Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 15 - 2022

Denne veka kan du lese om EU-forslag om karbonopptak, avskogingsreglar, frykt for C02-avgift og auka EU-import frå Ukraina, og om australske bønder som vil ha betre lokal matsikkerheit.

God helg!

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

EU-forslag om karbonopptak
EU-Kommisjonen har kome med forslag til sertifisering av kolopptak. Forslaget skal bidra til at EU blir karbonnøytral innan 2050. I forslaget standardiserer Kommisjonen metodar aktørar kan bruke for få godkjent minska klimautslepp gjennom CO2-opptak. Dei fire kriteria som skal brukast er at det skal vere mogleg å kvantifisere opptaket av CO2, tiltaka må gå lenger enn praksis og lovpålagde krav, lagringa må vere langsiktig og tiltaka må bidra til andre berekraftsmål som biodiversitet og klimatilpassing. Tiltaka som er venta å bli brukt er tiltak for å auke opptak av CO2 i jord og skog. Forslaget er på høyring fram til 26.januar (LRF/Politico/Kommisjonen).
 
Formell forlenging av glyfosat-unntak
EU-kommisjonen har no som venta formelt forlenga unntaket for bruk av glyfosat fram til desember 2023, iføglje AgraFacts. Godkjenning gjaldt berre fram til 15.desember i år. Men Kommisjonen ventar på ein rapport om saka som tek lenger tid enn venta og vil difor forlenge godkjenninga. Medlemslanda klarte ikkje å samle seg om eit kvalifisert fleirtal verken for eller imot, og difor var det opp til Kommisjonen å bestemme.
 
EU-rådet og Parlamentet samde om avskogingsreglar
Rådet og Parlamentet i EU vart denne veka samde om ei førebels avtale om stopp i import av produkt som fører til avskoging. Avtala må no godkjennast formelt i dei to organa. Forslaget kom frå Kommisjonen for eit år sidan. No har dei som plasserer produkt frå storfe, tømmer, kaffi, kakao, gummi og soya på EU-marknaden ansvar for at dei ikkje fører til avskoging. Det same gjeld avleiar produkt som sjokolade, møblar, papir og utvalde produkt frå palmeolje. Det vil bli ei revidering etter to år, der ein skal vurdere om fleire produkt skal inkluderast. Avtala betyr at alle produkt som er seld på EU-marknaden, eller produsert eller eksportert etter 31.desember 2020 må vere produsert på areal som ikkje har vore utsett for avskoging eller skogdegradering. Landbruksnæringa er i stor grad positiv til avtala, og særleg glad for at mais ikkje vart med på lista. Miljøorganisasjonane er også nøgde, men ville gjerne hatt fleire produkt på lista (AgrFacts).
 
EUs landbrukskommissær vil revurdere tollfridom frå Ukraina
I ein tale til det polske parlamentet sa EUs polske landbrukskommissær Janusz Wojciechowski denne veka at toll mot Ukraina for enkelte produkt må revurderast. EU innførte tollfridom for Ukraina, noko som har skapt problem for EU-bønder. Landbrukskommissæren nemner spesielt mais, raps og kylling som i store mengder har blitt importert til land som Polen, Bulgaria og Romania og skapt problem for lokal produksjon. Sjølv om det er sjølvsagt at ein skal hjelpe, krevst det visse importrestriksjonar. Fritaket gjeld til juni 2023. Kommisjonen analyserer no moglegheiter for forlenging (LRF Brysselnytt/Politico).
 
EU-parlamentet vil nedgradere vern for rovdyr
Eit stort fleirtal i EU-parlamentet har stemt for å gi rovdyr svakare vern. Dette skjer etter klager frå bønder om at populasjonen har auka for raskt og blitt eit trugsmål mot husdyr. Parlamentet stemte igjennom ein resolusjon der ein ber om tiltak for å kontrollere polulasjonen betre. Bonde- og samvirkeparaplyen Copa-Cogeca er nøgde med vedtaket, medan WWF meiner vedtaket underminerer vernet til dei store rovdyra, ifølgje AgraFacts.
 
Matindustrien kritisk til nye emballasjekrav i EU
EU-kommisjonen har foreslått strengare regulering for emballasje. Målet er å redusere, gjenbruke og resirkulere meir. Matindustrien meiner regelverket gjer det umogleg for dei å operere i marknaden. Miljøorganisasjonar meiner på si side at regelverket er altfor utvatna. Kvar EU-borgar genererer nesten 180 kg emballasjeavfall i året. Målet er å få emballasjeavfall per innbyggar med 5% innan 2030 og 15% innan 2040, samanlikna med 2040. Det er konkrete krav på ulike sektorar, inkludert drikke, take-away og transport. 20% av drikkebegra frå take-away skal t.d. vere del av ombrukssystem innan 2030, ifølgje Miljødirektoratet.
 
Danske bønder fryktar økonomisk konkurs med C02-avgift
- Mine kollegaer og eg blir økonomisk henretta som følgje av C02-avgifta på landbruket, seier bonde Ulrich Rasmussen på Fyn til Landbrugsavisen. Han fryktar millionrekning som følgje av den planlagde C02-avgifta på landbruket. Nyleg fekk han laga eit reknestykke over kor stor C02-avgift han måtte betale med sin produksjon på 1300 purker og 385 hektar plantereal. Grisen står for 70% av klimaavtrykket på garden.
 
Ulveangrep mot sau i Nord-Tyskland
14 sauer vart drepne og skambitne i eit ulveangrep i Nord-Tyskland i slutten av november. Det viste DNA-analyser som vart frigivne denne veka, ifølgje Landbrugsavisen. Det er ein ulv som har stått for angrepa. Dei fleste bøndene i dette området har ikkje fjøs eller vinterfôr for sauene. Den fyrste ulven i nyare tid viste seg i Slesvig-Holsten i 2007.
 
Landbruket i Ukraina har tapt 280 mrd på krigen
Ukrainske styresmakter anslår at landbrukssektoren har tapt rundt 40 milliardar dollar eller 280 millardar danske kroner på krigen, melder Landbrugsavisen. Landbruket står vanlegvis for 17% av landets BNP og 40% av innteninga av utanlandsk valuta. I tillegg til kornsektoren er også griseproduksjonen hardt ramma, med ein nedgang på 13-15%. Dette skuldast m.a. bombingar. Det har også vore tap på landbruksmaskiner på rundt 20 milliardar danske kroner.
 
CO2-nøytralt grisekjøt frå Nederland
Det nederlandske samvirkeselskapet Agrifirm har ifølgje Landbrugsavisen lansert eit sertifisert CO2-nøytralt grisekjøt. Grisen har berre fått lokalt produsert fôr, bedrifta går på solcelle og biogass og resten av CO2-utsleppa blir utlikna gjennom å investere i eit klimaprosjekt med såkalla Verified Carbon Standard.
 
Schiphol kjøper ut bønder for møte nitrogenkrav
Schipol-gruppa i Nederland har kjøpt ut ei rekke husdyrbønder for å få nok plass og utsleppsrettar til å sleppe ut meir nitrogen for drive Schiphol og Lelystad flyplassar, ifølgje Euractiv. Kravet om 50-70% kutt i nitrogenutsleppa som lenge har fått dei nederlandske bøndene til å marsjere i gatene rammar også flyplass-giganten. No prøver dei bøte på problemet med å kjøpe ut bønder. Men både bøndene og regjeringa meiner dei har fyrsteretten til å kjøpe utsleppsrettar. Nyleg kjøpte regjeringa ut bønder for å utbetre ein veg. Det raudgrøne partiet kallar det nitrogen-ran, og vil ta det opp i Parlamentet.
 
Matindustrien i Australia ber om matsikkerheitsplan
Ein koalisjon av aktørar i den australske verdikjeda for mat, inkludert Bondelaget, ber om ein plan for å betre matsikkerheita i Australia. Sjølv om Australia kan brødfø 77 millionar menneske har pandemi, globale konfliktar og handelskonfliktar eksponert kor sårbar den australske verdikjeda for mat er, meiner koalisjonen. Australia har opplevd tomme butikkhyller og redusert utval og svært ustabile prisar. Frukt og grønt har til dømes gått opp 19% frå august i fjor til august i år. 21% av hushalda i Australia har hatt for dårleg tilgang på mat siste året. Koalisjonen peikar på forskingsresultat som viser mange sosiale og økonomiske fordelar ved ei meir effektiv, berekraftig og sjølvforsynt nasjonal verdikjede.
 
New Zealand vil innføre C02-avgift på landbruket
Eit stort fleirtal i New Zealands parlament går inn for å innføre C02-avgift på landbruket, ifølgje Landbrugsavisen. Endeleg plan er venta over nyttår. Dette skjer trass i 100 000 underskrifter imot. Bønder i organisasjonen Groundswell NZ meiner dette vil føre til at kvar femte bonde risikerer å gå konkurs. Landbruket har i tre år delteke i eit fellesprosjekt om skattelegging av utsleppa, men kjenner seg no overkøyrde av regjeringa. Ein instans utpeika av regjeringa skal fastsette det årlege avgiftsnivået. Det er 10 millionar kyr, 26 millionar sauer, 50 000 bønder og 5 millionar innbyggarar på New Zealand. Halvparten av klimagassutsleppa kjem frå landbruket. Innan utgangen av 2022 må alle bøndene kunne dokumentere samla årlege utslepp av drivhusgassar og innan 2025 ha skriftleg plan for å styre og måle utsleppa.
 
Noreg vann stål- og aluminiumssak mot USA i WTO
Trump-administrasjonen innførte i 2018 toll på stål og aluminium. Nokre allierte av USA fekk unntak for tollen, men det gjaldt ikkje Noreg. WTO-panelet fastslår i sin rapport at tollen bryt med WTO-regelverket. Fleire andre WTO-land, som EU, Kina, India, Russland, Sveits og Tyrkia har også gått til sak mot USA om same tollen. Det er venta at det kjem dom i desse sakene før jul. Det er i skrivande stund ikkje kome reaksjonar frå den amerikanske administrasjonen i saka (Reuters/Washington Trade Daily).
 
EU ber om WTO-panelsaker mot Kina
EU har bedt Verdas Handelsorganisasjon (WTO) starte panelsak mot Kina i to saker: Den eine dreier seg om importrestriksjonar mot Litauen, den andre om patentar. Kina stoppa m.a. import av alkohol, storfe og meieriprodukt frå Litauen grunna med fytosanitære forhold. I tillegg vart import frå produkt med delkomponentar frå Litauen stoppa. WTO vil ta opp sakene i sitt neste møte i tvisteløysingsorganet 20.desember (AgraFacts).
 
WTO diskuterer matsikkerheit
Verdas Handelsorganisasjon (WTO) inviterte denne veka til debatt om matsikkerheit. WTO meiner handelsreglane er viktige for å nå betre matsikkerheit, og oppmodar medlemmene til å avstå frå eksportrestriksjonar og til å promotere frihandel. Visegeneraldirektør Anabel Gonzales i WTO understreka kor viktig det er å halde fram reformprosessen i WTO på landbruksområdet med m.a. å tette gapet mellom faktisk brukt og tillate bruk av støtte og toll, og å gjere noko med såkalla ikkje-handelsmessige tollbarrierar. Samtidig hadde landbrukskomiteen i WTO si arbeidsgruppe for matsikkerheit møte denne veka. Der sluttførte dei eit spørjeskjema til medlemmene om korleis matsikkerheit kan styrkast i dei minst utvikla landa og nettoimporterande u-land, m.a. ved meir fleksibel bruk av avtaler og avgjerder i WTO. Ein fersk rapport frå WTO viser at importrestriksjonar aukar med siste tidas kriser og økonomiske usikkerheit, særleg på mat.
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp