. 

- Dei har til dømes utdanna ein del på sykkel, slik at når dei er sanitetsvakt på festivalar kan dei komme seg fortare fram. Eg trur ikkje eg skal vere med i den gjengen der, ler Ank. 

Det står ikkje på førstehjelpskunnskapen. Ank kunne ein del førstehjelp frå før, men i hjelpekorpset er det satt meir i system.

- Eg var alltid usikker på om eg kunne nok. Eg merkar godt på korpskveldane kor viktig det er å øve. Nokon kan meir om noko, og nokon kan meir om noko anna, så då er det jo greit at vi gjer det saman og lærer av kvarandre, seier Ank.   

Ank sitt engasjement stoppar ikkje med hjelpekorps og med førstehjelp. Ho er imponert over arbeidet Omsorg i Askvoll gjer og ho ser ikkje vekk i frå at ho ein gang blir med der. Og det er ingen tvil om kvifor ho ynskjer å vere med. 

- Eg er med i Røde Kors fordi eg ynskjer å bidra til eit godt samfunn, avsluttar Ank.  
 
 
Siste veka har vi fått 8 nye aktivitetsynskje i medlemsregisteret Diba! Gratulerer! Sjå steg-for-steg-rettleiing for å finne nye aktivitetsynskje i Diba.
  • Flora
  • Førde
  • Høyanger
  • Sogndal
  • Stryn
  • Svelgen-Bremanger
Den siste veka har desse lokalforeiningane fått til samannye medlemmar!! Gratulerer!!
  • Askvoll
  • Flora
  • Stryn

Distriktskontoret

Distriktskontoret har adresse Langebruvegen 28 i Førde.
Opningstid er mandag til fredag 09-15.

Her er kontaktinformasjon til tilsette og distriktsleiinga.

Sentralbord: 2205 4000, e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no

Viktige datoar:


ANDRE NYHEITSBREV



Les siste Ukesnytt

Les siste Omsorgsnytt

Les siste Inforbrev for hjelpekorps

Les siste Røde Kors Ungdom nyhetsbrev 

 

Grunnopplæring Hjelpekorps

For å få godkjenning som hjelpekorpsar som kam delta på aksjon, treng nye frivillige god opplæring. 
Her er oversikt over opplæringa ein må igjennom for å kunne delta i søk og redning.
Info og påmelding

Kurskatalog hjelpekorps

Her finn du planlagde fagsamlingar og kurs.
For å delta på desse må du ha gjennomført grunnopplæringa i hjelpekorpset. Avklar med di lokale korpsleiing før du melder deg på.
Info og påmelding

Oversikt over samlingar og kurs knytt til organisasjonsdrift, beredskap, rekruttering og førstehjelp. 

Her vil du til ein kvar tid finne tilbod om møte og samlingar der du får oppdatert kunnskap om aktuelle tema knytt til over nemnde fagområde, og om kurs mynta på frivillige som er engasjert på desse felta i lokale ledd.

Info og påmelding

Slik kjem du deg inn på Korsvegen 


A R K I V


 
Dronegruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps på øving. 
 
Ferie for alle 2022. Foto og klipp: Jostein Vedvik
Røde Kors-året 2021 var på mange måtar prega av pandemi og nedstenging, men samstundes har vi gjennomført mange ulike aktivitetar og bidrege til å redde liv, til trygg oppvekst og til liv i verdigheit.

Sjå litt av vår innsats i 2021 her!

Foto og klipp: Henning A. Hellebust
Del denne utgåva av Agenda Del denne utgåva av Agenda
Twitter
Facebook
rodekors.no/sfj
YouTube
Instagram
Email
Denne informasjonen vert sendt ut frå distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde.
Kontaktinformasjon til alle tilsette, distriktsleiar, nestleiar og d-rådsleirarar.

Redaktør for Agenda er Lene Sørøy Neverdal.
Send gjerne kommentarar, spørsmål eller tips!


Får du ikkje Agenda? MELD DEG PÅ HER!

Vil du endre på korleis du tek imot desse e-postane?
Du kan oppdatere dine innstillingar eller slette deg frå lista..
Les Agenda-arkivet her!